1. Sammendrag

1.1 Del I – Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer i Noreg

Meld. St. 11 (2023–2024) til Stortinget er ei oppfølgjing av regjeringsplattforma og eit svar på oppmodingsvedtak nr. 866 frå Stortinget juni 2023, jf. boks 1.1 i meldinga. Av Prop. 1 S (2023–2024) går det fram at regjeringa vil leggje fram ei konkretisering av ein strategi for auka sjølvforsyning slik at han kan handsamast av Stortinget før jordbruksoppgjeret 2024.

Krig, ustabile forsyningar av mat og energi og store klima- og miljøutfordringar pregar kvardagen til millionar av menneske verda over. Den globale usikkerheita understrekar tydinga av eigen matproduksjon som ein viktig del av beredskapen mot kriser i Noreg. Eit aktivt jordbruk i heile landet og ein berekraftig matproduksjon er viktig for at vi skal kunne skape ei trygg framtid for folk i Noreg. Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å sikre befolkninga nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og gjennom dette bidra til sysselsetjing i heile landet, god ernæring og helse.

Regjeringa viser i meldinga til Hurdalsplattforma og at sjølvforsyninga, korrigert for import av fôrråvarer, skal aukast samstundes som klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast og opptaket av karbon aukast. I tillegg skal produksjonen tilpassast eit endra og vanskelegare klima. Det vert lagt til grunn at ein variert bruksstruktur, som er tilpassa norske naturressursar og geografi, gjev dei beste moglegheitene for å produsere mat på ein berekraftig og klimavennleg måte. Ein berekraftig matproduksjon og auka sjølvforsyningsgrad handlar òg om andre viktige samfunnsmål, som til dømes verdiskaping, arbeidsplassar i heile Noreg og god folkehelse.

Totalberedskapskommisjonen skriv i sin rapport at matproduksjon er viktig beredskap, og kommisjonen sin hovudkonklusjon under vurderinga av matforsyning er at «det er nødvendig å øke selvforsyningsgraden». Kommisjonen tilrår «å umiddelbart legge planer for økt selvforsyningsgrad basert på norske råvarer». Meldinga er eit svar på det siste.

Regjeringa viser i meldinga til at den endra geopolitiske situasjonen, gjer at regjeringa er oppteken av sikkerheit for befolkninga og arbeider på alle felt for å styrke beredskapen. Matberedskapen er ein sentral del av totalberedskapen og auka sjølvforsyning er eit viktig element inn i denne samla satsinga på matberedskap.

Sjølvforsyningsgraden er eit mål på kor mykje av heimemarknaden målt på energibasis som er produsert i Noreg, og er eit av fleire mål på kva marknadsandel den norske matsektoren har i den norske matmarknaden. Sjølvforsyningsgraden vert påverka av ei rekkje tilhøve både på produksjons- og forbrukssida – mange av desse ligg utanfor jordbrukspolitikken.

På produksjonssida er naturgjevne produksjonstilhøve, klima og kvalitetskrav viktige faktorar. Auka planteproduksjon til mat og fôr i Noreg er heilt avgjerande for å auke sjølvforsyninga. Det handlar om å produsere meir av dei vegetabilske matvarene i Noreg, satse på bruk av beiteressursane, auka bruk av gras framfor kraftfôr og auka norskandel i kraftfôret. Ein avgjerande føresetnad for auka sjølvforsyning er auka lønnsemd for produksjon av mat. Regjeringa legg i tråd med Hurdalsplattforma fram ein opptrappingsplan for inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. del 2 av meldinga.

For å auke sjølvforsyninga er det avgjerande å oppretthalde den høge norskandelen for dei produkta som allereie har høg norskandel, mellom anna kjøt, egg og mjølkeprodukt.

På forbrukssida er forbrukarpreferansar/-trendar og prisar viktige faktorar som påverkar etterspurnaden. Fleire utgreiingar viser at ein vesentleg auke i sjølvforsyningsgraden er avhengig av mellom anna endringar i kosthaldet i retning energirike plantevekstar til mat som kan produserast i Noreg, samstundes som den høge sjølvforsyningsgraden på husdyrprodukt vert oppretthalde. Ein samla innsats frå næring og myndigheiter for å auke etterspurnaden etter norske jordbruksvarer frå forbrukarar, storhushaldningar, bedrifter og det offentlege, er òg viktig for å auke sjølvforsyninga.

For å oppnå varig auke i sjølvforsyninga er ein avhengig av bidrag frå alle aktørane i verdikjeda for mat. Sentrale bidrag i denne samanhengen er forsking, agronomi og produktutvikling. Det er særs viktig at norske produkt opprettheld konkurransekrafta mot importerte varer. Det vil seie at dei norske varene har eigenskapar som gjer at dei etter ei totalvurdering, av mellom anna kvalitet, pris og produksjonsmetode, framstår som meir attraktive enn importerte alternativ.

I meldinga presenterer regjeringa ein strategi der auka planteproduksjon utgjer eit sentralt element for korleis sjølvforsyningsgraden skal kunne aukast frå dagens nivå og opp mot 50 pst.

Sjølvforsyningsgraden vert påverka av fleire faktorar, mellom anna opptrappingsplanen for auka inntektsmoglegheiter i jordbruket, som er omtalt i del 2 av meldinga. Dei overordna landbrukspolitiske målsetjingane, med matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar ligg, saman med regjeringa si politiske plattform, til grunn for arbeidet. Det same er tilfelle med Noregs internasjonale forpliktingar, mellom anna gjennom EØS-avtalen og WTO-avtalen. Regjeringa sitt arbeid med styrka konkurranse og meir mangfald i daglegvaremarknaden kan òg verke inn. Viktige føresetnader for auka sjølvforsyning er trygg mat og god dyre- og plantehelse. Regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd for Stortinget i 2024. Meldingsarbeidet rettar merksemd på tilhøve som denne regjeringa prioriterer høgt: både dyrevelferd og vilkåra for dyrehald i primærnæringane. Produksjon av trygg mat skaper tillit, møter forbrukarpreferansar og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må vurderast opp mot korleis desse påverkar målet som er sett om auka sjølvforsyning. Regjeringa meiner det er naudsynt at mange av verkemidla vert drøfta og utforma i jordbruksforhandlingane.

Meldinga omhandlar auka sjølvforsyning av jordbruksvarer. Noreg har i tillegg ein stor produksjon av fisk og sjømat. Dette har stor tyding for norsk matberedskap. Sjølvforsyningsgraden vert òg påverka av val på andre politikkområde, som auka verdiskaping og næringsutvikling, klimapolitikk, betra folkehelse og ein aktiv distriktspolitikk.

Hovudstrategien som vert lagt til grunn for arbeidet med auka sjølvforsyning er å forbetre og auke produksjon av planteprodukt, både til mat og til fôr, på ein måte som styrker jordbruket si konkurransekraft mot import.

I kapittel 1 i meldinga er det ein kort omtale av dei landbrukspolitiske måla, FNs mål om berekraftig matproduksjon og rapportane frå Riksrevisjonen og Totalberedskapskommisjonen. Kapittel 2 avklarar omgrep som vert brukt for å omtale sjølvforsyninga og omtalar utvikling og status. Kapittel 3 gjennomgår det eksisterande kunnskapsgrunnlaget. I dei to føregåande jordbruksoppgjera har det vorte lagt til rette for auka sjølvforsyning m.a. ved målretting av tilskot og satsing på forsking og utvikling. Dette vert omtala i kap. 3.2 i meldinga. Organisasjonar med tilknyting til jordbruket har kome med innspel til arbeidet, både i møte og skriftleg. Desse vert gjennomgått i kapittel 3.3, før ein kort gjennomgang av arbeidet med sjølvforsyning i europeiske land. Kapittel 4 gjennomgår forbrukarpreferansar og tydinga av kosthaldet. Regjeringa sin strategi vert presentert i kapittel 5, og dei økonomiske og administrative konsekvensane er omtala i kapittel 6.

1.2 Del II – Plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket

Regjeringa starta på ei opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket allereie hausten 2021. I kapittel 7 i meldinga legg regjeringa fram ein plan for vidare opptrapping av inntektsmoglegheitene. Regjeringa vil leggje til rette for at nivået på inntektsmoglegheitene i jordbruket kan kome på nivå med løn for samanlikningsgruppa innan 2027, under nokre føresetnader som vert omtala her. I Hurdalsplattforma seier regjeringa at ein opptrappingsplan skal baserast på eit nytt talgrunnlag. Avtalepartane har bede Budsjettnemnda for jordbruket om endringar i talgrunnlaget til forhandlingane. Dette materialet vil ligge føre midt i april 2024. I proposisjonen om jordbruksoppgjeret vil regjeringa gjere nærmare greie for status for opptrappinga i lys av det oppdaterte talgrunnlaget.

Pkt. 7.1 i meldinga omtalar inntekt, verkemiddel og mål og pkt. 7.2 omhandlar inntektsmål og inntekstmåling. Nytt talgrunnlag og prinsippa i planen vert omtala i pkt. 7.3 i meldinga. Pkt. 7.4 i meldinga omtalar samanlikningsgruppe for inntektssamanlikninga, og pkt. 7.5 omtalar årsverksomgrepet. I pkt. 7.6 i meldinga omtalar regjeringa opptrapping av inntektsmoglegheitene, og i pkt. 7.7 økonomiske konsekvensar.