Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
legg i proposisjonen fram tilråding om utbetaling av nye løningar
til arbeidstakarar i det statlege tariffområdet våren 2024.
I proposisjonen blir det gjort greie for forhandlingane
mellom staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
og hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat
om nye hovudtariffavtalar i staten for perioden 1. mai 2024 til
30. april 2026. Det blir vidare gjort greie for brotet i forhandlingane
og meklinga til Riksmeklaren. Vidare blir det gjort greie for at
Akademikerne og Unio tok ut medlemar i streik. I proposisjonen blir
det også gjort greie for semja mellom staten ved Digitaliserings-
og forvaltningsdepartementet og LO Stat og YS Stat slik det går
fram av møteboka til Riksmeklar av 24. mai 2024, jf. vedlegg 1 og
2 i proposisjonen, og om tilråding av resultatet og om avrøysting. Vidare
blir det i proposisjonen vist til at regjeringa vedtok at ho skulle
leggje fram forslag til lov om tvungen lønsnemnd i tvistane mellom
Akademikerne og Unio og staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet,
og at tvistane skulle avgjerast av Rikslønsnemnda.
Det går fram av proposisjonen at staten ved
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har fremja krav om
likelydande hovudtariffavtalar i lønsoppgjeret i staten i 2024 for
å sikre lik løn for likt arbeid, uavhengig av fagforeiningstilknyting.
Departementet vil vente på ei avgjerd i Rikslønsnemnda før ny løn
blir utbetalt til statlege arbeidstakarar.
Det blir i proposisjonen vist til at dei nødvendige løyvingane
som dei nye hovudtariffavtalane vil medføre, vil det bli fremja
forslag om for Stortinget i haustsesjonen 2024.
Dersom LO Stat og/eller YS Stat røystar nei
i avrøystinga om nye hovudtariffavtalar, ber departementet om samtykke
frå Stortinget til at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar
i samband med hovudtariffoppgjeret i staten 2024 inn for Rikslønsnemnda
i samsvar med tjenestetvistloven § 31 andre ledd.
Det blir vist til proposisjonen for nærare omtale.