2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, Mona Nilsen og Torstein Tvedt Solberg, frå Høgre, Turid Kristensen og Tage Pettersen, frå Senterpartiet, Margrethe Haarr og Åslaug Sem-Jacobsen, frå Framstegspartiet, Silje Hjemdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Hammer Hovda, og frå Venstre, leiaren Grunde Almeland, støttar forslaga frå regjeringa i proposisjonen.
Komiteen viser til omtala av kap. 844 post 70, om kontantstøtte. Her vert det påpeikt at om lag 4 400 personar hausten 2024 vil få kontantstøtte for ein månad ekstra grunna utilsikta konsekvensar av lovendringane gjorde på bakgrunn av Prop. 43 L (2023–2020), jf. Innst. 237 L (2023–2024). Dette har ført til utilsikta meirutgifter. Komiteen vil vise til at desse utilsikta konsekvensane vert retta i samband med komiteen si handsaming av Prop. 29 L (2024–2025), i Innst. 71 L (2024–2025).