Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø,
frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet,
Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk
Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, frå Venstre,
Grunde Almeland, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Lan Marie Nguyen Berg,
viser til Riksrevisjonen si undersøking i Dokument 3:4 (2023–2024)
Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet.
Komiteen viser til
at undersøkinga mellom anna har teke utgangspunkt i dei følgjande
vedtaka og føresetnadene frå Stortinget:
-
årlege jordbruksforhandlingar
og innstillingar som høyrer til perioden 1984–2023
-
Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken
– Velkommen til bords, jf. Innst. 234 S (2011–2012)
-
Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling
— En fremtidsrettet jordbruksproduksjon, jf. Innst. 251 S (2016–2017)
-
plan- og bygningsloven
-
jordlova
-
Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt
samfunn, jf. Innst. 326 S (2016–2017).
Komiteen viser
til at nasjonal mattryggleik byggjer på tre sentrale føresetnader:
kontinuerleg nasjonal produksjon av mat, sikring av produksjonsgrunnlaget
og eit velfungerande handelssystem. Mattryggleik inneber at befolkninga
i Noreg til kvar tid skal ha fysisk og økonomisk tilgang på nok
og trygg mat. Å ta i bruk landbruket sine ressursar over heile landet,
sikre produksjonsgrunnlaget og leggje til rette for konkurransedyktige
verdikjeder er nødvendig for å kunne produsere mat til eiga befolkning.
Komiteen viser til
at næringskomiteen i Innst. 251 S (2016–2017) viste til at regjeringa
i jordbruksmeldinga varsla at «kostnadseffektiv matproduksjon» skulle
vere hovudformålet med jordbrukspolitikken i tråd med regjeringa
si politiske plattform. Næringskomiteen støtta ikkje dette hovudformålet
med jordbrukspolitikken, men såg ei kostnadseffektiv verdikjede
for mat som eitt av fleire verkemiddel for å nå dei overordna måla. Komiteen viser til at næringskomiteen
i Innst. 251 S (2016–2017) bad regjeringa leggje til grunn ein målstruktur
for jordbrukspolitikken kor målet om mattryggleik og beredskap omfattar
å sikre forbrukarane trygg mat, ein auka matvareberedskap, god dyre-
og plantehelse og å satse på avl, forsking og utdanning for å auke
bruken av dei biologiske ressursane.
Komiteen viser til
at Riksrevisjonen har undersøkt korleis dei sentrale føresetnadene
som norsk mattryggleik byggjer på, vert sikra. Undersøkinga legg
størst vekt på produksjonsleddet i verdikjeda for mat. Undersøkinga
omfattar i hovudsak perioden 2000–2023, men enkelte analysar strekk
seg tilbake til 1980- og 1990-talet.
Seksti prosent av all maten vi et, er enten
importert eller produsert med importerte fôrråvarer til husdyrnæringa
og oppdrettsnæringa. Difor er vi utsette for stor risiko viss tilgangen
på importert mat og fôr/-råvarer av ulike årsaker skulle verte redusert.
Komiteen viser til
Riksrevisjonen sine konklusjonar om at:
-
Mykje av maten er
importert, men forvaltninga kjenner ikkje potensialet for å omstille
verken produksjonen eller forbruket vårt i ein krisesituasjon.
-
Noreg kan verte meir sjølvforsynt med mat
ved å auke kornproduksjonen, men dagens verkemiddel er ikkje tilstrekkelege
for å oppnå auka produksjon.
-
Arealressursane i jordbruket vert ikkje
forvalta på ein fullt ut berekraftig måte.
-
Dreneringsaktiviteten
er lågare enn behovet, noko som svekkjer både produksjonsgrunnlaget
og produktiviteten i jordbruket.
-
Betydelege jordbruksareal av god kvalitet
vert bygde ned og omdisponerte, noko som svekkjer produksjonsgrunnlaget.
-
Det er svakheiter ved bruken av verkemidla som
skal sikre dyrka og dyrkbar jord.
-
Store jordbruksareal av god kvalitet er
ikkje i drift, og oppfølginga av driveplikta er svak.
-
Beredskapsplanlegginga på mattryggleiksområdet er
mangelfull.
-
Styresmaktene overvaker
kontinuerleg marknadene og verdikjedene for mat.
-
Styresmaktene har ikkje vurdert ulike hendingar
som kan føre til vesentleg svikt i tilgangen på mat.
-
Styresmaktene manglar felles mål for beredskapsplanlegginga.
Komiteen sluttar
seg til Riksrevisjonen sine konklusjonar.
Komiteen viser til
at i behandlinga av jordbruksoppgjeret 2014 uttalte ein samla næringskomité
at det er avgjerande at landbrukspolitikken som vert ført, gjev trygg
og sikker mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og
ei berekraftig næring. Det er mange faktorar som er med på å avgjere
om næringa vert oppfatta som attraktiv, men gode inntektsmoglegheiter
er det viktigaste verkemiddelet for å nå dei jordbrukspolitiske måla.
Å skape grunnlag for tilstrekkeleg lønsemd, slik at kompetente utøvarar
vil utnytte jordbruksressursane til produksjon av varer, tenester
og fellesgode for samfunnet, er ei hovudutfordring i jordbrukspolitikken. Komiteen registrerer at undersøkinga
viser at dei økonomiske overføringane til kornprodusentane er viktige
for at produksjonen skal gje ein økonomisk gevinst, og for i det
heile å oppretthalde produksjonen på dagens nivå. Samtidig viser
undersøkinga at lønsemda i kornproduksjonen har falle over tid. Komiteen registrerer at etter Riksrevisjonen
si vurdering er dagens økonomiske verkemiddel viktige for å oppretthalde
produksjonen.
Komiteen viser til
Riksrevisjonen sin kritikk om at:
-
Det er kritikkverdig
at arealressursane i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt
ut berekraftig måte, mellom anna ved at betydelege jordbruksareal
av god kvalitet vert omdisponerte og bygde ned.
-
Det er ikkje tilfredsstillande at Landbruks-
og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet i dagens
norske matvareberedskap ikkje har gjort betre førebuingar dersom
det skulle oppstå vesentleg svikt i tilgangen på mat eller fôr.
Komiteen sluttar
seg til Riksrevisjonen sin kritikk.
Komiteen viser til
at Riksrevisjonen tilrår at:
-
Landbruks- og matdepartementet
legg fram ei vurdering av kva for verkemiddel – både eksisterande og
eventuelle nye – som kan bidra til å auke sjølvforsyninga, og som
samstundes tek omsyn til forbrukarane sine preferansar og situasjonen
i marknaden
-
Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og
distriktsdepartementet i samarbeid greier ut om verkemidla bør verte
styrkte for å beskytte jordbruksareala
-
Landbruks- og matdepartementet systematisk overvakar
utviklinga i dreneringsaktiviteten i jordbruket og legg fram ei
vurdering av eventuelle andre verkemiddel for å auke omfanget av
drenert jordbruksareal
-
Landbruks- og matdepartementet forsterkar
oppfølginga av at driveplikta vert handheva, spesielt for drivverdig
jordbruksareal av god kvalitet
-
Justis- og beredskapsdepartementet saman
med Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet
etablerer felles dimensjonerande planføresetnader for den norske
mat- og forsyningsberedskapen
-
Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks-
og matdepartementet i samarbeid utarbeider eit anslag for Noreg
si sjølvforsyningsevne og greier ut korleis kosthaldet og matproduksjonen
i jordbruket, havbruket og fiskeria ved behov kan omstillast ved
kortvarige eller langvarige kriser
-
Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks-
og matdepartementet i samarbeid gjennomfører ein risiko- og sårbarheitsanalyse
av norsk matforsyning som òg omfattar ei vurdering av situasjonar
med ein ikkje velfungerande internasjonal handel
Komiteen sluttar
seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar.
Komiteen viser til
at planføresetnadene som gjaldt frå 1995 til 2012, fastsette eit
felles nivå for beredskapen. Basert på planføresetnadene frå 1995
vart det utvikla dimensjonerande krav for matvareberedskapen til
beredskapslagera. Instruksen frå 2012 oppheva dei tidlegare nasjonale
føresetnadene for den sivile beredskapsplanlegginga. Felles planføresetnader
er noko Nærings- og fiskeridepartementet har etterlyst over tid, utan
at det per april 2023 hadde ført til endringar i departementa si
samordning.
Komiteen viser til
Riksrevisjonen si utsegn til statsrådane sine svar, der Riksrevisjonen
merkar seg at statsrådane i Landbruks- og matdepartementet og Kommunal-
og distriktsdepartementet i all hovudsak er einige i funna og tilrådingane
i undersøkinga, og at Riksrevisjonen registrerer at statsrådane
i Justis- og beredskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet
og Nærings- og fiskeridepartementet har ulik tilnærming til korleis
dei vil følgje opp tilrådingane om å etablere felles dimensjonerande
planføresetnader.
Komiteen viser til
at Riksrevisjonen i utsegna til statsrådane sine svar legg vekt
på at matforsyninga er avhengig av ei rekke innsatsfaktorar innan
fleire sektorar. Beredskapsplanlegginga krev etter Riksrevisjonen
si vurdering god samordning for å sikre at beredskapstiltak fungerer
effektivt. Riksrevisjonen viser til at Nærings- og fiskeridepartementet
som hovudansvarleg departement for den kritiske samfunnsfunksjonen
forsyningstryggleik, inkludert matvareforsyning, gjennom fleire
år har etterlyst felles planføresetnader. Komiteen viser
til at Riksrevisjonen held fast på tilrådinga om at Justis- og beredskapsdepartementet,
saman med Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet,
bør etablere felles dimensjonerande planføresetnader for den norske
mat- og forsyningsberedskapen, og at Riksrevisjonen merkar seg at
næringsministeren og fiskeri- og havministeren i liten grad gjer greie
for korleis Riksrevisjonen sine tilrådingar vil verte følgde opp.
Komiteen viser til
at Riksrevisjonen er einig med statsrådane i Nærings- og fiskeridepartementet
i at sannsynet for at vi ikkje får importert nødvendige matvarer,
er lav. Riksrevisjonen meiner likevel at det ikkje er motstrid mellom
å leggje til grunn at vi kan importere varer, samstundes som vi
har ein beredskap som tek omsyn til at føresetnader om velfungerande
handel kan falle bort. Riksrevisjonen legg i utsegna til statsrådane sine
svar vekt på at matvareberedskapen i Noreg byggjer på innsats frå
fleire sektorar. For å etablere ei felles tilnærming til beredskap
er det heilt sentralt at forvaltninga legg til grunn ei felles forståing
av risiko og sårbarheitene i matvareforsyninga. Komiteen støttar
Riksrevisjonen si utsegn til statsrådane sine svar og viser til
utsegnene frå fleirtalet i næringskomiteen om at vi må vere forberedde
på kriser kor handelssystemet i kortare eller lengre periodar ikkje
fungerer optimalt.
Komiteen registrerer
at Nærings- og fiskeridepartementet i sitt svarbrev opplyser at
departementet like før framlegginga av riksrevisjonsrapporten fekk
to rapportar om mattryggleik. Rapporten frå Menon Economics konkluderte
med at 1) norsk produksjon av sjømat kan forsyne befolkninga med
ein betydeleg andel av kaloribehovet og etter deira meining ein
større andel enn det som vart anslått av Helsedirektoratet i 2022,
2) dette gjeld òg i alvorlege kriser der både tilgangen på fiskefelt og
import av viktige innsatsfaktorar er svært avgrensa, 3) logistikk
og frysekapasitet er ikkje bindande skrankar, så lenge ein har tilgang
til straum og/eller drivstoff, 4) og at det er få juridiske bindingar
som hindrar staten i å organisere samfunnet for maksimal produksjon
av sjømat i ein krisesituasjon. Komiteen viser
til at Riksrevisjonen i utsegna til statsrådane sine svar vurderer
det som positivt at Nærings- og fiskeridepartementet nyleg har innhenta
kunnskap om sårbarheita i dei globale forsyningskjedene for matvarer,
og at slike analysar vil vere eit viktig grunnlag for å følgje opp
Riksrevisjonen si tilråding om ein risiko- og sårbarheitsanalyse
av norsk matforsyning.
Komiteen viser til
at Riksrevisjonen legg vekt på at det er semje både i fagmiljøet
og i forvaltninga om at potensialet for å utnytte dei samla matressursane
og produksjonsgrunnlaget i Noreg, kan best illustrerast ved å berekne
sjølvforsyningsevna vår. Sjølvforsyningsevna er summen av det norsk
jordbruks- og fiskeri- og havbruksnæring er i stand til å produsere,
relativt til det som trengst for å sikre at befolkninga overlever
utan betydeleg tap av helse og velferd. Den mest heilskaplege analysen
av sjølvforsyningsevna i Noreg vart gjort av Alstadheimutvalet i
1991. Det er ikkje definert noko mål for sjølvforsyningsevna i dag. Komiteen støttar Riksrevisjonen i at
sjølvforsyningsevne bør nyttast for å vurdere korleis Noreg vil
vere rusta til å handtere ein eventuell krisesituasjon, og at forvaltninga
burde ha sikra seg eit fagleg grunnlag for å kunne ta stilling til
kva for sjølvforsyningsevne vi har i dag. Eit slikt fagleg grunnlag
bør omfatte ein heilskapleg analyse av potensialet som føreligg
når det gjeld både produksjon og forbruk. Komiteen viser
til at næringskomiteen i Innst. 251 S (2016–2017) presiserte at
målet om mattryggleik skal omfatte både mattryggleik og beredskap,
og at utgangspunktet for matproduksjonen er arealressursane. Difor
må forvaltninga av dei ha eit evig perspektiv. Eit aktivt landbruk
basert på lokale ressursar er avgjerande for å ha kunnskap og utstyr
til å styrke mattryggleiken.
Komiteen viser til
at Totalberedskapskommisjonen i NOU 2023:17 har peika på at det
er behov for å vere meir robust med tanke på lagring av kritiske
innsatsfaktorar og auka eigenberedskap. Kommisjonen har mellom anna
anbefalt å sikre naudsynte lager av kritiske innsatsfaktorar til
matproduksjon og å avklare det samla potensialet for å leggje om
produksjon innanfor landbruk, havbruk og fiskeria og kosthald på
kort og lang sikt ved forsyningskriser. Komiteen er
nøgd med at regjeringa ser oppfølginga av Riksrevisjonen sine tilrådingar
og oppfølginga av Totalberedskapskommisjonen sin rapport i samanheng.