Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Kommunal- og distriktsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2023.

Departementet føreslår endringar i kapitla kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 502 Tariffavtalte avsetningar mv., kap. 510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, kap. 530 Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga, kap. 2445 Statsbygg, kap. 540 Digitaliseringsdirektoratet, kap. 3540 Digitaliseringsdirektoratet, kap. 553 Regional- og distriktsutvikling, jf. forslag til romartalsvedtak, kap. 567 Nasjonale minoritetar, kap. 571 Rammetilskot til kommunar, kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar, kap. 573 Kommunestruktur, kap. 575 Ressurskrevjande tenester, kap. 578 Valdirektoratet, kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak, jf. forslag til romartalsvedtak, kap. 5615 Husbanken, kap. 595 Statens kartverk og kap. 3595 Statens kartverk.

I tillegg blir det gjeve ein omtale knytt til riving av Oslo hovudbrannstasjon for å kunne byggje nytt regjeringskvartal, overføring av ansvar frå Statsbygg til Statens vegvesen og om justering mellom kostnadsrammer i samband med det. Regjeringa tar sikte på å kome tilbake til nødvendige overføringar i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.

Det blir vist til omtale i proposisjonen av dei nemnde forslaga.

I tillegg blir det i proposisjonen føreslege endringar i kapitla 505, 3505, 3506, 3507 og 5607 som blir handsama i arbeids- og sosialkomiteen, og i kapitla 541 og 542 som blir handsama i transport- og kommunikasjonskomiteen.