Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø,
frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet,
Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk
Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, frå Venstre,
Grunde Almeland, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Lan Marie Nguyen Berg,
viser til Riksrevisjonen si undersøking Dokument 3:8 (2023–2024)
Myndighetenes tilrettelegging for deling og gjenbruk av data i forvaltningen. Komiteen viser til at undersøkinga mellom
anna har teke utgangspunkt i dei følgjande vedtaka og føresetnadene
frå Stortinget:
-
Lov om behandlingsmåten
i forvaltningssaker
-
Lov om behandling av personopplysninger
-
Innst. 94 S (2016–2017) Digital agenda
for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet
-
Digitaliseringsstrategien for offentlig
sektor 2019–2025
Komiteen viser
til at målet med undersøkinga har vore å undersøke i kva grad styresmaktene
legg til rette for deling og gjenbruk av data mellom offentlege verksemder.
Perioden for undersøkinga var frå 2021 til mai 2023.
Komiteen viser til
konklusjonane til Riksrevisjonen:
-
Offentleg sektor
har mykje data som ikkje vert delt og gjenbrukt
-
Det er framleis betydelege barrierar for
deling og gjenbruk av data
-
Styringa og samordninga av datadelinga
fungerer ikkje godt nok til å løyse sektorovergripande utfordringar.
Komiteen sluttar
seg til Riksrevisjonen sine konklusjonar. Komiteen viser
til at Riksrevisjonen peikar på at det er omfattande deling av data
i offentleg sektor og at det finst mange døme på deling av data
i digitale prosessar i forvaltninga og i digitale tenester som har ulike
brukarar. Komiteen viser til at undersøkinga
viser at det er eit stort potensial for å dele meir data, og at dette
er eit område offentleg sektor må arbeide meir med vidare.
Komiteen viser til
at Riksrevisjonen konkluderer med at det ikkje er tilfredsstillande
at Kommunal- og distriktsdepartementet gjennom styring og samarbeid med
dei andre departementa ikkje har lagt betre til rette for å dela
og gjenbruka data innan offentleg sektor. Komiteen stiller
seg bak denne kritikken.
Komiteen viser til
dei tilrådingane Riksrevisjonen gir til Kommunal- og distriktsdepartementet:
-
Tydeleggjering av
dei andre departementa sitt ansvar for å prioritera og leggja til
rette for deling og gjenbruk av data
-
Ta ei tydeleg rolle for å koordinera og
stilla krav til deling og gjenbruk av data i offentleg sektor.
Komiteen sluttar
seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar. Komiteen merkar
seg at statsråden svarer at denne vil arbeide for at utfordringane
blir tekne tak i og følgde opp. Vidare registrerer komiteen at
det frå 1. januar 2024 er oppretta eit eige Digitaliserings- og
forvaltingsdepartement, som vil ha koordineringsansvar for området
vidare.
Digitaliseringsministeren er i sitt svar tydeleg
på at desse problemstillingane vil bli handsama i tida framover
på ein måte som sikrar samordning, betre gjenbruk og oppfølging
i dei andre departementa.
Komiteens medlem
fra Rødt merker seg at Arbeidstilsynet må be om inntektsopplysninger
fra Skatteetaten eller fra arbeidsgiver. Dette
medlem peker på at Arbeidstilsynet selv ikke har tilgang til
inntektsopplysninger eller kontoopplysninger, noe som er en reell
ulempe når det er Arbeidstilsynet som skal kontrollere at lønn er
i samsvar med minstelønn i allmenngjort område.