Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen
framlegg om endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven.
Endringane er ein del av departementet si oppfølging av forslag
i ein rapport frå Pasientovergrepsutvalget som blei framlagt 29. april
2022. Formålet med forslaga er å styrkje pasienttryggleiken og tilliten
til helse- og omsorgstenesta. Departementet foreslår derfor å innføre
lovheimlar for å kunne gi fleire og strengare administrative reaksjonar
overfor helsepersonell som er til alvorleg fare for pasienttryggleiken eller
som alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta.
Departementet foreslår ei ny føresegn i helsepersonelloven
§ 62 andre ledd som innfører ei generell karantenetid når det gjeld
åtgangen til å søkje om ny autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning
etter at vedkommande har mista autorisasjonen mv. som følgje av
tilbaketrekking. Forslaget inneber at det må gå minst to år etter
vedtaket om tilbaketrekking før ein kan søkje om ny autorisasjon
mv.
Vidare foreslår departementet ei ny føresegn
i helsepersonelloven § 57 andre ledd som gir heimel for at Statens
helsetilsyn kan gjere vedtak om tilbaketrekking av autorisasjon,
lisens eller spesialistgodkjenning for alltid. Dette blir i proposisjonen
omtalt som «varig tilbaketrekking». Departementet foreslår samtidig
ei ny føresegn i helsepersonelloven § 62 tredje ledd som tidsavgrensar
åtgangen til å sette fram søknad om ny autorisasjon mv. i slike
tilfelle til tidlegast ti år etter vedtak om tilbaketrekking.
I tillegg foreslår departementet nye reaksjonar
mot helsepersonell som har mista autorisasjonen ved tilbaketrekking,
men som held fram med å yte helsehjelp og som er til alvorleg fare
for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkjer tilliten til helse-
og omsorgstenesta. Departementet foreslår ei ny føresegn i helsepersonelloven § 57
a som opnar for at Statens helsetilsyn i slike tilfelle kan ileggje
forbod mot å yte helsehjelp. Forslaget omfattar ikkje uautorisert
helsepersonell, mellom anna ufaglært personell. Vidare blir det
foreslått ei endring i helsetilsynsloven § 9 første ledd, slik at
Statens helsetilsyn kan fastsette tvangsmulkt overfor helsepersonell utan
autorisasjon som ikkje retter seg etter forbod som er gitt etter
helsepersonelloven § 57 a.
Eventuelle meirkostnader for verksemder og tilsynsmyndigheitene
som følgje av lovendringane må dekkast innafor gjeldande rammer.