Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar av løyvingane i statsbudsjettet for 2023
mellom anna under kap. 670 Integrerings- og mangfalsdirektoratet,
kap. 671 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, kap.
3671 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, kap. 672
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og
kap. 3672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Det blir vist til omtale i proposisjonen av
dei nemnde forslaga.
I denne innstillinga blir forslaga knytte til
dei nemnde kapitla handsama. Dei andre forslaga i proposisjonen
blir handsama i arbeids- og sosialkomiteen.