I proposisjonen blir det foreslått at ansvaret
for helsetilbodet ved utlendingsinternatet skal overførast frå Politiet
si utlendingseining til kommunen der utlendingsinternatet ligg.
Departementet meiner at forslaget om ansvarsoverføring legg betre
til rette for at helsehjelpa blir planlagt og utført av større og
meir robuste medisinskfaglege miljø og for heilskapleg innsats frå fleire
helseinstansar. Å legge helsetilbodet på utlendingsinternatet inn
under den offentlege helsetenesta vil ifølgje departementet vere
eit viktig bidrag for å sikre den faglege integriteten til helsepersonellet.
Det vil igjen kunne auke tilliten til helsetenesta. Ei slik ansvarsoverføring
vil vidare føre til at kommuneleiinga får ansvar for å utvikle rutinar
for systematisk oppfølging og overvaking av helsetenesta for internerte
og for å følge med i den daglege drifta og sjå til at tiltak og tenester
fungerer. Departementet viser til at ingen av høyringsinstansane
hadde innvendingar mot forslaget.
Forslaget inneber ei endring i helse- og omsorgstjenesteloven.
Justis- og beredskapsdepartementet vil fastsette nødvendige endringar
i utlendingsinternatforskriften slik at dei kan tre i kraft samtidig
med lovendringa.
Departementet foreslår ingen endringar i dei
internerte sin rett til helse- og tannhelsehjelp. Forslaga får heller
ingen konsekvensar for spesialisthelsetenesta. Vurderingar av om
personar er i stand til å gjennomføre ei flyreise, såkalla fit-for-flight-vurderingar,
samt bistand ved uttransportering er ikkje helsehjelp, men eit sakkunnigoppdrag,
og vil ikkje inngå i kommunane sitt ansvar.
Ansvar for å ha tilbod om helse- og omsorgstenester til
internerte utlendingar vil vere ei ny oppgåve for kommunar som har
utlendingsinternat. Kommunane skal kompenserast fullt ut for nye
oppgåver. Samla er kommunane og fylkeskommunane sine utgifter til
helse- og omsorgstenester for internerte ved utlendingsinternat berekna
til 10,8 mill. kroner. Overføring av ansvaret for helsetilbodet
vil redusere politiet sine utgifter tilsvarande, jf. omtalen i Prop.
1 S (2023–2024).