1.2 Kostnadsramme for E6 Megården–Sommerset i Nordland
Prosjektet er ei delstrekning av strekninga
E6 Megården–Mørsvikbotn i Sørfold kommune i Nordland. Dette prosjektet
er i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 opphavleg
planlagt starta opp i fyrste seksårsperiode. I Prop. 1 S (2023–2024)
for Samferdselsdepartementet er det sett av midlar til oppstart
av delstrekninga Megården–Sommerset.
Prosjektet E6 Megården–Mørsvikbotn omfattar
dei tre delstrekningane Megården–Sommerset, Sommerset–Tverrdalen
(Leirfjordbrua) og Tverrdalen–Mørsvikbotn. Samfunnsmåla for strekninga
er eit transportsystem som fremjar regional utvikling i landsdelen
og regionen, gir gode vekstvilkår for næringslivet i nordområda
og oppfyller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Prosjektet blir gjennomført
trinnvis, med oppstart av delprosjektet Megården–Sommerset fyrst.
Ny veg på denne strekninga blir 21,4 km, det vil seie 5,9 km kortare
enn dagens veg. Seks av dei eksisterande tunnelane som ikkje innfrir krava
i tunnelsikkerheitsforskrifta blir erstatta av tre nye tunnelar
med ei total lengde på 13,8 km. Det skal òg byggjast to større bruer,
mellom anna ei bru på 550 meter over Tørrfjorden. Reisetida blir
redusert med om lag 10 minuttar.
I Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet
opplyser departementet at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring
(KS2) av delprosjektet, og at departementet vil kome tilbake til
Stortinget med forslag til kostnadsramme. Det blei i 2021 gjennomført
KS2 av heile strekninga E6 Megården–Mørsvikbotn. Hausten 2023 blei
det gjennomført ein supplerande analyse av KS2 for delstrekninga
E6 Megården–Sommerset.
Kvalitetssikrar føreslår ei styringsramme på
5 790 mill. 2022-kroner og ei kostnadsramme på 6 670 mill. 2022-kroner.
Statens vegvesen sitt forslag til styrings- og kostnadsramme til
KS2 var høvesvis om lag 500 mill. kroner og 270 mill. kroner lågare
enn dette. Skilnaden mellom forslaga frå kvalitetssikrar og Statens
vegvesen gjeld hovudsakleg tunnel- og byggherrekostnader og vurdering
av uvisse knytt til klima, marknad, gjennomføringsevne og lokale
forhold. Statens vegvesen meiner at kvalitetssikrar har vurdert
førstnemnde kostnader for høgt, men samtidig at kostnader knytt
til uvisse for klima og miljø er vurdert noko for lågt i Statens
vegvesen sitt forslag. Statens vegvesen har difor justert opp sitt forslag
til styrings- og kostnadsramme, og føreslår ei styringsramme på
5 400 mill. 2022-kroner og ei kostnadsramme på 6 600 mill. 2022-kroner.
Etter ei samla vurdering legg Samferdselsdepartementet
til grunn Statens vegvesen sitt forslag, og Samferdselsdepartementet
foreslår ei kostnadsramme på 7 283 mill. kroner i 2024 prisnivå,
jf. forslag til romartalsvedtak. Som grunnlag for seinare prisomrekning
blir prisnivået frå 2022 brukt som referanse.
Det er lagt opp til anleggsstart i 2025 og trafikkopning
i 2031.