Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2025 m.m.)

Dette dokument

Til Stortinget

1. Innledning

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen blir det fremja forslag til endringar i følgande lover:

  • Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

  • Lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse

  • Lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

  • Lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser

  • Lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere

  • Lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester

  • Lov 10. juni 2005 nr. 51 om norsk statsborgerskap

  • Lov 12. februar 2010 nr. 4 om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem

  • Lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor

  • Lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse

  • Lov 24. november 2023 nr. 83 om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (opphevelse av minstegrensen for rett til medlemskap).

Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 femte ledd kan ein unnlate å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, då dei kan vere unntatt frå offentlegheit etter offentleglova § 22. Forslaga som følger av framlegget til statsbudsjett, har derfor ikkje vore på høyring. Dei forslaga som ikkje inneber nokon realitetsendringar, har heller ikkje vore på høyring, sidan høyring av desse har blitt rekna som «åpenbart unødvendig», jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd tredje kulepunkt.

Forslaget om lovheimel for Statens pensjonskasse til å inngå avtale med andre pensjonsleverandørar om fordeling av kostnader for ny avtalefesta pensjon (AFP) i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse har heller ikkje vore på høyring. Forslaget blir likevel fremja då det er nødvendig å få på plass ein slik heimel før pensjonsutbetalingane startar frå 2025. Det vil i praksis ikkje vera mogleg å gjennomføre ei høyring av forslaget før dette, og høyring kan derfor unnlatast i samsvar med utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd første kulepunkt.

1.2 Endringar i reglane om samordning mellom dagpengar og offentleg tenestepensjon – folketrygdlova § 4-26

Som følge av forslag som er lagde fram i Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet 2025, er det nødvendig med endringar i reglane som inneber at dagpengane ikkje blir reduserte som følge av at mottakaren samtidig får utbetalt tenestepensjon frå ei pensjonsordning som er utforma i samsvar med prinsippa om nøytralt og fleksibelt uttak.

Det blir foreslått å endre reglane om samordning mellom dagpengar under arbeidsløyse og offentleg tenestepensjon. Alderspensjon og avtalefesta pensjon (AFP) frå dei offentlege tenestepensjonsordningane er no lagt om til pensjonar med fleksibelt og nøytralt uttak for dei som er født i 1963 eller seinare, på same måte som pensjonane frå dei private tenestepensjonsordningane og alderspensjonen frå folketrygda. Omlegginga gjeld likevel ikkje for dei som er omfatta av den lovfesta pensjonsordninga for apotektilsette. Dagpengane blir ikkje reduserte for dei som får utbetalingar frå private tenestepensjonsordningar. Som følge av dette bør dagpengane ikkje lenger bli reduserte når dagpengemottakarane får pensjon frå offentlege tenestepensjonsordningar som er utforma på same måte.

Sjå forslaget til endringar i folketrygdlova § 4-26 første ledd bokstav a.

Departementet foreslår at endringa tar til å gjelde 1. januar 2025.

Budsjetteffekten av å oppheve samordningsregelen mellom dagpengar og ny offentleg tenestepensjon er berekna til tilnærma null i 2025.

Endringa vil innebere ei administrativ meirbelastning for Arbeids- og velferdsetaten.

1.3 Skjermingstillegg til tidlegare mottakarar av uføretrygd

Som følge av forslag i statsbudsjettet for 2025 blir det foreslått ei utviding av kven som kan få skjermingstillegg i alderspensjonen frå folketrygda etter å ha mottatt uføretrygd ved fylte 67 år, jf. folketrygdlova § 19-9 a. Forslaget inneber å utvide skjermingsordninga til også å omfatte uføre fødd i perioden 1954 til 1962.

Det blir foreslått at prosentsatsen for desse årskulla blir sett lik prosentsatsen til 1953-kullet.

Sjå forslaget til endring av folketrygdlova § 19-9 a.

Det blir foreslått at endringane tar til å gjelde 1. januar 2025.

Samla effekt på statsbudsjettet i 2025 er anslått til 393 mill. kroner, medan dei administrative kostnadene av forslaget er anslått til 3 mill. kroner i 2025.

1.4 Overgangsordning ved oppheving av minstegrensa for rett til medlemskap i lovfesta offentleg tenestepensjonsordning

I lov 24. november 2023 nr. 83 om endringar i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover blir det foreslått ei overgangsordning ved oppheving av minstegrensa for rett til medlemskap i lovfesta offentleg tenestepensjonsordning.

Det blir foreslått at endringane tar til å gjelde straks. Endringane skjer i endringslova i saka, og endringslova kan gjelde frå 1. januar 2025. Endringane vil ikkje få nokon økonomiske konsekvensar samanlikna med gjeldande regelverk. Det er vanskeleg å anslå dei økonomiske kostnadene ved overgangsordninga for arbeidsgivarane som finansierer ordningane. Dei administrative konsekvensane inneber at pensjonsleverandørane må handtere situasjonen som eit unntak frå dei normale reglane.

1.5 Ny heimel til å gi forskrift om ytingar under deltaking i forsøk med arbeidsmarknadstiltak – arbeidsmarknadslova § 13

I arbeidsmarknadslova blir det foreslått ein ny heimel til å gi forskrift om ytingar under deltaking i forsøk med arbeidsmarknadstiltak i eit nytt fjerde ledd i § 13.

Sjå forslaget til endring av arbeidsmarknadslova § 13.

Det blir foreslått at endringane tar til å gjelde straks.

Endringa har venteleg ikkje økonomiske konsekvensar. Administrative konsekvensar vil bli handtert innanfor den gjeldande budsjettramma.

1.6 Heimel til å gi forskrift om delt pensjonsgrunnlag i lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

I lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. blir det foreslått ein heimel til å gi forskrift i lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. om delt pensjonsgrunnlag slik at reglane kan bli gjort tydelege om delt pensjonsgrunnlag. Dette gjeld tilfelle der pensjonsgrunnlaget ikkje berre skal bereknast av sluttlønna, men også av eit tidlegare pensjonsgrunnlag.

Forslaget har vore på høyring.

Sjå forslaget til endringar i lov om Statens pensjonskasse § 15 og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. § 8.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft så raskt som mogleg etter at lova er vedtatt. Forslaga har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

1.7 Pensjonsopptening for oppdragstakarar i beredskapsheim og spesialisert fosterheim med avtale med Oslo kommune

Det blir foreslått endringar i lov 12. februar 2010 nr. 4 om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem. Formålet er at oppdragstakarar i beredskapsheim eller spesialisert fosterheim med avtale med Oslo kommune også blir omfatta av lova.

Forslaget har vore på høyring.

Sjå forslaget til endringar i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem, tittelen på lova og § 1.

Det blir foreslått at medlemskapet gjeld frå 1. juli 2025.

Det vil i revidert nasjonalbudsjett for 2025 bli fremma forslag om statleg dekning av netto meirutgifter som er knytt til oppteninga. Medlemskap i Statens pensjonskasse for oppdragstakarar i Oslo kommune har i lita grad administrative konsekvensar.

1.8 Presiseringar knytt til innføringa av nye reglar om offentleg AFP for dei som er fødde i 1963 eller seinare

Det blir foreslått endringar i lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse. Endringane gjeld presiseringar knytt til innføringa av nye reglar om offentleg AFP for dei som er fødde i 1963 eller seinare.

Forslaget har vore på høyring.

Sjå forslaget til ny § 13 sjuande ledd i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse.

Sjå forslaget til endringar i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse § 7, § 8 og § 9.

Sjå lovforslaget, lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse § 13.

Ny AFP får verknad frå 1. januar 2025. Dei tidlegare lovendringane er trådd i kraft frå 1. oktober 2024 av omsyn til Statens pensjonskasse si administrering av ordninga, og det blir foreslått at endringane no trer i kraft straks og blir gitt verknad frå 1. oktober 2024.

Forslaget vil ikkje medføre økonomiske eller administrative konsekvensar utover det som følger av vedtekne endringar i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse.

1.9 Forslag som inneber tydeliggjering, lovfesting av praksis, språklege justeringar m.m.

Det blir foreslått enkelte rettingar, presiseringar og lovtekniske justeringar som dels gjer reglane tydelegare og dels lovfester gjeldande praksis, herunder:

  • Innhaldslistene i innleiinga til folketrygdlova og til dei enkelte kapitla i folketrygdlova blir oppheva. Forslaget har vore på høyring.

  • Reglane om forsørgingstillegg i folketrygdlova §§ 3-24 til 3-26 blir oppheva fordi det tidlegare er vedtatt at tillegga fell heilt bort frå 1. januar 2025. Som ei følge av opphevinga av reglane om forsørgingstillegg, blir det foreslått lovtekniske justeringar og tilpassingar i folketrygdlova §§ 3-3, 12-15, 19-3, 19-8 og 22-16 og i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse §§ 3 og 4.

  • I folketrygdlova kapittel 4 om dagpengar under arbeidsløyse blir det foreslått endringar som inneber klargjeringar, forenklingar og lovfesting av gjeldande praksis. Forslaga har vore på høyring.

  • I folketrygdlova kapittel 11 om arbeidsavklaringspengar blir det foreslått fire mindre endringar som inneber klargjering og forenkling av regelverk til fordel for mottakarane av stønaden.

  • I folketrygdlova kapittel 13 blir det foreslått endringar i tilvisingar som følge av endringar i andre kapittel i folketrygdlova og i andre lover.

  • Retting av skrivefeil i folketrygdlova § 20-4.

  • Retting av feil i arbeidsmarknadslova § 22.

  • I statsborgarlova blir det foreslått ei presisering i § 2 første ledd for å gjera det tydeleg at Sysselmeisteren på Svalbard kan behandle personopplysningar til eigne formål, på same måte som andre aktørar som behandlar saker etter statsborgarlova. Det blir vidare foreslått ei oppdatering av pliktsubjektet i lova i § 29 b første ledd bokstav j, og ein inkurie i § 7 tredje ledd blir retta opp.

  • I dei tre tenestepensjonslovene for Statens pensjonskasse, apotekverksemd og sjukepleiarar blir det presisert at uførepensjon ikkje skal bli inntektsavkorta for overgangsstønad etter folketrygdlova kapittel 15 og 17 A, også når uførepensjonen er ein bruttopensjon, det vil seie i dei tilfella det ikkje er noka uføreyting frå folketrygda saman med tenestepensjonen.

  • Overskriftene til samordningslova §§ 24 a og 24 c blir endra slik at det tydeleg kjem fram kven som er omfatta av føresegnene. Forslaga har vore på høyring.

  • Omtala av bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning blir tatt ut av tre føresegner i samordningslova. Det er fordi det ikkje lenger er nokon som får slik pensjon. Forslaget har vore på høyring.

  • Forslaget som gjeld AFP-tilskottslova, gir heimel til Arbeids- og velferdsdirektoratet til å fastsette forholdstal for arbeidstakarar fødde i 1963 eller seinare ut frå prinsippa som kjem fram av folketrygdlova § 19-7.

Det blir foreslått at desse endringane tar til å gjelde straks:

  • Oppheving av innhaldslistene i folketrygdlova

  • endringa i folketrygdlova § 8-49

  • endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar – folketrygdlova kapittel 11

  • retting av lovteknisk feil i folketrygdlova §§ 13-2 og 13-11

  • retting av skrivefeil i folketrygdlova § 20-4

  • retting av feil i arbeidsmarknadslova § 22

  • presiseringar og retting av feil i statsborgarlova

  • ny heimel for å fastsette forholdstal i AFP-tilskottslova for arbeidstakarar fødd i 1963 eller seinare.

Det blir foreslått at desse endringane tar til å gjelde frå 1. januar 2025:

  • Endringane om oppheving av føresegner om ektefelletillegg og barnetillegg til alderspensjon – folketrygdlova kapittel 3, 12, 19 og 22 og lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse §§ 3 og 4

  • Endringane i regelverket for dagpengar under arbeidsløyse i folketrygdlova kapittel 4.

Det blir foreslått at desse endringane trer i kraft så raskt som mogleg etter at lova er vedtatt:

  • Endringane om at overgangsstønad frå folketrygda ikkje inngår i inntektsprøvinga av uførepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning

  • presisering om kven som er omfatta av samordningslova § 24 a og § 24 c

  • utfasa bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning – endringar i samordningslova.

Ingen av forslaga over har økonomiske konsekvensar.

Forslaget om endringar i regelverket for dagpengar under arbeidsløyse i folketrygdlova kapittel 4 kan gi nokre administrative forenklingar.

Forslaget om endring av folketrygdlova § 11-18 om arbeidsavklaringspengar til ein person som skal vurderast for uføretrygd, kan innebere noka administrativ innsparing.

Forslaget om heimel for å fastsette forholdstal i AFP-tilskottsloven for arbeidstakarar fødd i 1963 eller seinare har små administrative konsekvensar for Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Dei andre forslaga har ingen administrative konsekvensar.

2. Komiteens behandling

Sakens dokumenter er tilgjengelig på sakssiden på stortinget.no.

3. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Marie-Helene H. Brandsdal, Per Vidar Kjølmoen, Bjørnar Skjæran og Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Henrik Asheim, Anna Molberg og Aleksander Stokkebø, fra Senterpartiet, Tor Inge Eidesen og Per Olaf Lundteigen, fra Fremskrittspartiet, Alf Erik Bergstøl Andersen og Dagfinn Henrik Olsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø og lederen Freddy André Øvstegård, og fra Rødt, Mímir Kristjánsson, viser til Prop. 5 L (2024–2025) Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover. Proposisjonen er en oppfølging av forslag i statsbudsjettet for 2025. Komiteen viser til at det i proposisjonen blir fremmet forslag om endringer som i hovedsak dreier seg om endringer i utvalgte pensjonslover, som samordning av pensjons- og trygdeytelser og lov om pensjonsordning for sykepleiere, samt enkelte presiseringer, feilrettinger og lovtekniske justeringer.

Komiteen støtter lovforslagene.

4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2025 m.m.)

I

I lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse skal desse endringane gjerast:

§ 15 andre ledd andre punktum skal lyde:

Departementet kan fastsette vilkårene for at et midlertidig høyere pensjonsgrunnlag og et tidligere høyere pensjonsgrunnlag skal få virkning for pensjonsberegningen.

§ 29 første ledd fjerde punktum skal lyde:

Pensjonen reduseres ikke for arbeidsavklaringspenger, overgangsstønad eller omstillingsstønad fra folketrygden.

§ 29 første ledd femte punktum blir oppheva.

II

I lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. skal desse endringane gjerast:

§ 8 nr. 2 andre ledd andre punktum skal lyde:

Departementet kan fastsette vilkårene for at et midlertidig høyere pensjonsgrunnlag og et tidligere høyere pensjonsgrunnlag skal få virkning for pensjonsberegningen.

§ 12 første ledd fjerde punktum skal lyde:

Pensjonen reduseres ikke for arbeidsavklaringspenger, overgangsstønad eller omstillingsstønad fra folketrygden.

§ 12 første ledd femte punktum blir oppheva.

III

I lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser skal desse endringane gjerast:

§ 18 nr. 3 skal lyde:
  • 3. Barnepensjon fra personskadetrygd (jfr. § 4 annet ledd) samordnes ved at regelen i nr. 1 anvendes tilsvarende.

§ 22 nr. 1 skal lyde:
  • 1. Barnepensjon fra personskadetrygd skal settes ned med barnepensjon fra folketrygden. Blir barnet tilstått uføretrygd fra folketrygden, skal barnepensjonen fra personskadetrygd settes ned med det beløp barnepensjonen fra folketrygden har eller ville ha utgjort om uføretrygd ikke var tilstått.

§ 23 nr. 1 bokstav c blir oppheva.
§ 24 a overskrifta skal lyde:

Samordning av alderspensjon fra tjenestepensjonsordning med alderspensjon etter folketrygdloven kapittel 20 for medlemmer født i 1954 eller senere som ikke er omfattet av påslagspensjon mv. fra tjenestepensjonsordningen

§ 24 c overskrifta skal lyde:

Samordning av oppsatt alderspensjon fra tjenestepensjonsordning med alderspensjon fra folketrygden for medlemmer født i 1963 eller senere som er omfattet av påslagspensjon mv. fra tjenestepensjonsordningen

IV

I lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere skal desse endringane gjerast:

§ 15 første ledd fjerde punktum skal lyde:

Pensjonen reduseres ikke for arbeidsavklaringspenger, overgangsstønad eller omstillingsstønad fra folketrygden.

§ 15 første ledd femte punktum blir oppheva.

V

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse endringane gjerast:

Den innleiande innhaldslista «Hvordan folketrygdloven er oppbygd» og dei kapittelvise innhaldslistene blir oppheva.

§ 3-3 sjette ledd skal lyde:

For en pensjonist som forsørger ektefelle over 60 år og fyller vilkårene for rett til ektefelletillegg i § 3-24 første og fjerde ledd slik bestemmelsene lød før 1. januar 2025, utgjør særtillegget to ganger ordinær sats.

Overskrifta «V. Forsørgingstillegg» i kapittel 3 blir oppheva.

§§ 3-24 til 3-26 blir oppheva.
§ 4-5 første ledd skal lyde:

For å ha rett til dagpenger må medlemmet være reell arbeidssøker. Som reell arbeidssøker regnes den som er arbeidsfør, er registrert som arbeidssøker hos Arbeids- og velferdsetaten og er villig til

  • a. å ta ethvert arbeid som er lønnet etter tariff eller sedvane,

  • b. å ta arbeid hvor som helst i Norge,

  • c. å ta arbeid uavhengig av om det er på heltid eller deltid, og

  • d. å delta på arbeidsmarkedstiltak.

§ 4-9 første ledd skal lyde:

Etter at dagpengene er innvilget, beregnes det en egenandel som tilsvarer tre ganger medlemmets dagsats medregnet eventuelt barnetillegg, jf. § 4-12. Egenandelen går til fradrag i medlemmets første dagpengeutbetalinger.

§ 4-10 skal lyde:
§ 4-10 Sanksjonsperiode ved selvforskyldt arbeidsløshet

Det ytes dagpenger først etter en sanksjonsperiode når medlemmet

  • a. har sagt opp sin stilling uten rimelig grunn,

  • b. har sluttet uten rimelig grunn,

  • c. er avskjediget eller oppsagt på grunn av forhold som kan bebreides vedkommende, eller

  • d. handler som beskrevet i § 4-20 første ledd bokstav a til c.

Sanksjonsperioden løper fra det tidspunkt det er søkt om stønad, og fastsettes til

  • a. atten uker første gang forhold som nevnt i første ledd inntreffer,

  • b. seks måneder dersom forhold som nevnt i første ledd eller § 4-20 har inntruffet to eller flere ganger innenfor de siste tolv månedene.

For at det skal kunne fastsettes sanksjonsperiode etter andre ledd bokstav b, må det som følge av de tidligere forholdene ha blitt fattet vedtak om sanksjonsperiode etter bestemmelsene i denne paragraf eller vedtak om tidsbegrenset bortfall av dagpenger etter bestemmelsene i § 4-20.

Sanksjonsperioden kan bare fastsettes på grunnlag av forhold som ikke ligger lenger tilbake i tid enn seks måneder. Seksmånedersfristen regnes fra det tidspunkt medlemmet ikke lenger har krav på lønn.

Medlemmet må stå tilmeldt Arbeids- og velferdsetaten og fylle vilkårene for rett til dagpenger i sanksjonsperioden.

Det skal ikke fastsettes sanksjonsperiode for medlem som har sagt opp sin stilling for å flytte med ektefelle eller samboer til nytt arbeidssted et annet sted i landet dersom vedkommende kan regnes som reell arbeidssøker etter § 4-5 andre ledd.

§ 4-15 tredje ledd skal lyde:

Uker da medlemmet har fått fastsatt sanksjonsperiode etter § 4-10, eller tidsbegrenset bortfall av dagpenger etter § 4-20, likestilles med uker med stønad i forhold til bestemmelsene i denne paragraf. Dersom forholdet inntreffer så sent i en stønadsperiode at sanksjonsperioden eller det tidsbegrensede bortfallet av dagpenger ikke kan avvikles innen utløpet av stønadsperioden, overføres de gjenstående ukene til en eventuell ny stønadsperiode dersom denne påbegynnes innen 52 uker.

§ 4-16 første ledd første punktum skal lyde:

En løpende stønadsperiode som er avbrutt i inntil 52 uker, gjenopptas uten ny prøving av kravet til minsteinntekt etter § 4-4, uten ny egenandel etter § 4-9, og uten at dagpengegrunnlaget etter § 4-11 fastsettes på nytt.

§ 4-20 femte ledd skal lyde:

For at det skal kunne fastsettes tidsbegrenset bortfall av dagpenger etter tredje ledd bokstav b eller etter fjerde ledd bokstav b eller c, må det som følge av de tidligere forholdene ha blitt fattet vedtak om tidsbegrenset bortfall av dagpenger etter denne paragraf eller vedtak om sanksjonsperiode etter § 4-10.

§ 4-21 nytt andre ledd skal lyde:

Det kan fattes vedtak om stans når medlemmet ikke lenger fyller vilkårene for retten til dagpenger etter dette kapittelet og retten dermed faller bort. Departementet kan gi forskrift om stans av dagpenger, blant annet om fra hvilket tidspunkt dagpengene kan stanses etter at retten til ytelsen er bortfalt.

§ 4-23 skal lyde:
§ 4-23 Bortfall på grunn av alder

Retten til dagpenger faller bort ved utgangen av den måneden medlemmet fyller 67 år.

§ 4-26 første ledd bokstav a skal lyde:
  • a. pensjon fra en offentlig tjenestepensjonsordning som ikke er utformet etter prinsippene om nøytralt og fleksibelt uttak, som tidligpensjon fra stillinger med lavere aldersgrense enn den alminnelige, og alderspensjon eller tidsbegrenset avtalefestet pensjon mellom fylte 65 og 67 år,

§ 8-49 første ledd første punktum skal lyde:

Til et medlem som mottar dagpenger under arbeidsløshet, ytes det sykepenger etter bestemmelsene i kapitlet her fra og med den dag medlemmet blir arbeidsufør.

§ 11-4 første ledd skal lyde:

Det er et vilkår for rett til arbeidsavklaringspenger at medlemmet har fylt 18 år. Retten til arbeidsavklaringspenger opphører ved utgangen av den måneden medlemmet fyller 67 år.

§ 11-13 første ledd skal lyde:

Det kan gis arbeidsavklaringspenger i inntil seks måneder til et medlem som ikke har opparbeidet seg ny rett til sykepenger etter kapittel 8. Medlemmet skal oppfylle vilkårene i § 11-5, men det stilles likevel ikke krav til varigheten av den nedsatte arbeidsevnen. Vilkårene i § 11-6 gjelder ikke. Ett av følgende vilkår skal i tillegg være oppfylt:

  • a. Medlemmet har tidligere mottatt arbeidsavklaringspenger og har blitt arbeidsufør som følge av en annen sykdom innen seks måneder etter at arbeidsavklaringspengene opphørte.

  • b. Medlemmet har tidligere mottatt arbeidsavklaringspenger og har blitt arbeidsufør som følge av samme sykdom innen ett år etter at arbeidsavklaringspengene opphørte.

  • c. Medlemmet har tidligere mottatt sykepenger etter kapittel 8 i til sammen 248, 250 eller 260 sykepengedager i løpet av de tre siste årene, se § 8-12, og har igjen blitt arbeidsufør på grunn av sykdom eller skade mens han eller hun er i arbeid.

  • d. Medlemmet har tidligere mottatt sykepenger etter kapittel 8 i til sammen 248, 250 eller 260 sykepengedager i løpet av de tre siste årene, se § 8-12, og er fortsatt arbeidsufør på grunn av sykdom eller skade.

  • e. Medlemmet har mottatt arbeidsavklaringspenger og deretter foreldrepenger og har blitt arbeidsufør på grunn av sykdom eller skade, se § 8-2 andre ledd, innen seks måneder etter at foreldrepengene opphørte.

§ 11-16 blir oppheva.
§ 11-18 første ledd skal lyde:

Det kan gis arbeidsavklaringspenger i inntil åtte måneder når medlemmet skal vurderes for uføretrygd.

§ 12-15 tredje ledd første punktum skal lyde:

Når et barn blir forsørget av flere som mottar uføretrygd, ytes tillegget til den som har rett til høyest tillegg.

§ 13-2 andre ledd niande, tiande og nytt ellevte strekpunkt skal lyde:
  • barnepensjon står i § 18-10

  • alderspensjon står i § 19-20

  • ny alderspensjon står i § 20-10 fjerde ledd og 20-7 a niende ledd.

§ 13-11 første ledd første punktum skal lyde:

Medlemmer som deltar i arbeidsrettede tiltak, kurs eller lignende i regi av Arbeids- og velferdsetaten, i kvalifiseringsprogram i kommunal regi, eller i program i henhold til integreringsloven, er yrkesskadedekket.

§ 19-3 tredje ledd andre punktum blir oppheva.
§ 19-8 sjette ledd bokstav b skal lyde:
  • b. Personer som forsørger ektefelle over 60 år og fyller vilkårene i § 3-24 første og fjerde ledd slik bestemmelsene lød før 1. januar 2025.

§ 19-9 a overskrifta skal lyde:
Overgang fra uføretrygd til alderspensjon for personer født i perioden 1944 til 1962
§ 19-9 a første ledd skal lyde:

Personer som er født i perioden 1944 til 1962, og som mottok uføretrygd ved fylte 67 år, får et tillegg til alderspensjonen. Tillegget til personer som er født i perioden 1944 til 1953, skal skjerme vedkommende for 0,25 prosentpoeng av virkningen av levealdersjusteringen etter § 19-6. Prosentsatsen i tillegget for årskullene 1954 til 1962 settes lik satsen til 1953-kullet.

§ 20-4 tredje ledd skal lyde:

Pensjonsopptjeningen for et kalenderår oppreguleres med lønnsvekst og tilføres pensjonsbeholdningen ved utløpet av året fastsettingen av formues- og inntektsskatt for det aktuelle året er ferdig.

§ 22-16 andre ledd bokstav a blir oppheva.
Noverande § 22-16 andre ledd bokstav b til e blir bokstav a til d.

VI

I lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester skal desse endringane gjerast:

§ 13 nytt fjerde ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om ytelser til deltakere i forsøk med arbeidsmarkedstiltak.

§ 22 første ledd skal lyde:

Ved krav om tilbakebetaling av feilutbetalte ytelser gjelder folketrygdloven §§ 22-15 og 22-17 a tilsvarende.

VII

I lov 10. juni 2005 nr. 51 om norsk statsborgerskap skal desse endringane gjerast:

§ 2 første ledd skal lyde:

Loven gjennomføres av Kongen, departementet, Utlendingsnemnda, Utlendingsdirektoratet, politiet, Sysselmesteren på Svalbard og norske utenriksstasjoner.

§ 7 tredje ledd første punktum skal lyde:

Opphold med tillatelser som ville vært gitt med minst ett års varighet, men som ble gitt med kortere varighet, jf. utlendingsloven § 60 første ledd tredje punktum, skal medregnes ved beregning av oppholdstid, jf. § 7 første ledd bokstav e, §§ 10, 11, 12, 15, 16, 16 a, 17 og 18 i loven her.

§ 29 b første ledd bokstav j skal lyde:
  • j. Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

VIII

I lov 12. februar 2010 nr. 4 om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem skal desse endringane gjerast:

Tittelen på lova skal lyde:

Lov om pensjonsordning for oppdragstaker i beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem

§ 1 første ledd skal lyde:

Loven gjelder for oppdragstaker i beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem som har inngått oppdragskontrakt med staten eller Oslo kommune som oppdragsgiver.

IX

I lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor skal § 7 første ledd fjerde punktum lyde:

For arbeidstakere født i 1963 eller senere fastsetter Arbeids- og velferdsdirektoratet forholdstall ut fra prinsippene som følger av folketrygdloven § 19-7.

Noverande § 7 første ledd fjerde punktum blir nytt femte punktum.

X

I lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse skal desse endringane gjerast:

§ 3 første ledd bokstav b fjerde punktum blir oppheva.
Noverande § 3 første ledd bokstav b femte punktum blir fjerde punktum.
§ 4 første ledd femte punktum skal lyde:

Ved første reguleringstidspunkt etter pensjonsuttak i månedene juni til april reguleres pensjonen, unntatt AFP-tillegg, med en faktor som består av lønnsvekst og av gjennomsnittlig lønns- og prisvekst, vektet ut fra når i denne perioden pensjonen ble tatt ut.

§ 7 første ledd tredje punktum skal lyde:

Andre ledd i paragrafen her gjelder også arbeidstakere født i 1963 eller senere som har vært omfattet av andre avtaler enn den statlige som gir rett til offentlig avtalefestet pensjon.

§ 8 første ledd bokstav a første punktum skal lyde:

Vedkommende har vært arbeidstaker i minst 7 av de siste 9 årene hos en arbeidsgiver med tariffavtale hvor staten er part eller tilsvarende avtale om avtalefestet pensjon.

§ 9 første ledd bokstav a første punktum skal lyde:

Vedkommende har de siste tre årene før uttakstidspunktet sammenhengende vært ansatt og reell arbeidstaker hos en arbeidsgiver med tariffavtale hvor staten er part eller med tilsvarende avtale om avtalefestet pensjon.

§ 13 tredje ledd skal lyde:

Statens pensjonskasse kan uten hinder av taushetsplikt innhente nødvendige lønnsopplysninger som er gitt etter skatteforvaltningsloven § 7-2, og opplysninger om pensjonsgivende inntekt fra skattemyndighetene til bruk i arbeidet med avtalefestet pensjon etter denne loven.

Noverande tredje til femte ledd blir fjerde til nytt sjette ledd.
§ 13 nytt sjuande ledd skal lyde:

Statens pensjonskasse kan inngå avtale med andre pensjonsleverandører om fordeling av kostnader for avtalefestet pensjon. Avtalen må godkjennes av departementet.

XI

I lov 24. november 2023 nr. 83 om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover skal desse endringane gjerast:

Under del II om endringer i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. skal § 1 første ledd lyde:

Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. omfatter, med de unntakene som følger av denne loven, apotekere og arbeidstakere ansatt ved apotek. Arbeidstakere født i 1964 eller tidligere som er ansatt i en eller flere stillinger ved apotek der samlet arbeidstid er mindre enn 20 prosent av full stilling, og som samtidig er alderspensjonist etter loven her, er unntatt fra medlemskap.

Under del III om endringer i lov om pensjonsordning for sykepleiere skal § 3 første ledd lyde:

Unntatt fra medlemskap er sykepleier som gjør tjeneste på pensjonistvilkår. Departementet kan gi forskrift med utfyllende bestemmelser om tjeneste på pensjonistvilkår. Sykepleier født i 1964 eller tidligere som er ansatt i en eller flere stillinger omfattet av pensjonsordningen der samlet arbeidstid er mindre enn 20 prosent av full stilling, og som samtidig er alderspensjonist etter loven her, er også unntatt fra medlemskap.

XII

  1. Lova tek til å gjelde straks. Del X får verknad frå 1. oktober 2024, med unntak av endringane i §§ 3 og 4, som gjeld frå 1. januar 2025.

  2. Del I, II, III og IV gjeld frå den tida Kongen fastset.

  3. Under del V gjeld opphevinga av overskrifta «V. Forsørgingstillegg» i kapittel 3 og endringane i §§ 3-3, 3-24, 3-25, 3-26, 4-5, 4-9, 4-10, 4-15, 4-16, 4-20, 4-21, 4-23, 4-26, 12-15, 19-3, 19-8, 19-9 a og 22-16 frå 1. januar 2025.

  4. Del VIII gjeld frå 1. juli 2025.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 9. desember 2024

Freddy André Øvstegård

leder og ordfører