Regjeringa legg fram ei stortingsmelding om
profesjonsutdanningane, det vil seie lærar-, ingeniør- og helse-
og sosialfagutdanningane. Regjeringa vil med meldinga forsterke
og spele på eigenarten til profesjonsutdanningane. Dette er utdanningar
som med ein desentralisert struktur og kunnskapsbase, bygd på praksisnær
erfaring og kunnskap, har bidratt til å demokratisere utdanningssystemet
og bygge og trygge velferdsstaten.
Regjeringa skriv at profesjonsutdanningane må vere
godt nok innretta for å svare på samfunnsutfordringane som kjem.
Regjeringa meiner at på vegen mot eit samla system for norsk høgare
utdanning, har det i for stor grad vore krava til dei etablerte
universiteta som har vist veg. Dei siste tiåra har utviklinga i
profesjonsutdanningane i for stor grad følgt det same mønsteret
og dei same krava som disiplinutdanningane. I prosessen har noko
av eigenarten til utdanningane gått tapt, og det er derfor naudsynt
å ta grep for at utdanningane skal bli profesjonsnære og relevante
for yrka studentane skal gå ut i. Profesjonsutdanningane må vere
både forskingsbaserte og baserte på erfaringskunnskap. No er det
mykje som tyder på at erfaringskunnskapen er for svakt til stades
i utdanningane. Derfor må det sikrast at utdanningane er meir profesjonsnære.
Profesjonsutdanningane har nokre felles utfordringar,
mellom anna rekruttering, kjønnsbalanse og mangfald. Mange av fagmiljøa
har dessutan korte tradisjonar for forsking, og dei har utfordringar
med å få tak i tilsette som både har erfaring frå praksisfeltet
og relevant forskingskompetanse.
Videre er dette utdanningar som er strengare
regulerte av staten enn andre utdanningar. Dette skjer gjennom rammeplanar
og retningslinjer som set rammer for utdanningane og innhaldet i
dei. No ønsker regjeringa at målet om å «styre meir i det store
og mindre i det små» også skal gjelde for desse utdanningane. Fagmiljø får
meir handlingsrom til å legge opp utdanningane på ein måte som er
tilpassa studentane og lokale behov, samtidig som krava til kvalitet
er dei same.