Søk

Sammendrag

Barne- og familiedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre (kontantstøtteloven). Lovforslaget rettar opp utilsikta konsekvensar av lov 14. mai 2024 nr. 21 om endringer i kontantstøtteloven og folketrygdloven (justering av kontantstøtteperioden og forlengelse av foreldrepengeperioden ved 80 pst. dekning), som vart vedteken av Stortinget på bakgrunn av Prop. 43 L (2023–2024) Endringer i kontantstøtteloven og folketrygdloven (justering av kontantstøtteperioden og forlenging av foreldrepengeperioden ved 80 prosent dekning), jf. Innst. 237 L (2023–2024).

Føremålet med lovforslaget i Prop. 43 L (2023–2024) var å vidareføre kontantstøtteperioden dei første sju månadene av støtteperioden og avvikle støtta for dei fire siste månadene. På denne bakgrunnen vart alderskravet for rett til kontantstøtte endra til at kontantstøtte blir ytt for barn frå 13 månader til og med den månaden barnet blir 19 månader, dersom dei ikkje nyttar seg av barnehage med offentleg driftstilskot.

I samband med endringa i alderskravet vart det òg gjort einskilde forenklingar i ordlyden i kontantstøtteloven om når kontantstøtte kjem til utbetaling, og når utbetalinga stansar, for å betre samanhengen i regelverket. Desse endringane har gitt utilsikta konsekvensar både materielt og økonomisk. Ei lovendring av 2022 om at støttemottakarar ikkje skal få kontantstøtte for same månad som barnet byrjar i barnehage, vart reversert, og støtteperioden er med det utvida med ein månad innanfor den nye kontantstøtteperioden på sju månader. I tillegg er rett til kontantstøtte utvida med ein månad i einskilde andre tilfelle. Desse konsekvensane av endringane er ikkje i tråd med føremålet om å redusere støtteperioden i ordninga frå elleve til sju månader.

For å rette opp i dette føreslår departementet å reversere endringane for når kontantstøtte kjem til utbetaling, og når utbetalinga opphøyrer, jf. kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum. Dette gjer det òg naudsynt å formulere om alderskravet for rett til kontantstøtte i kontantstøtteloven § 2 første ledd.