1.9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Det blir i meldinga peikt på at ho gir mål og
innsatsområde for åra framover. Det overordna målet er at folk skal
kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. Tiltaka som er lagde
fram under dei fire innsatsområda, støttar opp om dette målet. Fleire
av tiltaka er nyleg vedtekne av Stortinget, mens andre peiker på
kva regjeringa vil prioritere framover. Tiltak som er nye, vil følgje
ordinære prosessar for budsjett og regelverksendringar. I meldinga
følgjer denne omtala av konsekvensar av nye tiltak:
Tiltak under innsatsområde
1: Fleire skal få høve til å eige eigen bustad
Etterspurnaden etter startlån vil truleg auke
noko som følgje av forsøksordninga og endringar i regelverket. Låneramma
til Husbanken vil bli fastsett i dei årlege budsjettprosessane.
Dersom det blir gjort endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova
for å leggje til rette for bustadkjøpsmodellar, vil konsekvensane
av desse endringane bli gjorde greie for i ein tilhøyrande proposisjon.
Tiltak under innsatsområde
2: Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg
Dersom det blir gjort endringar i husleigelova,
vil konsekvensar av desse endringane bli gjorde greie for i ein
tilhøyrande proposisjon. Endringar i forskrift om lån frå Husbanken
kan innebere ein høgare etterspurnad, men nye krav kan òg dempe
etterspurnaden noko. Låneramma til Husbanken vil bli fastsett i
dei årlege budsjettprosessane. Informasjonsarbeid, utvikling av statistikk
og forsking er tiltak som vil krevje meir ressursar, men vil bli
gjennomførte innanfor gjeldande rammer og ha forholdsvis små administrative
konsekvensar.
Tiltak under innsatsområde
3: Ta vare på dei bustadene vi har, og byggje dei vi treng
Nokre av tiltaka handlar om å styrkje tilskot
og budsjettpostar som Stortinget nyleg har vedteke. Ein del av tiltaka
handlar om moglege regelverksendringar i plan- og bygningslovgivinga
og låneordningane til Husbanken, og eventuelle konsekvensar av slike
endringar vil bli gjorde greie for i ordinære prosessar. Det kan
vere økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane, byggjenæringa
og andre aktuelle partar. Tiltaka som omhandlar kunnskapsutvikling,
datatilgang, rettleiing og samarbeid, har avgrensa økonomiske og administrative
konsekvensar og vil bli handterte innanfor dei gjeldande økonomiske
rammene. Digitalisering av plan- og byggjesaksprosessane har økonomiske
konsekvensar for stat, kommune og næring. For kommunane, byggjenæringa
og andre brukarar av regelverket vil digitaliseringa gi gevinstar.
Tiltak under innsatsområde
4: Forsterka innsats for dei som ikkje klarer å skaffe seg eller
behalde ein eigna bustad sjølve
Tiltak som handlar om at Husbanken skal støtte opp
om det bustadsosiale arbeidet i kommunane, vil krevje noko auka
ressursar frå Husbanken. Auken skal i utgangspunktet dekkjast innanfor
dei gjeldande økonomiske rammene. Dersom alle kommunar tek i bruk systemet
for kommunale bustader og bustadsosialt arbeid (Kobo), vil det ha
økonomiske og administrative konsekvensar for Husbanken. Desse konsekvensane
vil bli dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene. Dei kommunane
som tek i bruk Kobo, vil få gevinstar med det nye systemet og vil
truleg måtte endre noko på innretninga av det bustadsosiale arbeidet
sitt. Ei eventuell vidareutvikling av Kobo kan ha både økonomiske
og administrative konsekvensar som må behandlast i dei ordinære
budsjettprosessane.
Tiltak under Rolla til
det offentlege – å styrkje rolla til kommunane og gjenreise og fornye
Husbanken
Dersom det blir gjort endringar i plan- og bygningslova
for å gi kommunane større moglegheit til å styre bustadsamansetjinga,
vil konsekvensar av desse endringane bli gjorde greie for i ein
tilhøyrande proposisjon. Husbanken har fått nye oppgåver sidan regjeringa
tiltredde. Desse blir dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene.
Det kan bli aktuelt å gi Husbanken enda fleire oppgåver, særleg
dersom behovet i kommunane tilseier det. Regjeringa vil i så fall
kome tilbake til saka i dei ordinære budsjettprosessane.
Tilbakeføring av oppgåver frå statsforvaltarane
i Vestland, Rogaland og Nordland til Husbanken vil innebere overføring
av tilhøyrande ressursar og tilsette. Overføringa blir gjennomført
innanfor uendra samla budsjettrammer til formålet, og økonomiske
konsekvensar vil bli behandla i dei ordinære budsjettprosessane.
Overføringa må følgje lov og avtaleverk som gjeld for det statlege
tariffområdet og innanfor gjeldande rettleiing og retningslinjer
for Personalpolitikk ved omstillingsprosessar som er utarbeidd av
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i samråd med hovudsamanslutningane.