1.6.1 Post 70 Tilskot,overslagsløyving
Det blir føreslått å auke løyvinga med 40 mill.
kroner som fylgje av omstende knytt til endringar i kontantstøtteloven
frå 1. august 2024.
I samband med gjennomføringa av lovendringane blei
det klart at nokre søkjarar ikkje fekk like mykje informasjon som
andre frå Arbeids- og velferdsetaten om regjeringa sitt forslag
til redusert kontantstøtteperiode. Regjeringa har difor førebudd
og set i verk ei overgangsordning for personar som søkte om kontantstøtte
før 1. februar 2024, og som fekk vedtak om kontantstøtte 1. mars
eller seinare. Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst at dette
gjeld om lag 400 personar.
Overgangsordninga skal gjennomførast som ei
eingongsutbetaling tilsvarande beløpet desse 400 søkjarane skulle
hatt etter reglane før 1. august 2024. Overgangsordninga aukar utgiftene
til kontantstøtte med 6 mill. kroner i 2024. Det er ikkje utgifter
knytt til overgangsordninga i 2025.
I samanheng med endringane i kontantstøtteloven frå
1. august 2024 vart det òg vedteke endringar i ordlyden for når
kontantstøtte kjem til utbetaling og opphøyrer. Dette innebar ei
utilsikta reversering av ei lovendring av 2022 om opphøyrstidspunktet
i støtteperioden, som blei innført for at støttemottakarane ikkje skulle
få kontantstøtte for same månad som barnet byrjar i barnehage, jf.
Prop. 15 L (2021–2022).
Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst
at om lag 4 400 personar denne hausten vil få kontantstøtte for
ein månad ekstra grunna dei utilsikta konsekvensane av lovendringane.
Dette aukar meirutgiftene til kontantstøtte med om lag 34 mill.
kroner i 2024. Størsteparten av utgiftene er knytt til utbetalingar
av kontantstøtte for barn som byrja i barnehage i august, sidan
dei aller fleste barn byrjar i barnehage den månaden.
Barne- og familiedepartementet legg fram ein
lovproposisjon som rettar opp dei utilsikta konsekvensane.
Utover sakane knytt til endringane i kontantstøtteloven,
er talet på mottakarar av kontantstøtte òg høgare enn tidlegare
lagt til grunn. Det aukar utgiftene til kontantstøtte i 2024 med
ytterlegare 30 mill. kroner.
Dei samla utgiftene i 2024 er dermed rekna til
990 mill. kroner. BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 70 mill.
kroner.