2.6.2 Politikk for å nå måla om villreinens tilstand
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet
og Kristeleg Folkeparti, syner til meldinga der regjeringa
legg opp til følgjande mål:
-
å stoppe den negative
utviklinga i villreinområda innan 2030
-
å oppnå minimum middels kvalitet for alle
villreinområde innan 2050
-
å oppnå god kvalitet for alle nasjonale
villreinområde innan 2100
Fleirtalet sluttar
seg til målsetjingane og meiner det er viktig at det vert fastsett
langsiktige, realistiske målsetjingar i villreinpolitikken.
Fleirtalet sluttar
seg vidare til dei fem strategiske områda som skal svare ut og bidra
til å løyse dei komplekse utfordringane i villreinfjellet. Desse
er:
-
1. heilskapleg og
restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet
-
2. auka tilrettelegging av villreinvennleg
ferdsel
-
3. betre villreinhelse
-
4. meir berekraftig bestandsforvaltning
av villrein
-
5. målretta restaurering av leveområda
til villreinen
Eit anna fleirtal,
medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg
Folkeparti, vil peike på dei konkrete tiltaka meldinga nemner,
og sluttar seg til desse. I tillegg legg dette fleirtalet til
grunn at meldinga skal gi forankring, retning og overordna føringar
for det meir detaljerte og områdespesifikke arbeidet som føregår
med utarbeiding av tiltaksplanar for kvart enkelt område.
Dette fleirtalet meiner
strategiområde «heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet»
i meldinga er godt underbygd, og sett i samanheng med pågåande arbeid
med områdespesifikke tiltaksplanar som denne meldinga gjev grunnlag
for, vil ein kunne oppnå å sikre villreinen nok areal utan unødige
forstyrringar.
Dette fleirtalet sluttar
seg til tiltaka i meldinga. Dette fleirtalet legg
til grunn at kommunane framleis har hovudansvaret i utøving av arealpolitikken gjennom
vedtak av planar etter plan- og bygningslova. Dette
fleirtalet vil særleg trekke fram dei regionale planane si
betydning for heilskapleg arealforvaltning på tvers av kommunegrensene.
Med unntak av Norefjell–Reinsjøfjell er det berre dei ti nasjonale
villreinområda som er omfatta av ein regional plan for villreinfjellet. Dette fleirtalet meiner dei regionale
planane er gode styringsverktøy for dei nasjonale områda, men at dei
andre villreinområda òg må få tilsvarande styringsverktøy, enten
gjennom kommunale arealplanar, regionale planar eller ved å på annan
eigna måte inkludere eigne føresegner for villreinfjellet i eksisterande
plansystem som kommunane rår over. Ein kan vurdere å unnta dei aller
minste områda. Dette fleirtalet vil åtvare
mot å inndele villreinfjellet i A- og B-område, og meiner det er
viktige kvalitetar også i dei 14 andre områda som må sikrast betre
ivaretaking.
Dette fleirtalet støttar
at regjeringa vil lage ein tematisk naturrekneskap for villrein
for å styrke kunnskapen om leveområda for villrein, og endringane
i arealbruk og økosystemtenester. Dette fleirtalet understrekar
at ein slik naturrekneskap for villrein må utviklast slik at det
blir eit nyttig verktøy for kommunane i deira arealforvaltning.
Dette fleirtalet meiner
såkalla planvask kan ha god effekt, og det er eit godt grep for
å sikre kommunane ei aktiv og styrande rolle i arealforvaltninga
i villreinfjellet.
Eit tredje
fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet og Kristeleg
Folkeparti, viser til at meldinga peikar på behov for å revidere
dei gjeldande utbyggingsplanane grunna ny kunnskap, og at det er
særleg behov for å vurdere område som er sette av til fritidsbustader,
og som enno ikkje er bygd ut. Vidare at gamle kommuneplanar og reguleringsplanar
bør gjennomgåast og oppdaterast med bakgrunn i ny kunnskap om konsekvensar
for villreinen. Dette fleirtalet vil
peike på at det er viktig at planar etter plan- og bygningslova
er føreseielege, og legg til grunn at det er kommunane sjølve som
skal ha styringa med å ta tiltak ut av planverket. Dette
fleirtalet viser til at det er forvaltningspraksis at kommunale
planar som er avgjorde av departementet, ikkje blir oppheva med
mindre kommunane tek initiativ til dette.
Det andre fleirtalet,
medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg
Folkeparti, fremjar følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa
på eigna måte sørgje for at alle villreinområda får styringsverktøy
tilsvarande dei regionale planane, enten gjennom kommunale arealplanar,
regionale planar eller på annan eigna måte inkludere eigna føresegner
for villreinfjellet i eksisterande plansystem som kommunane rår
over.»
Dette fleirtalet meiner
strategiområde «auka tilrettelegging av villreinvenleg ferdsel»
i meldinga er godt underbygd, og sett i samanheng med pågåande arbeid
med områdespesifikke tiltaksplanar som denne meldinga gjev grunnlag
for, vil ein kunne oppnå betre informasjon, styring av ferdsel og
reduksjon av unødig ferdsel. Dette fleirtalet sluttar
seg til tiltaka i meldinga.
Komiteen meiner
allemannsretten framleis skal stå sterkt i villreinfjellet. Samstundes
er det krevjande at brukargruppene av villreinfjellet er i endring,
og at kunnskap om villreinvenleg ferdsel ikkje er gjengs kunnskap. Komiteen meiner auka samarbeid med aktørar
som legg til rette for ferdsel, som turforeiningar, idrettslag,
friluftsorganisasjonar med fleire, er viktig for å nå ut med kunnskap
om korleis ein kan ferdast i desse områda, men òg for å kunne styre
ferdselen gjennom kanaliseringstiltak.
Fleirtalet
i komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne
og Kristeleg Folkeparti, meiner ein gjennom tiltaksplanarbeidet
må vurdere midlertidige ferdselsrestriksjonar som er forankra i
lovverk, men òg om varig endra tilrettelegging i nokre tilfelle
kan vere naudsynt (omlegging av merkte ruter, turisthytter mv.).
I slike tilfelle må særleg frivillig sektor sikrast gode avbøtande
tiltak og kompensasjon.
Dette fleirtalet fremjar
følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa
sikre gode avbøtande tiltak for frivillig sektor i dei tilfelle
merkte stiar eller turisthytter må leggjast ned eller flyttast.»
Dette fleirtalet meiner
staten sjølv har eit stort ansvar i å redusere eigen motorferdsel
gjennom statlege etatar, og å fremje villreinvenleg ferdsel gjennom
handling.
Dette fleirtalet vil
peike på at særleg motorferdsel er ulikt regulert i og utanfor verneområda.
Uavhengig av forvaltningsregime må motorferdsel i utmark betre tilpassast
villreinen sitt behov.
Dette fleirtalet meiner
strategiområde «auka tilrettelegging av villreinvenleg ferdsel»
i meldinga er godt underbygd , og sett i samanheng med pågåande
arbeid med områdespesifikke tiltaksplanar som denne meldinga gjev
grunnlag for, vil ein kunne oppnå betre informasjon, styring av
ferdsel og reduksjon av unødig ferdsel. Dette
fleirtalet sluttar seg til tiltaka i meldinga.
Komiteen syner
til at fleire sjukdomar og parasittar fører til redusert dyrehelse
og dyrevelferd. Påvising av Chronic wasting disease (CWD) i Nordfjella
medførte statleg nedslakting av heile denne villreinbestanden for
å bekjempe og avgrense spreiing av denne smittsame sjukdomen. Seinare
er det påvist CWD på to rein på Hardangervidda. Komiteen syner
til at det pågår forsking på sjukdomen, og at strategien er å begrense
og om mogleg bekjempe sjukdomen i Noreg. Komiteen syner
til at staten i samband med vedtak om nedslakting også la føringar
om at reetablering av villreinbestanden skulle vere igangsett etter
fem år etter nedslaktinga, dersom risikoen for gjenoppblomstring og
resmitte var akseptabel.
Komiteen syner til
at det har blitt utarbeid fleire rapportar om korleis villrein i
Nordfjella sone 1 skal reetablerast, kva som kan vere riktig kjeldebestand
og når slik reetablering kan skje. Komiteen syner
til at Miljødirektoratet meiner reetablering frå bestanden i sone
2 best vil ta i vare det genetiske bevaringsmomentet, då denne bestanden
er genetisk mest lik. Det vil òg vere den enklaste og billigaste
bestanden å reetablere frå. Komiteen merkar
seg at dette har lokal aksept. Komiteen legg
til grunn at villrein blir reetablert i Nordfjella i sone 1 med
villrein frå sone 2 når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå,
slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.
Komiteen meiner
strategiområde «meir berekraftig bestandsforvaltning av villrein»,
sett i samanheng med pågåande arbeid med områdespesifikke tiltaksplanar
som denne meldinga gjev grunnlag for, er godt underbygd. Komiteen legg til grunn at alle sektorar
som påverkar villrein negativt, skal bidra til å finansiere tiltaksplanar
etter kvalitetsnorma, blant anna gjennom finansiering av tverrsektorielle
villreinfond.
Komiteen fremjar
følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa
snarast mogleg reetablere villrein i Nordfjella i sone 1 med villrein
frå sone 2 når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå, slik
at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.»