Sammendrag

Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen vert det lagt fram forslag til endringar i:

  • Lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs

  • Lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse

  • Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

  • Lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser)

Dei følgande lovendringane er nødvendige som følge av forslag som er lagt fram i forslaget til statsbudsjett for 2024, Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet:

  • endringar i reglane om ventetid for dagpengar – folketrygdlova § 4-9

  • endringar i reglane om ny berekning av dagpengegrunnlaget i samband med gjenopptak etter folketrygdlova § 4-16, som inneber at gjeldande praksis blir lovfesta

  • endringar i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd når barnet har eiga inntekt – folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15

Det blir også foreslått enkelte rettingar, presiseringar og lovtekniske justeringar:

  • I folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd blir ein midlertidig heimel til å gi særreglar om rett til dagpengar under utdanning som gjaldt under koronapandemien, oppheva. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 4-6 fjerde ledd.

  • I folketrygdlova § 8-9 tredje ledd blir ein inkurie retta opp. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 8-96 tredje ledd.

  • Folketrygdlova § 11-12 a vert oppheva som følge av at ei midlertidig overgangsordning for arbeidsavklaringspengar ikkje gjeld lenger. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 11-12 a.

  • Folketrygdlova § 12-15, retting av lovteknisk feil i regel om barnetillegg til personar som mottek uføretrygd. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 12-15 femte og sjette ledd.

  • I lov 18. desember 2020 nr. 139 om endringer i folketrygdloven (nye etterlatteytelser) blir ein feil i § 18-3 andre ledd bokstav b om trygdetid retta opp. Sjå lovforslaget, lov 18. desember 2020 nr. 139 § 18-3 andre ledd.

  • I lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs, vert det foreslått ei presisering av gjeldande rett, som sikrar medlemskapet i ordninga for innaskjers dykkarar som blir tilsette på skip mindre enn 100 tonnasjeeiningar/registertonn brutto etter at skifte av vernelov frå skipsarbeidslova til arbeidsmiljølova, er sett i verk. Sjå lovforslaget, lov 3. desember 1948 nr. 7 § 1 nr. 2 første ledd.

  • I lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse blir det presisert at alderspensjon for dommarar i Høgsterett som har pensjonsrett etter lova, det vil seie dei som blei utnemnd til medlem av Høgsterett før 1. januar 2011, skal følge reglane om alderspensjon etter kapittel 5 i lov om Statens pensjonskasse. Sjå lovforslaget, høgsterettspensjonistlova §§ 1, 2, 3 og 4.

I kapitel 5 i proposisjonen blir desse rettingane, presiseringane og endingane detaljert gjort greie for.

Dei forslaga som følger av framlegget til statsbudsjett, har ikkje vore på høyring, med unntak av forslaga til endringar i folketrygdlova §§ 4-9, 11-20 og 12-15 som har vore på høyring. Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 femte ledd, kan ein unnlate å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, da dei kan vere unntatt frå offentlegheit etter offentleglova § 22.

Lovforslag som ikkje inneber nokon realitetsendringar, treng inga høyring. Forslaget om endringar i lov om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse er også vurdert å vere «åpenbart unødvendig» å sende på høyring.

Endringar i reglane om ventetid for dagpengar – folketrygdlova § 4-9

Innleiing og bakgrunn

Det vert foreslått å erstatte gjeldande reglar om ventetid på tre dagar innanfor ein referanseperiode på 15 dagar før dagpengeutbetalingane startar, med ei ventetid i form av ein eigenandel som svarar til tre gongar den dagsatsen den enkelte dagpengemottakaren har. Denne eigenandelen blir trekt i den eller dei første utbetalinga(-ne).

Bakgrunnen for endringsforslaget er at det etter dei gjeldande reglane kan ta lang tid å få avvikla ventetida dersom dagpengemottakaren tar arbeid eller ikkje fyller vilkåret om å vere reell arbeidssøkar i delar av referanseperioden. I tillegg er reglane kompliserte og vanskelege å forstå. Med denne endringa vil dei som tar eit midlertidig arbeid kort tid etter at dagpengane er innvilga, ikkje lenger risikere tap av ytinga som følge av at dei må fremme ein ny dagpengesøknad fordi ventetida ikkje er avvikla. Dermed vil det i større grad lønne seg å ta arbeid også i starten av ein dagpengeperiode. Endringa inneber ei forenkling som vil lette saksbehandlinga. Forslaget legg betre til rette for digitalisering og gjer at færre treng å rette seg til Arbeids- og velferdsetaten med spørsmål og klager.

I proposisjonens kapittel 2.2 er gjeldande rett gjort greie for.

Eit forslag til endringar i ventelistereglane vart sendt på høyring. Dei fire instansane som ga høyringssvar, støtta endringsforslaget. Arbeids- og velferdsdirektoratet foreslo at det i lovteksta må gå klart fram at «dagsatsen», jf. folketrygdlova § 4-12, også omfattar eit eventuelt barnetillegg.

Når det gjeld vurderingar og forslag, herunder forholdet til internasjonale plikter, er dette gjort greie for i kapittel 2.4 i proposisjonen.

Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Regjeringa foreslår at endringane tar til å gjelde frå 1. januar 2024, og at dei skal gjelde for nye søknader om dagpengar som blir innvilga med verknad frå 1. januar 2024 eller seinare. Ein kan gi forskrifter med overgangsreglar om kva som skal gjelde for dei som er innvilga dagpengar med verknadsdato til og med 31. desember 2023, og som ikkje har avvikla heile ventetida før 1. januar 2024.

I Prop. 1 S (2023–2024) er det lagd til grunn at omlegginga av ventetidsreglane vil vere budsjettnøytral.

Forslaget til endring av ventetidsreglane inneber ei vesentleg forenkling av dagpengesaksbehandlinga i Arbeids- og velferdsetaten.

Lovfesting av praksis for ny berekning av dagpengegrunnlaget i samband med gjenopptak – folketrygdlova § 4-16

Innleiing

Det vert foreslått å endre ordlyden i folketrygdlova § 4-16 første leddet, slik at dagpengegrunnlaget alltid blir berekna på nytt i samband med gjenopptak, dersom det er til gunst for medlemmen. Forslaget inneber ei lovfesting av gjeldande praksis og har ikkje vore på høyring. Sjå lovforslaget, folketrygdlova § 14-16.

I proposisjonens kapittel 3 er gjeldande rett samt vurderingar og forslag gjort greie for.

Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringane vert foreslått å gjelde straks. Endringa har venteleg ikkje nokon økonomiske konsekvensar, men inneber ei administrativ forenkling.

Endringar i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd når barnet har eiga inntekt – folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15

Innleiing og bakgrunn

Det vert i proposisjonen foreslått å endre lova slik at barnetillegget til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd blir gitt uavhengig av inntekta til barnet. Sjå lovforslaget, folketrygdlova §§ 11-20 og 12-15.

Mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd har rett til barnetillegg dersom dei forsørger barn. Barnetillegga er utforma ulikt.

I Prop. 1 S (2023–2024) vert det foreslått tilsvarande endring for barnetillegget til kvalifiseringsstønaden. Endringa krev ikkje endring i lov, men departementet vil sørge for å gjere dei nødvendige endringane i forskrift 21. desember 2011 nr. 1471 om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad.

Eit forslag til endringar i retten til barnetillegg vart sendt på høyring. Dei 16 instansane som ga høyringssvar, støtta endringsforslaget.

I kapittel 4.4 i proposisjonen vert vurderingar og forslag gjort greie for, inkludert om bakgrunnen for endringsforslaget og forholdet til internasjonale plikter.

Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det vert foreslått at endringa for barnetillegg til arbeidsavklaringspengar skal ta til å gjelde 1. februar 2024.

I Prop. 1 S (2023–2024) er det foreslått å auke løyvinga til arbeidsavklaringspengar med 1,2 mill. kroner i 2024 som følge av forslaget. Heilårseffekten av forslaget vil komme i 2025 og er rekna til om lag 1,3 mill. kroner.

Det vert foreslått at endringa for barnetillegg til uføretrygd skal ta til å gjelde 1. juli 2024.

I Prop. 1 S (2023–2024) er det foreslått å auke løyvinga til uføretrygd med 5 mill. kroner i 2024 som følge av forslaget. Heilårseffekten av forslaget vil komme i 2025 og er rekna til om lag 10 mill. kroner.