Søk

Innledning

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet legg i proposisjonen fram tilråding om utbetaling av nye løningar til arbeidstakarar i det statlege tariffområdet våren 2024.

I proposisjonen blir det gjort greie for forhandlingane mellom staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat om nye hovudtariffavtalar i staten for perioden 1. mai 2024 til 30. april 2026. Det blir vidare gjort greie for brotet i forhandlingane og meklinga til Riksmeklaren. Vidare blir det gjort greie for at Akademikerne og Unio tok ut medlemar i streik. I proposisjonen blir det også gjort greie for semja mellom staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og LO Stat og YS Stat slik det går fram av møteboka til Riksmeklar av 24. mai 2024, jf. vedlegg 1 og 2 i proposisjonen, og om tilråding av resultatet og om avrøysting. Vidare blir det i proposisjonen vist til at regjeringa vedtok at ho skulle leggje fram forslag til lov om tvungen lønsnemnd i tvistane mellom Akademikerne og Unio og staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og at tvistane skulle avgjerast av Rikslønsnemnda.

Det går fram av proposisjonen at staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har fremja krav om likelydande hovudtariffavtalar i lønsoppgjeret i staten i 2024 for å sikre lik løn for likt arbeid, uavhengig av fagforeiningstilknyting. Departementet vil vente på ei avgjerd i Rikslønsnemnda før ny løn blir utbetalt til statlege arbeidstakarar.

Det blir i proposisjonen vist til at dei nødvendige løyvingane som dei nye hovudtariffavtalane vil medføre, vil det bli fremja forslag om for Stortinget i haustsesjonen 2024.

Dersom LO Stat og/eller YS Stat røystar nei i avrøystinga om nye hovudtariffavtalar, ber departementet om samtykke frå Stortinget til at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med hovudtariffoppgjeret i staten 2024 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med tjenestetvistloven § 31 andre ledd.

Det blir vist til proposisjonen for nærare omtale.