Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen vert det lagt fram forslag til endringar
i:
-
Lov 3. desember 1948
nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs
-
Lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til
lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse
-
Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
-
Lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer
i folketrygdloven (nye etterlatteytelser)
Dei følgande lovendringane er nødvendige
som følge av forslag som er lagt fram i forslaget til statsbudsjett for
2024, Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet:
-
endringar i reglane
om ventetid for dagpengar – folketrygdlova § 4-9
-
endringar i reglane om ny berekning av
dagpengegrunnlaget i samband med gjenopptak etter folketrygdlova
§ 4-16, som inneber at gjeldande praksis blir lovfesta
-
endringar i retten til barnetillegg til
arbeidsavklaringspengar og uføretrygd når barnet har eiga inntekt
– folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15
Det blir også foreslått enkelte rettingar,
presiseringar og lovtekniske justeringar:
-
I
folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd blir ein midlertidig heimel til
å gi særreglar om rett til dagpengar under utdanning som gjaldt
under koronapandemien, oppheva. Sjå lovforslaget, folketrygdlova
§ 4-6 fjerde ledd.
-
I folketrygdlova § 8-9 tredje ledd blir
ein inkurie retta opp. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 8-96 tredje
ledd.
-
Folketrygdlova § 11-12 a vert oppheva som
følge av at ei midlertidig overgangsordning for arbeidsavklaringspengar
ikkje gjeld lenger. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 11-12 a.
-
Folketrygdlova § 12-15, retting av lovteknisk
feil i regel om barnetillegg til personar som mottek uføretrygd.
Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 12-15 femte og sjette ledd.
-
I lov 18. desember 2020
nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser) blir
ein feil i § 18-3 andre ledd bokstav b om trygdetid retta opp. Sjå
lovforslaget, lov 18. desember 2020 nr. 139 § 18-3 andre ledd.
-
I lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning
for arbeidstakere til sjøs, vert det foreslått ei presisering av
gjeldande rett, som sikrar medlemskapet i ordninga for innaskjers
dykkarar som blir tilsette på skip mindre enn 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto
etter at skifte av vernelov frå skipsarbeidslova til arbeidsmiljølova,
er sett i verk. Sjå lovforslaget, lov 3. desember 1948 nr. 7 § 1
nr. 2 første ledd.
-
I lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til
lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse blir det presisert at alderspensjon
for dommarar i Høgsterett som har pensjonsrett etter lova, det vil
seie dei som blei utnemnd til medlem av Høgsterett før 1. januar 2011,
skal følge reglane om alderspensjon etter kapittel 5 i lov om Statens
pensjonskasse. Sjå lovforslaget, høgsterettspensjonistlova §§ 1,
2, 3 og 4.
I kapitel 5 i proposisjonen blir
desse rettingane, presiseringane og endingane detaljert gjort greie
for.
Dei forslaga som følger av framlegget til statsbudsjett,
har ikkje vore på høyring, med unntak av forslaga til endringar
i folketrygdlova §§ 4-9, 11-20 og 12-15 som har vore på høyring.
Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 femte ledd, kan ein unnlate
å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, da dei kan vere unntatt
frå offentlegheit etter offentleglova § 22.
Lovforslag som ikkje inneber nokon realitetsendringar,
treng inga høyring. Forslaget om endringar i lov om tillegg til
lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse er også vurdert å vere
«åpenbart unødvendig» å sende på høyring.