I proposisjonen foreslår regjeringa naudsynte endringar
av løyvingane under programområde 17 Militært forsvar, for å skapa
best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla
og postane og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan
budsjettet vart vedtatt.
Regjeringa legg opp til å auka støtta til Ukraina
ut over det som var lagt til grunn for Nansen-programmet etter behandlinga
av revidert nasjonalbudsjett i juni. Dei ukrainske behova er store,
og omfanget av den russiske krigføringa og dei russiske åtaka aukar
dei ukrainske militære, sivile og humanitære behova for støtte ytterlegare.
Difor foreslår regjeringa å auka løyvinga til militær støtte til
Ukraina med 3,5 mrd. kroner i 2024, i tråd med orienteringa til
statsministeren til dei parlamentariske leiarane i Stortinget i
august. Auken skal legga til rette for donasjonar av meir luftvern,
styrka F-16-donasjonane med mellom anna våpen og reservedelar, donasjon
av relevant teknologi og styrking av den ukrainske forsvarsindustrien.
I tillegg foreslår regjeringa styrkingar i drifta
av verksemder i forsvarssektoren. Langtidsplanen for forsvarssektoren,
Prop. 87 S (2023–2024), legg opp til ein betydeleg vekst i sektoren
i åra som kjem. Gjennomføring av langtidsplanen krev auka kapasitet
og omsetningsevne i sektoren. Difor foreslår regjeringa auka løyvingar
til Forsvarsmateriell for å styrka kapasiteten til anskaffing og
investering. Vidare foreslår regjeringa ein auke i løyvinga til
Forsvaret for å handtera auka driftsutgifter, og for å legga til
rette for at Forsvaret kan oppretthalda aktivitetsnivået i dagens
alvorlege tryggingspolitiske situasjon. Endringane vert skildra
per kapittel og post.