1.1 Utbygging og finansiering av E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus
Stortinget slutta seg til utbygging og finansiering
av E134 Oslofjordforbindelsen, inkludert Oslofjordtunnelen, ved
behandling av St.prp. nr. 87 (1995–96) Delvis bompengefinansiering
av rv. 23 Oslofjordforbindelsen og Innst. S. nr. 73 (1996–97). Samferdselsdepartementet la
i proposisjonen til grunn at utbygginga av Oslofjordtunnelen skulle
skje i takt med trafikkutviklinga. Utbygginga av tunnelen blei derfor
planlagt gjennomført i to byggetrinn. Det første byggetrinnet omfatta
dagens Oslofjordtunnel med tilhøyrande veg og blei opna for trafikk
i juni 2000.
Finansieringa av E134 Oslofjordforbindelsen
byggetrinn 2 er basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet
er mellom anna omtalt i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan
2022–2033, og Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet.
Det er lagt opp til anleggsstart i 2025 og opning for trafikk i
2032. Byggetrinn 2 omfattar bygging av eit nytt tunnelløp i Oslofjordtunnelen
parallelt med det eksisterande, med samband mellom nytt og eksisterande
tunnelløp. Bygging av slike samband er avgjerande for tryggleiken
ved ein tunnelbrann. Risiko for alvorlege skadar på menneske som
følgje av brann vil bli betydeleg redusert. Prosjektet vil gi ein
markant betre trafikktryggleik, særleg fordi ein fjernar moglegheita
for møteulykker. Byggetrinn 2 omfattar òg utviding av eksisterande
veg mellom Måna og Vassum frå to- til firefelts veg med nye løp
i Frogntunnelen og Vassumtunnelen. Målet med utbygginga er ei sikker
kryssing av Oslofjorden i eksisterande trasé for E134 og auka framkomst
ved at oppetida aukar frå 90 til 99 pst. I perioden 2013–2022 er
det registrert 23 ulykker på strekninga, med til saman 3 hardt skadde,
3 drepne og 29 lettare skadde.
I 2014 blei det utarbeidd ei konseptvalutgreiing (KVU)
for kryssing av Oslofjorden. Denne utgreiinga vurderte ulike konsept
som kunne redusere Oslofjorden som barriere for transport. I tillegg
blei det vurdert bru som alternativ til E134 Oslofjordforbindelsen
byggetrinn 2.
Kvalitetssikring av konseptvalutgreiinga for
kryssing av Oslofjorden (KS1) blei gjennomført i 2015. Samferdselsdepartementet
vedtok i 2018 bygging av nytt tunnelløp i dagens trasé som konseptval
for kryssing av Oslofjorden på E134.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring
(KS2) av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2.
Med bakgrunn i ekstern kvalitetssikrar si vurdering har
Statens vegvesen revidert kostnadsoverslaget sitt. Statens vegvesen
tilrår no ei styringsramme på 5 243 mill. 2020-kroner og ei kostnadsramme
på 5 904 mill. 2020-kroner. Rekna om til 2024-prisnivå blir styringsramma
6 883 mill. kroner og kostnadsramma 7 750 mill. kroner.
Utbygginga av E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn
2 er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Den statlege
delen utgjer 33,5 pst. Det er lagt til grunn eit bompengebidrag
til prosjektet på til saman 4 574 mill. 2024-kroner, som er 66,5
pst. av finansieringsramma.