Søk

Sammendrag

Innleiing

Etter Grunnlova § 75 bokstav i kan Stortinget mellom anna innvilge pensjonar frå statskassa.

I proposisjonen blir det lagt fram ei liste over pensjonar som departementet mellombels har innvilga i 2023, og som ein ber om Stortingets endelege godkjenning av.

I 2023 blei det utbetalt 17 466 632 kroner i pensjon av statskassa. I statsbudsjettet for 2024 er det løyvt 17 800 000 kroner på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.

Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte.

Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei lokalt tilsette er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider.

Dei aller fleste lokalt tilsette er i dag omfatta av lokale ordningar. I nokre tilfelle kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg, eller at tilhøve i tenestelandet kan føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa på vegne av vedkomande.

Eventuell yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar, er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp ved pensjonering. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon blir utsett.