Innledning
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane i statsbudsjettet for 2024 mellom anna under kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, kap. 671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar, kap. 672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (Utgifter) og kap. 3672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (Inntekter).
Det blir vist til omtale i proposisjonen av dei nemnde forslaga.
I denne innstillinga blir forslaga knytte til dei nemnde kapitla handsama. Dei andre forslaga i proposisjonen blir handsama i arbeids- og sosialkomiteen.
Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.