I proposisjonen foreslår Helse- og omsorgsdepartementet
lovendringar som gir fleire pasientgrupper rett til nødvendig tannhelsehjelp
i den offentlege tannhelsetenesta. Pasientgruppene det gjeld, er
unge vaksne frå og med 21 til og med 24 år, personar som på grunn
av rusmiddelavhengigheit mottar tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven
§ 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b eller der pårørande mottar tenester
etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-6 nr. 2, pasientar i legemiddelassistert
rehabilitering (LAR) i medhald av spesialisthelsetjenesteloven § 3-16
og innsette i fengsel i kriminalomsorga. Departementet foreslår
òg å oppheve ei føresegn i tannhelsetjenesteloven om prioritering mellom
pasientgrupper i den offentlege tannhelsetenesta. I tillegg foreslår
departementet endringar i skuldkravet for føretak ved ilegging av
lovbrotsgebyr etter alkoholloven og legemiddelloven.