2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mani Hussaini, leiaren Ingvild Kjerkol, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal og Sigurd Kvammen Rafaelsen, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bård Ludvig Thorheim, Ove Trellevik og Mathilde Tybring-Gjedde, frå Senterpartiet, Aleksander Øren Heen, Gro-Anita Mykjåland og Hans Inge Myrvold, frå Framstegspartiet, Terje Halleland og Marius Arion Nilsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, frå Raudt, Sofie Marhaug, frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, og frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, syner til meldinga.

2.1 Historia til villreinen

Komiteen syner til at villreinen og oss som menneske har ei tett og samanvoven historie som strekkjer seg titals tusen år tilbake i tid. I Noreg var villreinen si vandring nordover samstundes med at isen trekte seg attende etter førre istid grunnlaget for at dei første menneska vandra inn i landet. Jakt og fangst av villrein er såleis av dei eldste tradisjonane i landet. Frå 1800-talet og fram til vår tid har til tider blant anna intensiv jakt, fragmenterte leveområde som følgje av vegar, jarnbane, kraftanlegg, hyttebygging, auka menneskeleg ferdsel og sjukdom gjort at villreinen er under press og er sett på den norske raudlista. Tilstanden til villrein i dei ulike villreinområda er kartlagd etter kvalitetsnorma for villrein som er heimla i naturmangfaldslova § 13, og som er ei oppfølging av oppmodingsvedtak 677 (2016) i samband med naturmangfaldsmeldinga, der

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en kvalitetsnorm for villrein [...].»

Kvalitetsnorma tredde i kraft i 2020, jamfør Kongeleg resolusjon 23. juni om kvalitetsnorm for villrein, og er ei retningsgivande norm som byggjer på faglege råd frå ei uavhengig og breitt samansett ekspertgruppe nedsett av Miljødirektoratet, jamfør NINA Rapport 1400. Norma beskriv kvaliteten på villreinbestanden, kvaliteten på lavbeite som ein sentral del av beitegrunnlaget og på leveområdet for kvart villreinområde. Det er også fastsett måleparameter for dei enkelte delane av norma med grenseverdiar, og på bakgrunn av dette skal det kvart fjerde år vurderast om dei 24 villreinområda oppnår god, middels eller dårleg kvalitet.

Komiteen viser til at Noreg har ti nasjonale villreinområde. Utgangspunktet for opprettinga av desse var St.meld. nr. 21 (2004–2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Målet var den gong som no, å betre villreinen sine kår gjennom ein skjerpa arealpolitikk, og oppretting av dei nasjonale områda medførte også krav om regionale villreinplanar etter plan- og bygningslova.

Komiteen registrerer at ein trass i dette ikkje har fått til ei betra utvikling for villreinen, og at regjeringa meiner det er behov for ny politikk.

Komiteenmener regjeringens villreinmelding utgjør et verdifullt kunnskapsgrunnlag for arbeidet med å forbedre tilstanden til villreinen. I meldingen foreslås også mange gode tiltak som regjeringen varsler at den vil utrede og vurdere. Meldingen kunne vært mer konkret på hvilke tiltak regjeringen vil gjennomføre i praksis. Det er derfor behov for at Stortinget gir regjeringen mandat til å iverksette tiltaksplaner som er tilstrekkelig ambisiøse til å snu den negative trenden for villreinen.

Komiteen viser videre til at prosjektgrupper ledet av statsforvalterne har laget utkast til tiltaksplaner for sju nasjonale villreinområder med anbefalinger om tiltak for å bedre forholdene for villreinen. Komiteen mener disse anbefalingene bør vektlegges tungt og at tiltak som anbefales, bare bør legges bort når det er svært gode grunner til det. Komiteen erkjenner imidlertid at sumvirkningene for rettighetshavere, grunneiere, brukere av allemannsretten og friluftslivet må vurderes nøye og en må sikre en forholdsmessig fordeling av tiltakene mellom de ulike brukerinteressene.

2.2 Økosystemtenester i villreinfjellet

Komiteen syner til at regjeringa definerer Villreinfjellet som alt areal innanfor grensene til dei 24 villreinområda i Fastlands-Noreg, og i tillegg dei områda som ligg utanfor som på ulike måtar påverkar areal som vert nytta av villrein. Villreinfjellet er dermed ikkje berre økosystemet fjell, men omfattar òg fire av dei andre hovudøkosystema i Noreg:

  • 1. Elver og innsjøar

  • 2. Våtmark

  • 3. Skog

  • 4. Kulturlandskap og ope lågland

Komiteen merkar seg at villreinfjellet med ei slik innramming gjev grunnlag for ei rekke økosystemtenester.

2.2.1 Økosystemtenester frå villreinfjellet

Komiteens medlem fra Venstre viser til merknadene og forslagene i Dokument 8:90 S (2023–2024) (jf. Innst. 286 S (2023–2024)) Representantforslag om å øke bestandsmålene for ulv, jerv og gaupe, som blant annet foreslår å utvide sonen for jerv, slik at jerv kan etablere seg som en naturlig del av økosystemet innenfor Hardangervidda nasjonalpark.

2.3 Gjeldande politikk

2.3.1 Internasjonale avtalar og forpliktingar

Komiteen syner til at norsk forvaltning av villrein og leveområda til villreinen omfattar oppfølging av ei rekkje internasjonale avtalar, nasjonale lover og retningslinjer, som kvar for seg påverkar bevaringa og bruken av villreinfjellet. FNs berekraftsmål og internasjonale konvensjonar som biomangfaldkonvensjonen og Bernkonvensjonen har direkte betydning for villreinforvaltninga i Noreg, med fokus på bevaring av natur-mangfald og økosystem. På det nasjonale nivået skal plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og viltlova sikre at villreinen og leveområda til villreinen blir forvalta berekraftig. Samtidig skal ivaretaking av leveområda til villreinen også vegast opp mot andre viktige samfunnsinteresser.

Nesten 90 pst. av vill, europeisk fjellrein finst i Noreg, noko som gjer villreinen til ein norsk ansvarsart. I meldinga blir det framheva at det betyr at Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på denne arten.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne og Venstre viser til stortingsmeldingens omtale av de ti nasjonale villreinområdene, og at regjeringen mener at disse områdene skal meldes inn under Kunming-Montreal-avtalens mål om 30 pst. bevaring av natur. Disse medlemmer mener Kunming-Montreal-avtalens mål om 30 pst. vern eller bevaring av natur skal oppnås gjennom formelle verneområder etter natur-mangfoldloven.

2.3.2 Gjeldande rett

Komiteen syner til at på det nasjonale nivået skal plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og viltlova sikre at villreinen og leveområda til villreinen blir forvalta berekraftig. Samtidig skal ivaretaking av leveområda til villreinen også vegast opp mot andre viktige samfunnsinteresser.

2.4 Aktørar i villreinforvaltninga

2.4.1 Overordna om villreinforvaltninga

Komiteen syner til at villreinforvaltninga består av ei rekkje ulike aktørar frå privat, kommunal og statleg sektor. Det er vanleg å dele opp forvaltninga i to hovudområde: bestandsforvaltning og arealforvaltning. Bestandsforvaltninga omfattar forenkla sett å forvalte villrein som jaktbar art og arbeid for å fremje dyrehelse og dyrevelferd. Arealforvaltninga omfattar i hovudsak å gjennomføre og følgje opp kommunale arealplanar og regionale planar for villreinfjella og å forvalte verna område. Komiteen syner til at kvalitetsnorma er retningsgivande for styresmaktene si bestands- og arealforvaltning i alle saker som har betydning for villrein.

2.4.2 Departementa

Komiteen syner til at det overordna ansvaret for bestands- og arealforvaltning av villrein i hovudsak er delt mellom Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Komiteen viser vidare til at meldinga gjer nærare greie for dei ulike departementa sine ansvarsområde innan villreinforvaltninga.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne mener arealforvaltningen, herunder ansvaret for plan- og bygningsloven, bør flyttes tilbake til Klima- og miljødepartementet.

2.4.3 Direktorata

Komiteen syner til at Miljødirektoratet har det nasjonale ansvaret for den økologiske tilstanden til villreinen og villreinområda, som mellom anna omfattar å sikre kunnskapsbehov, forsking, overvaking og vurdering av å opne for jakt på villrein. Komiteen merkar seg at sjølv om desse oppgåvene ligg til Miljødirektoratet, har både Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet styringsansvar for ulike delar av desse oppgåvene.

2.4.4 Statsforvaltarane

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti, mener statsforvalterne gjennom meldingen, utarbeidelse av tiltaksplaner og nye statlige planretningslinjer får et tydeligere mandat til å gripe inn mot tiltak i villreinområder for slik å sikre at målene i stortingsmeldingen om høy terskel for nye inngrep i villreinområdene følges opp i praksis. Flertallet viser til at villreinen er en nasjonal ansvarsart og at mange villreinregioner er delt mellom flere kommuner og fylker. Det er derfor avgjørende at nasjonale myndigheter sørger for en bærekraftig forvaltning av villreinfjellet på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

2.4.5 Fylkeskommunane

Komiteen syner til at fylkeskommunane har ei særskilt rolle i å utarbeide regionale planar for dei ti nasjonale villreinområda. Planane skal fastsetje ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern av villreinfjellet med randområda.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne mener regjeringen må pålegge fylkeskommunene å revidere eksisterende regionale planer på grunnlag av klassifiseringen etter kvalitetsnormen og tiltaksplaner for villreinen med sikte på bedre ivaretagelse av villreinen sine leveområder.

2.4.6 Kommunane

Komiteen syner til at kommunane har ei sentral rolle i arealbruken, også i og kring villreinområda. Kommunane har planmynde etter plan- og bygningslova, og kommunale arealplanar er juridisk bindande og styrer såleis arealbruken utanfor verneområda. Komiteen syner til at kommunane skal følgje opp og gjennomføre både lokale, regionale og nasjonale føringar og mål, mellom anna dei som blir gitt i dei regionale planane for villreinområda. Komiteen syner til at kommunane må vurdere verknaden på villrein for arealplanar som legg til rette for tiltak og aktivitetar i og kring villreinområda.

Komiteen viser til at kommunenes planer er viktige for hvordan arealer i villreinområder og i randsonene til villreinområder forvaltes. Derfor er det viktig at ny kunnskap om villrein og regionale planer for villrein inngår i kunnskapsgrunnlaget når kommuneplaners arealdel revideres.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen stille krav til kommuner i villreinområder og i randområder til villreinområder ved revidering av kommuneplanens arealdel om å ta hensyn til ny kunnskap om villreinens arealbruk og regionale planer for villrein. Revideringen skal inkludere en vurdering av ikke-realiserte områder til fritidsboliger.»

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kommuner innenfor villreinens leveområder får gått gjennom sine reguleringsplaner og stanser utbyggingsprosjekt i villreinens leveområder, som fortsatt ikke er igangsatt.»

Komiteens medlemmer fra Venstre og Kristelig Folkeparti mener regjeringen må pålegge kommunene å ta hensyn til ny kunnskap om villreinen sin arealbruk ved revidering av kommuneplanen.

2.4.7 Villreinnemnder

Komiteen syner til at villreinnemndene er offentlege forvaltningsorgan oppnemnd av Miljødirektoratet etter framlegg frå berørte kommunar. Nemndene er underlagt Miljødirektoratet sitt instruksjonsmynde, og oppgåvene følgjer av hjorteviltforskrifta. Komiteen syner til at Noreg har ti villreinnemnder, inkludert Tolga kommune som fungerer som nemnd for Tolga Østfjell villreinområde. Komiteen viser til at nemndene har eit stort ansvar for den operative forvaltninga og ei viktig rolle i å ivareta villreininteressene og gjennomføre statleg politikk i sine område.

2.4.8 Rettshavarar, vald og villreinutval

Komiteen syner til at rettshavarane i villreinfjellet er ulike og at interessene er store. Komiteen merkar seg at ei felles overbygning for heile eller delar av eit villreinområde er viktig for organisering av jakt og utøving av bestandsovervaking og innsamling av kunnskap.

2.4.9 Stiftinga Norsk villreinsenter

Komiteen vil understreka betydninga av intensjonane i meldinga om meir villreinvennleg ferdsel, der ein gjennom informasjon, rettleiing og kunnskap skal leia ferdselen bort frå viktige leveområde for villreinen.

Komiteen meiner Norsk villreinsenter kan gje denne kunnskapen på fleire arenaer. Det er særleg gunstig å knyta kunnskapsformidling og kunnskapsutvikling til dei to forvaltningsknutepunkta på Skinnarbu og Hjerkinn som Norsk villreinsenter er samlokalisert med. Verneområdeforvaltninga og Norsk villreinsenter vil i samarbeid kunna styrka og utvikla arbeidet med informasjon, kommunikasjon og rettleiing i villreinområda. Komiteen viser til intensjonane i meldinga om å styrka både rolla på villreinsenteret som kunnskapsbank og kompetansesenter og likeins om å tilføre verneområdestyra og villreinsentera styrkte ressursar til å driva aktivt informasjonsarbeid.

2.4.10 Nasjonalparkstyre og verneområdestyre

Komiteen merkar seg at ei fleire nasjonalparkar og verneområde er oppretta med ivaretaking av villrein som formål. Komiteen syner vidare til at det er nasjonalparkar og verneområde i villreinområda som ikkje har villrein som ein del av verneformålet. Komiteen meiner villrein bør vere ein del av verneformålet i villreinområda, og at dette må sikrast ved revidering av dei enkelte verneforskriftene.

Komiteen syner til at Hardangervidda nasjonalpark som den einaste nasjonalparken ikkje har eit nasjonalparkstyre eller eigen nasjonalparkforvaltar. Forvaltninga skjer i staden gjennom fylkesvise tilsynsutval og dei aktuelle statsforvaltarane.

2.4.11 Villrein som verdsarv

Komiteen syner til at det i meldinga er gjeve ei grundig og opplysande skildring av villreinens historie, så langt attende som 500 000 år. I området kring Snøhetta, Rondane og Reinheimen er det med utgangspunkt i eit arkeologisk kunnskapsgrunnlag skapt eit sterkt tverrfagleg engasjement for å ta vare på spora etter den fleire tusenårige historia etter fangsten på villrein. Ein tradisjon som er halden i hevd gjennom tidene – til vår tid. Frå 2004 har lokalsamfunna, overordna styresmakter og ulike fagmiljø innan kulturhistorie og naturforsking samla seg om prosjektet «Villreinfangsten som verdensarv». Det speler godt opp mot den historiske innfallsvinkelen i meldinga.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti, syner til at ICOMOS (den faglege rådgjevaren i kulturarvsaker for verdsarvkomiteen), på oppdrag frå Riksantikvaren, har kome til at Villreinfangsten på Dovre har potensial for å tilfredsstille krava for verdsarv, og at det bør vurderast om området også har naturverdiar som kan reknast som verdsarv. Fleirtalet meiner dette er eit godt grep for å sikre villreinen og gi han auka status og eit grep som har lokal tilslutning. Fleirtalet støttar at regjeringa går vidare med ei vurdering av grunnlaget for å få «Villreinfangsten på Dovre» inn på Noregs tentative liste for verdsarvområde. I denne vurderinga skal IUCN (International Union for Conservation of Nature) si anbefaling inngå.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa gå vidare med å setje ‘Villreinfangsten på Dovre’ på Noregs tentative liste for verdsarvområde.»

2.5 Tilstand, utvikling og påverknader

2.5.1 Om kunnskapsgrunnlaget og uvisse

Komiteen syner til at kunnskapsgrunnlaget for villreinforvaltninga byggjer på ei lang rekkje vitskaplege arbeid, men òg erfaringsbasert kunnskap. Ved sida av rovviltbestandane er villrein den viltarten som er mest overvaka og den viltarten det er samla inn mest kunnskap om. Særleg gjeld dette i dei nasjonale villreinområda.

2.5.2 Villrein i eit globalt perspektiv

Komiteen viser til at om lag 80–90 pst. av den ville, europeiske fjellreinbestanden held til i Noreg. Dette medfører at Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å sørgje for levedyktige bestandar av villrein i Noreg.

2.5.3 Påverknad på villrein i dag og forventa utvikling

Komiteen syner til at det er mange interesser i villreinfjellet som har påverknad på villreinen sine kår. Menneska sin påverknad og bruk av villreinfjellet har vore aukande og meir inngripande for kvart tiår sidan starten av 1900-talet. Viktige samfunnsinteresser og infrastruktur som vasskraft, kraftliner, vegar, jarnbane, friluftsliv, landbruk, reiseliv, forsvar og klimaendringar har kvar for seg og samla ført til at villreinfjellet no er oppstykka i 24 villreinområde. Komiteen merkar seg at om utviklinga held fram som i dag, er det uvisst om det vil vere villrein igjen i 2100. Komiteen meiner det er nødvendig med tiltak i alle sektorar slik at ein kan snu den negative utviklinga for villreinen.

2.5.3.1 Energi og vassdrag

Komiteen syner til at villreinfjellet inneheld ein stor del av vassressursane som er eigna for vasskraftproduksjon, og at det i dei aller fleste villreinområda er utbygd vasskraft som i ulik grad påverkar dei ulike villreinbestandane. Komiteen syner til at ein i seinare tid har vore meir restriktiv med å tildele konsesjonar til prosjekt som kan kome i konflikt med villreininteressene. I dei tilfella der ein likevel har tillate utbygging, har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sett vilkår i konsesjonane som tek omsyn til villrein gjennom både byggje- og driftsfase. Komiteen merkar seg òg at ein i nyare tid har sett ferdselsrestriksjonar på anleggsvegar tilknytt vasskraftanlegg. Komiteen merkar seg at det trass i nemnde omsyn er krevjande å finne avbøtande tiltak som i tilstrekkeleg grad oppvegar ulempene tiltaka har for villrein. Komiteen merkar seg at ein i samband med vilkårsrevisjonar har pålagt konsesjonærane å setje av midlar til villreinfond som skal nyttast til tiltak som verkar positivt for villreinen i dei aktuelle områda.

Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti, syner til at energistyresmaktene ikkje kan sjå vekk frå søknader om nye produksjonsanlegg eller kraftleidningar i villreinområda, og at styresmaktene er pliktige til å handsama slike søknader.

Fleirtalet syner til at vindkraftanlegg ikkje kan gjevast konsesjon før det er vedteke kommunal områderegulering.

Eit anna fleirtal, medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, syner til at det er særs streng praksis for å gi løyve til nye energianlegg i sjølve villreinområda, noko som òg gjeld inngrep i randområde dersom det har påverknad på villrein.

Komiteen vil påpeike at det er skilnad på eksisterande produksjonsanlegg og linjenett og etablering av nye anlegg. Komiteen legg til grunn at styresmaktene tek naudsynt omsyn til villreinen ved oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg og linjenett, at ein held fram med å setje av midlar til villreinfond der det er aktuelt, og at ein i samband med oppgraderingar og vilkårsrevisjonar må vurdere om andre tiltak kan vere aktuelle for å redusere anlegget sin påverknad på villreinen.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet de Grønne vil understreke viktigheten av at nye inngrep i villreinområdene minimeres. Det er streng praksis for å gi tillatelse til nye kraftanlegg i villreinområder og randområdene, men siden disse inngrepene har så stor virkning, er det nødvendig å sikre at det ikke bygges nye kraftanlegg i disse områdene.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det ikke gis nye konsesjoner til kraftproduksjon i villreinområder.»

Komiteens medlemmer fra Venstre og Kristelig Folkeparti mener energi- og vassdragsmyndighetene må være restriktive med å gi konsesjoner til nye energiproduksjonsanlegg i villreinområder dersom anleggene har negativ påvirkning for villreinen.

2.5.3.2 Samferdsel

Komiteen syner til at vegar og jarnbane i mange område fungerer som effektive stengsel for villreinen sine høve til å vandre fritt. Komiteen syner til at det har vore prøvd ut ulike former for regulering av brøyting, vinteropning, stoppforbod o.l. i fleire ulike villreinområde. Komiteen merkar seg at ulike typar reguleringar kan vere aktuelle i ulike område, og at dette må vurderast i samband med tiltaksplanane som følgjer av kvalitetsnorma. For dei større grepa som omlegging av vegar, bygging av tunnelar mv. viser komiteen til meldinga. Komiteen merkar seg at vegstyresmaktene har teke omsyn til villreinen når ein har utarbeid framlegg til oppgraderingar av vegnettet.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne mener at det er helt nødvendig å re-etablere trekkruter som i dag er delt opp av veier og jernbanelinjer. Disse medlemmer har merket seg at det ligger mange gode forslag til tiltak tiltaksplanene for villreinområder. Disse medlemmer viser til forslaget til tiltaksplan for Hardangervidda som blant annet peker på at rv. 7 i praksis utgjør en fullstendig barriere for villreintrekk mellom sentral-vidda og vidda nord for rv. 7. Samtidig utgjør E134 på sørsiden av Hardangervidda en stor barriere for trekk mellom Setesdal/Ryfylke i sør og Hardangervidda, noe som bidrar til at den europeiske villreinregionen i Langfjella ikke henger sammen.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at tiltaksplanene for villreinområdene inneholder tiltak som reetablerer trekkruter for villrein som i dag er delt opp av veier og jernbanelinjer.»

«Stortinget ber regjeringen om å komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvilke vei- og jernbanestrekninger som kan legges i tunnel eller på annen effektiv måte bidra til å restaurere villreinens leveområder.»

2.5.3.3 Busetnad og fritidsbustader

Komiteen syner til at det dei seinare tiåra har blitt bygd mange fritidsbustader kring villreinområda. Det er lite nybygging av hytter til fritidsbruk inne i villreinområda. Komiteen merkar seg likevel at auka tal hytter i randsonene til villreinområda påverkar villreinen negativt gjennom auka menneskeleg ferdsel inne i villreinområda. Komiteen syner til at kommunane har eit ansvar for å ta omsyn til villreinområda også ved planlegging av fritidsbustader i randsonene.

2.5.3.4 Friluftsliv

Komiteen syner til at det er eit nasjonalt mål innan friluftsliv å hegne om friluftslivet og utvilke det vidare ved å ta vare på allemannsretten, bevare og leggje til rette viktige friluftsområde og stimulere til meir friluftsaktivitet for alle. Mange av villreinområda er blant dei mest populære områda for ferdsel og friluftsliv i landet. Komiteen viser til at den største delen av ferdselen skjer til fots, og undersøkingar syner at 80–90 pst. av ferdselen følgjer merkte løyper og stiar. Komiteen syner til at stor ferdsel langs stiar og løyper i fleire tilfelle har ført til at villreintrekka har stoppa eller blitt reduserte. Komiteen syner til at summen av ulike former for friluftsaktivitet og ferdsel i dag har stor negativ effekt i dei fleste nasjonale villreinområda, og i fleire av dei andre mindre områda. Komiteen syner til at ferdsel er ein viktig faktor som må handterast betre og med endra politikk dersom ein skal betra tilstanden for villrein.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti, viser til at utbygging av ulike former for infrastruktur innenfor og i randsonene til villreinområdene, som hotell, alpinanlegg, gondolbaner, turstier, sykkelveier og lignende i dag bidrar til å kanalisere ferdsel inn i områdene. Slike inngrep kan også utgjøre fysiske barrierer for villreinen. Infrastrukturinngrep i og i randsonen til villreinområdene bør begrenses. Flertallet er enig i at det bør være høy terskel for å legge begrensninger på friluftsliv og ferdsel i norsk natur og mener tiltak som begrenser arealinngrep, motorferdsel og andre typer belastninger alltid bør vurderes og prioriteres høyere hvis de kan gi like god effekt. I en del områder som er spesielt viktige for villreinen, er friluftsliv blant de største belastningene. I disse områdene kan det være nødvendig med mer inngripende tiltak enn i dag, også rettet mot friluftslivet.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne har merket seg at regjeringen skriver i meldingen at de vil bruke minst mulig inngripende virkemidler for å kanalisere ferdselen. Disse medlemmer er uenige i dette.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne mener det er sterkt beklagelig at man har havnet i en situasjon der omfattende utbygging i villreinfjellet har bidratt til at situasjonen for villreinen er så alvorlig at det er behov for tiltak rettet mot tradisjonelt friluftsliv i enkelte områder. Disse medlemmer mener det er avgjørende at regjeringen prioriterer raske og omfattende tiltak for å stanse hyttebygging, redusere motorferdsel og restaurere natur i villreinområdene. Uten en reform av arealpolitikken i disse områdene er det risiko for at behovet for å begrense friluftslivet øker ytterligere. En utvikling der stadig mer av norske fjellområder beslaglegges av hyttebygging, samtidig som allemannsretten svekkes, kan ikke aksepteres.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne mener det er nødvendig å etablere et generelt byggeforbud i villreinområdene.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag.

«Stortinget ber regjeringen innføre forbud mot bygging av nye hytter i villreinens leveområder, også i eksisterende hyttefelt.»

«Stortinget ber regjeringen innføre forbud mot alle nye inngrep i villreinens leveområder.»

2.5.3.5 Motorferdsel i utmark

Komiteen syner til at motorferdsellovutvalet nyleg har lagt fram ein NOU om ny motorferdsellov som skal regulere motorferdsel i utmark. Komiteen vil vidare syne til at motorferdsel, til liks med annan ferdsel, påverkar villreinen negativt og at motorferdsel såleis inngår i den samla belastninga. Komiteen merkar seg at ein ved hjelp av teknologi nokre stader regulerer høve til motorferdsel i utmark utifrå kvar villrein til kvar tid oppheld seg.

Komiteen har merket seg at regjeringen skriver i meldingen at totalomfanget av motorferdsel i villreinområdene skal reduseres, blant annet på anleggsveier, landbruksveier og i utmarka. Komiteen støtter denne ambisjonen.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til en reduksjon i bruken av motoriserte kjøretøy i villreinens leveområder, samt økt kontroll med motorferdsel i disse områdene.»

2.5.3.6 Vern, skjøtsel og restaurering

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti viser til at Miljødirektoratet i november 2020 fikk et oppdrag fra Klima- og miljødepartementet under regjeringen utgått fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti om en ytterligere faglig vurdering av områdene under kategorien nasjonalpark. Direktoratet skulle vurdere behovet for nye nasjonalparker og utvidelser av eksisterende nasjonalparker. Vurderingen skulle skje ut fra de tre nasjonale målene for naturmangfold. Disse medlemmer viser til Miljødirektoratets vurdering av mulige nye nasjonalparker fra 2021, som blant annet påpekte at en utvidelse av Rondane nasjonalpark sørover og Forollhogna nasjonalpark i Tynset kommune, ville bidratt til oppfylling av vurderingskriteriene for nye verneområder. Begge områdene vil sikre villreinen mer og bedre areal. Disse medlemmer mener videre prosess for utvidelse av disse nasjonalparkene må gjennomføres. Dette må innebære videre utredninger og grundigere kartlegging, både som grunnlag for naturfaglig avgrensing og vurdering mot andre interesser, med et klart mål om at nasjonalparkene skal utvides.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sikre videre prosess for utvidelse av Rondane nasjonalpark og Forollhogna nasjonalpark.»

2.6 Verkemiddel og tiltak for å nå måla om tilstanden til villreinen

2.6.1 Tidsrammer for målene i meldingen

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne viser til at regjeringen har satt mål om at den negative utviklingen for villreinen skal snus innen 2030, at alle villreinområdene skal ha minst middels god kvalitet innen 2050 og god kvalitet innen 2100. Disse medlemmer mener det er bra at regjeringen foreslår konkrete, tidfestede mål med utgangspunkt i kvalitetsnormen. Disse medlemmer mener imidlertid at målet for 2050 bør være at minst halvparten av områdene skal ha god kvalitet, mens resten skal ha minst middels kvalitet. I tillegg bør målet være at alle områder har god kvalitet innen 2065. Dagens kritiske situasjon for villreinen tilsier at tiltaksplanene for villreinområdene må være ambisiøse nok til å gi rask effekt.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sette et mål om at minst halvparten av villreinområdene skal ha god kvalitet innen 2050 og at alle villreinområder skal ha minimum middels kvalitet eller bedre i 2050.»

«Stortinget ber regjeringen sette et mål om at alle nasjonale villreinområder skal ha god kvalitet innen 2065.»

Disse medlemmer viser til at regjeringen foreslår at de ti nasjonale villreinområdene skal kunne inngå i Norges bidrag til å nå det globale målet om minst 30 pst. bevaring av natur. Disse medlemmer er uenige i at beskyttelsen av naturen i disse områdene er tilstrekkelig omfattende til å kvalifisere til dette. Disse medlemmer vil peke på at områdene som meldes inn for å nå målet om minst 30 pst. bevaring av natur, må gi reell beskyttelse av hele naturmangfoldet. Tiltak for å beskytte enkeltarter er i seg selv ikke nok til å legge til grunn at hele området bevares. Hvis området skal meldes inn til det globale naturområder må områdene også ha et tradisjonelt vern som er bindende og langsiktig. Disse medlemmer vil også minne om at et hovedprinsipp i Naturavtalen er at et representativt utvalg av ulike naturtyper skal beskyttes.

Komiteens medlem fra Venstre mener regjeringens målsetting om å stanse den negative utviklingen i alle de 24 villreinområdene innen 2030, og oppnå minimum middels kvalitet for alle disse områdene innen 2050, og god kvalitet innen 2100 er for lite ambisiøs. Dette medlem har merket seg at flere høringsinstanser mener denne tidshorisonten er for lang, og dette medlem mener det er viktig at tiltaksplanene for villrein følges opp med ressurser og tiltak så snart de er vedtatt.

Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen fastsette et mål om å stoppe den negative utviklingen i alle de 24 villreinområdene innen 2028, oppnå minimum middels kvalitet i alle områdene innen 2035, og god kvalitet innen 2050.»

2.6.2 Politikk for å nå måla om villreinens tilstand

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, syner til meldinga der regjeringa legg opp til følgjande mål:

  • å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030

  • å oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområde innan 2050

  • å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100

Fleirtalet sluttar seg til målsetjingane og meiner det er viktig at det vert fastsett langsiktige, realistiske målsetjingar i villreinpolitikken.

Fleirtalet sluttar seg vidare til dei fem strategiske områda som skal svare ut og bidra til å løyse dei komplekse utfordringane i villreinfjellet. Desse er:

  • 1. heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet

  • 2. auka tilrettelegging av villreinvennleg ferdsel

  • 3. betre villreinhelse

  • 4. meir berekraftig bestandsforvaltning av villrein

  • 5. målretta restaurering av leveområda til villreinen

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti, vil peike på dei konkrete tiltaka meldinga nemner, og sluttar seg til desse. I tillegg legg dette fleirtalet til grunn at meldinga skal gi forankring, retning og overordna føringar for det meir detaljerte og områdespesifikke arbeidet som føregår med utarbeiding av tiltaksplanar for kvart enkelt område.

Dette fleirtalet meiner strategiområde «heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet» i meldinga er godt underbygd, og sett i samanheng med pågåande arbeid med områdespesifikke tiltaksplanar som denne meldinga gjev grunnlag for, vil ein kunne oppnå å sikre villreinen nok areal utan unødige forstyrringar.

Dette fleirtalet sluttar seg til tiltaka i meldinga. Dette fleirtalet legg til grunn at kommunane framleis har hovudansvaret i utøving av arealpolitikken gjennom vedtak av planar etter plan- og bygningslova. Dette fleirtalet vil særleg trekke fram dei regionale planane si betydning for heilskapleg arealforvaltning på tvers av kommunegrensene. Med unntak av Norefjell–Reinsjøfjell er det berre dei ti nasjonale villreinområda som er omfatta av ein regional plan for villreinfjellet. Dette fleirtalet meiner dei regionale planane er gode styringsverktøy for dei nasjonale områda, men at dei andre villreinområda òg må få tilsvarande styringsverktøy, enten gjennom kommunale arealplanar, regionale planar eller ved å på annan eigna måte inkludere eigne føresegner for villreinfjellet i eksisterande plansystem som kommunane rår over. Ein kan vurdere å unnta dei aller minste områda. Dette fleirtalet vil åtvare mot å inndele villreinfjellet i A- og B-område, og meiner det er viktige kvalitetar også i dei 14 andre områda som må sikrast betre ivaretaking.

Dette fleirtalet støttar at regjeringa vil lage ein tematisk naturrekneskap for villrein for å styrke kunnskapen om leveområda for villrein, og endringane i arealbruk og økosystemtenester. Dette fleirtalet understrekar at ein slik naturrekneskap for villrein må utviklast slik at det blir eit nyttig verktøy for kommunane i deira arealforvaltning.

Dette fleirtalet meiner såkalla planvask kan ha god effekt, og det er eit godt grep for å sikre kommunane ei aktiv og styrande rolle i arealforvaltninga i villreinfjellet.

Eit tredje fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at meldinga peikar på behov for å revidere dei gjeldande utbyggingsplanane grunna ny kunnskap, og at det er særleg behov for å vurdere område som er sette av til fritidsbustader, og som enno ikkje er bygd ut. Vidare at gamle kommuneplanar og reguleringsplanar bør gjennomgåast og oppdaterast med bakgrunn i ny kunnskap om konsekvensar for villreinen. Dette fleirtalet vil peike på at det er viktig at planar etter plan- og bygningslova er føreseielege, og legg til grunn at det er kommunane sjølve som skal ha styringa med å ta tiltak ut av planverket. Dette fleirtalet viser til at det er forvaltningspraksis at kommunale planar som er avgjorde av departementet, ikkje blir oppheva med mindre kommunane tek initiativ til dette.

Det andre fleirtalet, medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti, fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa på eigna måte sørgje for at alle villreinområda får styringsverktøy tilsvarande dei regionale planane, enten gjennom kommunale arealplanar, regionale planar eller på annan eigna måte inkludere eigna føresegner for villreinfjellet i eksisterande plansystem som kommunane rår over.»

Dette fleirtalet meiner strategiområde «auka tilrettelegging av villreinvenleg ferdsel» i meldinga er godt underbygd, og sett i samanheng med pågåande arbeid med områdespesifikke tiltaksplanar som denne meldinga gjev grunnlag for, vil ein kunne oppnå betre informasjon, styring av ferdsel og reduksjon av unødig ferdsel. Dette fleirtalet sluttar seg til tiltaka i meldinga.

Komiteen meiner allemannsretten framleis skal stå sterkt i villreinfjellet. Samstundes er det krevjande at brukargruppene av villreinfjellet er i endring, og at kunnskap om villreinvenleg ferdsel ikkje er gjengs kunnskap. Komiteen meiner auka samarbeid med aktørar som legg til rette for ferdsel, som turforeiningar, idrettslag, friluftsorganisasjonar med fleire, er viktig for å nå ut med kunnskap om korleis ein kan ferdast i desse områda, men òg for å kunne styre ferdselen gjennom kanaliseringstiltak.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti, meiner ein gjennom tiltaksplanarbeidet må vurdere midlertidige ferdselsrestriksjonar som er forankra i lovverk, men òg om varig endra tilrettelegging i nokre tilfelle kan vere naudsynt (omlegging av merkte ruter, turisthytter mv.). I slike tilfelle må særleg frivillig sektor sikrast gode avbøtande tiltak og kompensasjon.

Dette fleirtalet fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa sikre gode avbøtande tiltak for frivillig sektor i dei tilfelle merkte stiar eller turisthytter må leggjast ned eller flyttast.»

Dette fleirtalet meiner staten sjølv har eit stort ansvar i å redusere eigen motorferdsel gjennom statlege etatar, og å fremje villreinvenleg ferdsel gjennom handling.

Dette fleirtalet vil peike på at særleg motorferdsel er ulikt regulert i og utanfor verneområda. Uavhengig av forvaltningsregime må motorferdsel i utmark betre tilpassast villreinen sitt behov.

Dette fleirtalet meiner strategiområde «auka tilrettelegging av villreinvenleg ferdsel» i meldinga er godt underbygd , og sett i samanheng med pågåande arbeid med områdespesifikke tiltaksplanar som denne meldinga gjev grunnlag for, vil ein kunne oppnå betre informasjon, styring av ferdsel og reduksjon av unødig ferdsel. Dette fleirtalet sluttar seg til tiltaka i meldinga.

Komiteen syner til at fleire sjukdomar og parasittar fører til redusert dyrehelse og dyrevelferd. Påvising av Chronic wasting disease (CWD) i Nordfjella medførte statleg nedslakting av heile denne villreinbestanden for å bekjempe og avgrense spreiing av denne smittsame sjukdomen. Seinare er det påvist CWD på to rein på Hardangervidda. Komiteen syner til at det pågår forsking på sjukdomen, og at strategien er å begrense og om mogleg bekjempe sjukdomen i Noreg. Komiteen syner til at staten i samband med vedtak om nedslakting også la føringar om at reetablering av villreinbestanden skulle vere igangsett etter fem år etter nedslaktinga, dersom risikoen for gjenoppblomstring og resmitte var akseptabel.

Komiteen syner til at det har blitt utarbeid fleire rapportar om korleis villrein i Nordfjella sone 1 skal reetablerast, kva som kan vere riktig kjeldebestand og når slik reetablering kan skje. Komiteen syner til at Miljødirektoratet meiner reetablering frå bestanden i sone 2 best vil ta i vare det genetiske bevaringsmomentet, då denne bestanden er genetisk mest lik. Det vil òg vere den enklaste og billigaste bestanden å reetablere frå. Komiteen merkar seg at dette har lokal aksept. Komiteen legg til grunn at villrein blir reetablert i Nordfjella i sone 1 med villrein frå sone 2 når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå, slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.

Komiteen meiner strategiområde «meir berekraftig bestandsforvaltning av villrein», sett i samanheng med pågåande arbeid med områdespesifikke tiltaksplanar som denne meldinga gjev grunnlag for, er godt underbygd. Komiteen legg til grunn at alle sektorar som påverkar villrein negativt, skal bidra til å finansiere tiltaksplanar etter kvalitetsnorma, blant anna gjennom finansiering av tverrsektorielle villreinfond.

Komiteen fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa snarast mogleg reetablere villrein i Nordfjella i sone 1 med villrein frå sone 2 når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå, slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.»

2.6.3 Framtidas villreinfjell

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne viser til at store deler villreinens beiteområder ligger utenfor verneområder og nasjonalparker, dette er blant annet tilfellet på Hardangervidda. Disse medlemmer mener en utvidelse av nasjonalparkene i disse områdene kan bidra til å bedre tilstanden for villreinen og gi store gevinster for både natur og friluftsliv. Disse medlemmer har merket seg at regjeringen i meldingen skriver at de vil vurdere utvidelser av nasjonalparker der det er lokal støtte til dette. Disse medlemmer ser positivt på dette og er enige i at lokal støtte bør vektlegges. Disse medlemmer mener likevel at lokal støtte ikke bør være avgjørende for å vedta utvidelser av nasjonalparker hvis hensynet til villrein, natur og friluftsliv tilsier utvidelse.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nye verneområder og en utvidelse av eksisterende verneområder i villreinens leveområder.»