Søk

Innhold

1. Sammendrag

I det innleiande kapitlet i meldinga gjer ein greie for bakgrunnen for meldinga, med måla for distriktspolitikken, og det blir peikt på at ungdomen er avgjerande for utvikling i distrikta. Vidare blir folketalsutviklinga i distrikta omtalt – og det blir peikt på at utfordringane i framtida krev nye løysingar. Det blir òg vist til behovet for ein forsterka innsats i Nord-Noreg.

Til slutt i det innleiande kapitlet – og nedanfor – går meldinga i korte trekk fram. I Vedlegg 1 til meldinga finst ei oppsummering av tiltaka i distriktsmeldinga.

1.1 Meldinga i korte trekk

Det blir i meldinga peikt på at distriktspolitikken må forsterkast og fornyast. Regjeringa vil føre ein politikk for sterkare fellesskap, vekst og utvikling i heile landet der by og land går hand i hand. Regjeringa vil setje i gang nye tiltak for å skape optimisme og framtidstru i heile Noreg.

Regjeringa har fått innspel frå heile landet til utviklinga av distriktspolitikken framover. Kommunal- og distriktsdepartementet har mellom anna gjennomført 14 innspelsmøte på desse stadene: Kirkenes, Karasjok, Alta, Dyrøy, Sandnessjøen, Steinkjer, Valldal, Sogndal, Kvitsøy, Iveland, Flesberg, Bjørkelangen, Vestre Slidre og Folldal. I tillegg har det vore fire digitale innspelsmøte med desse temaa: bustadpolitikk, innovasjon og digitalisering i distriktskommunar, næringspolitikk og kompetanse og rekruttering. Departementet har òg fått mange skriftlege innspel, og distriktsmeldinga har vore tema i samband med fleire reiser, arrangement og møte som politisk leiing i Kommunal- og distriktsdepartementet har delteke på det siste halvtanna året.

Det blir i meldinga vist til at innspela har gjeve verdifull innsikt og læring. Mange tema går igjen, særleg knytte til ein meir offensiv og distriktsretta bustadpolitikk, ein meir differensiert arealpolitikk, tilgjengeleg breiband for alle, meir desentralisert utdanning, tiltak for å få fleire i arbeid, rask busetjing av flyktningar, nærleik til offentlege tenester og statlege arbeidsplassar, trygge og betre vegar, tilgang på meir og billigare kraft, og ein næringspolitikk som er tilpassa det distrikta treng. Det er stor semje om at tilrådingane frå Hurdalsplattforma og distriktsdemografiutvalet treffer utfordringsbiletet for distrikta godt.

Kapittel 2: Vi vil gje kommunane handlingsrom, slik at dei kan planleggje for eit godt samfunn og samarbeide om gode løysingar

Det blir i meldinga peikt på at meir komplekse samfunnsutfordringar krev nye løysingar. Samarbeid mellom kommune og innbyggjar, mellom kommune og næringsliv, mellom kommuneorganisasjonar og mellom kommunar og andre aktørar er viktig for å møte desse utfordringane. Regjeringa vil gjennom utprøving og avtalar opne for at kommunar i større grad kan jobbe heilskapleg på tvers av oppgåveområda. God rådgjeving og rettleiing frå fylkeskommune og statsforvaltar kan medverke til å styrkje kapasiteten og kompetansen i kommunane til å jobbe med samfunnsutvikling.

Regjeringa arbeider med nye retningslinjer for arealpolitikken, som skal ha ei tydelegare differensiering mellom ulike område. Arealpolitikken må tilpassast dei lokale tilhøva og leggje til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet.

Regjeringa vil prøve ut nye verkemiddel i distriktspolitikken og har invitert distriktskommunar til å søkje om å utvikle bygdevekstavtalar med staten for å styrkje utviklinga i kommunane. Avtalane vil ha som føremål å styrkje samordninga av offentlege tiltak på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, slik at den samla innsatsen treffer betre i dei utvalde områda.

Det blir i meldinga peikt på at ein velfungerande bustadmarknad er ein føresetnad for nærings- og samfunnsutvikling i alle kommunar. Regjeringa vil styrkje det distriktsretta arbeidet til Husbanken. Regjeringa la i tilleggsproposisjonen for 2022 inn at inntil 1 mrd. kroner kan prioriterast til lån til utleigebustader og til bustadkvalitet i distriktskommunar på sentralitetsnivå 5 og 6. Samstundes vart utlånsramma i Husbanken auka til 21 mrd. kroner. Frå 2023 har regjeringa innført ei ordning med tilskot til bustadtiltak i distriktskommunar. Gjennom arbeidet med nye nasjonale planretningslinjer vil regjeringa opne for at ein i større grad kan leggje til rette for nye bustader i spreiddbygde område. Regjeringa vil våren 2024 leggje fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg bustadpolitikk, som mellom anna vil vurdere om ein større del av låna frå Husbanken skal gå til bustadetablering i distriktskommunar, særleg på sentralitetsnivå 6.

Regjeringa vil vurdere særskilde tiltak for å styrkje planleggings- og utviklingskapasiteten og planleggingskompetansen i område der det vert identifisert utfordringar. Regjeringa vil leggje til rette for at ordinær utdanning og meir praksisnær og fleksibel etter- og vidareutdanning kan møte utfordringane, og eventuelt prøve ut nye løysingar.

Kapittel 3: Vi vil leggje til rette for trygge lokalsamfunn og gode tenester nær folk

Det blir i meldinga vist til at om folk skal bu i og flytte til distrikta, må det vere viktige tenester som barnehage, skule og helsetilbod i nærområdet. Utvikling av gode tenester krev løysingar som er tilpassa lokale tilhøve. Mange kommunar er også avhengige av samarbeid med andre kommunar for å løyse dei lovpålagde oppgåvene sine og tilby tenester til innbyggjarane. For å auke kapasiteten og kompetansen i oppgåveløysinga, også i eit tverrsektorielt perspektiv, vil regjeringa vurdere forsterka tiltak for å stimulere til auka samarbeid mellom kommunar.

Mange av dei viktigaste velferdsoppgåvene er det kommunane som har ansvar for, og det kommunale sjølvstyret gjev rom for lokale tilpassingar. Inntektssystemet er viktig for å medverke til at kommunane og fylkeskommunane kan gje eit likeverdig tenestetilbod til innbyggjarane.

Regjeringa arbeider også for å etablere ei frikommuneordning innanfor gjeldande forsøksheimlar, der kommunar og fylkeskommunar kan søkje om fritak frå lover og reglar på utvalde område.

Digitale tenester, tillitsreform og samarbeid kan medverke til å sikre gode tenester i område der folketettleiken er låg. Regjeringa vil styrkje helse- og omsorgssektoren, etablere nærtenestesenter, fremje samarbeidet mellom naudetatane og styrkje det lokale nærværet til politiet.

God samhandling mellom kommunar og sjukehus er naudsynt for å sikre eit heilskapleg og samanhengande tilbod og tenester der folk bur. Regjeringa vil vurdere korleis finansieringsordningane betre kan støtte opp om god samhandling mellom dei ulike delane av helsevesenet. Ei utvikling og styrking av fastlegetenesta er viktig for å sikre ei sterk offentleg helseteneste. Derfor føreslo regjeringa å styrkje allmennlegetenesta med 920 mill. kroner i 2023 (heilårseffekt). Psykisk helse er også eit viktig satsingsområde, og regjeringa skal leggje fram ein opptrappingsplan for psykisk helse i 2023 med særleg merksemd mot born og unge. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om akuttmedisinske tenester som omfattar legevakt, responstid for ambulanseteneste og ein fagleg standard for innhaldet i ambulansetenesta. Regjeringa har lagd fram ei stortingsmelding om «Fellesskap og meistring – Bu trygt heime». Målet er at eldre skal få bu i eigen bustad lengst mogleg dersom dei kan og vil.

Regjeringa vil gje folk i heile landet tryggleik, mellom anna gjennom betre samarbeid mellom dei ulike naudetatane og andre beredskapsorganisasjonar. Politiet skal verte meir tilgjengeleg for folk. Polititenestene skal styrkjast, mellom anna gjennom lokalt tilpassa tiltak som skal utformast i samarbeid mellom kommune og politidistrikt. For å sikre at politiet er til stades lokalt, opprettar politiet i 2023 ni nye tenestestader. Nye tenestestader medverkar mellom anna til at politiet kan drive meir førebyggjande arbeid og er meir synleg for innbyggjarane i mange distriktskommunar. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med ein lokalpolitiplan som vil bli lagd fram i løpet av 2023.

Regjeringa vil invitere kommunar til pilotsamarbeid om ein nærtenestemodell med samlokalisering av statlege og kommunale tenester, slik at innbyggjarane får ein stad der dei kan møte representantar for offentlege etatar. Regjeringa meiner det er spesielt viktig å styrkje det militære nærværet i Nord-Noreg, og har allereie sett i verk tiltak som styrkjer nærværet til Forsvaret gjennom auka aktivitet og forbetra evne til kontinuerlege operasjonar i nord.

Kapittel 4: Vi vil leggje til rette for trygg og påliteleg transport og ein god digital grunnmur

Det blir i meldinga vist til at infrastruktur som veg, jernbane, hamner, ferjer, flyplassar, breiband og mobilnett bind Noreg saman og er avgjerande for busetjing og arbeidsplassar i heile landet. Betra framkome og tryggleik skal medverke til at menneske og varer kjem raskt og trygt fram. Regjeringa vil bruke ressursane til å ta betre vare på og utnytte infrastrukturen og transporttilbodet vi har, framfor nye, store utbyggingsprosjekt. Fylkeskommunane får i 2023 fordelt meir enn 3 mrd. kroner av rammetilskotet til fylkesveg. Det er også løyvd øyremerkte tilskot retta mot fylkesveg på til saman 847 mill. kroner. Regjeringa vil utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og ta initiativ til at det saman med fylkeskommunane vert utarbeidd ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar med høg eller middels skredfaktor.

Regjeringa har sørgd for gratis ferjer til små øysamfunn, generelt lågare ferjeprisar og halvert makspris på billettar på dei regionale FOT-rutene langs kysten av Vestlandet og i Nord-Noreg frå 2024. Regjeringa har auka tempoet i utbygginga av ladeinfrastruktur for elbilar, slik at hurtigladarar no er tilgjengelege over heile landet, også i område med lågt folketal. Regjeringa vil ha trygg pasient- og skuletransport og godt drosjetilbod i distrikta, og ho vil stanse frisleppet i drosjenæringa.

Regjeringa vil sikre alle husstandar og verksemder i heile Noreg tilgang til høghastigheitsbreiband innan utgangen av 2025. Regjeringa ynskjer ei kraftig utbygging av breibands- og mobildekninga i heile landet, og har fordelt 362 mill. kroner til breiband. Alle fylke fekk auka løyving, men fylke med mange distriktskommunar og få menneske på store areal vart prioriterte i sterkare grad enn før. Det skjer ei rask utbygging av femte generasjons mobilnett (5G). Dekninga har auka frå 23 pst. til 81 pst. av folkesetnaden. Regjeringa gjev tilskot til auka digital tryggleik og beredskap i distrikta, og ho har fylgt opp tiltak for nær 70 mill. kroner i Finnmark og sett i verk tiltak for 50 mill. kroner i Troms. I 2023 vil regjeringa bruke 25 mill. kroner på å styrkje den digitale infrastrukturen i Nordland.

Regjeringa vil arbeide vidare med konseptvalutgreiinga (KVU) som ser på den framtidige utviklinga av transportsystemet i Nord-Noreg. Det vert lagt opp til at utgreiinga skal vere ferdig sommaren 2023. Regjeringa har også bede Jernbanedirektoratet om å gjennomføre ei KVU om Nord-Noregbana. Direktoratet skal sjå på ulike løysingar på strekninga Fauske–Narvik–Tromsø, med mogleg sidebane til Harstad. Utgreiinga skal sjåast i samanheng med Nordlandsbana og Ofotbana.

Kapittel 5: Vi vil støtte opp om næringsutvikling og det grøne skiftet i distrikta

Det blir i meldinga vist til at regjeringa vil føre ein aktiv næringspolitikk som stimulerer til eit grønt skifte og legg til rette for at små og mellomstore verksemder tek del i utviklinga. I Hurdalsplattforma er regjeringa tydeleg på at lokalsamfunn og fellesskapet bør få ein rettferdig del av verdiane som vert skapt ved å utnytte naturressursane som tilhøyrer fellesskapet. Regjeringa varsla i statsbudsjettet for 2023 ei innføring av grunnrenteskatt på havbruk og på vindkraft på land. Ein sentral del av forslaget er at lokalsamfunn som stiller naturressursar til disposisjon, skal sikrast ein del av grunnrenta. Regjeringa vil leggje til rette for fornybar kraft og nettkapasitet gjennom etablering av ny kraftproduksjon, energieffektivisering og utvikling av nettet. Det er viktig med gode demokratiske prosessar i handsaminga av desse sakene. Regjeringa jobbar med å innlemme planlegging og bygging av vindkraftanlegg i plan- og bygningslova. Dette vil gje kommunane større formell styring over arealbruken i vindkraftsaker.

Som oppfylging av ambisjonane i Hurdalsplattforma har regjeringa sett i gang eit arbeid med å utvikle regionvekstavtalar og ynskjer i fyrste omgang å prøve dette ut i Rogaland og Nordland. Målet er å utvikle dette til eit verktøy for meir målretta og samordna offentleg innsats i ulike delar av landet og å få fram ei avtaleordning som kan rullast ut i alle fylke.

Regjeringa vil medverke til nok og trygg mat produsert på norske naturressursar. Dette omfattar arbeid for reine og rike hav, berekraftig hausting og produksjon og berekraftige fôrkjelder. Regjeringa vil prioritere arbeidet med å betre inntektsmoglegheitene i jordbruket. For å støtte opp om landbruket og reindrifta vil regjeringa føre ein meir restriktiv rovdyrpolitikk. Regjeringa har òg lagt fram ein ny jordvernstrategi med forsterka mål knytt til omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. Regjeringa vil i tillegg leggje til rette for industriell vidareforedling av skog ved å utvikle ressursgrunnlaget og forbetre infrastrukturen i skogbruket, fremje ei berekraftig skogforvalting og kombinere auka skogbruksaktivitet med styrkte miljøomsyn.

Regjeringa arbeider med fleire tiltak som skal medverke til å skape ei konkurransedyktig, heilårleg reiselivsnæring som er meir berekraftig og lønsam enn tidlegare, og som skaper aktivitet i heile landet.

Regjeringa vil vurdere om det er føremålstenleg å etablere eit statleg kontaktpunkt for store industrietableringar i Nord-Noreg. Regjeringa vil òg vurdere korleis ein kan utvikle ambisjonane om forsvarsindustriklyngje i nord, med private, offentlege og militære satsingar som ein del av dette. Regjeringa vil vurdere korleis ein kan leggje betre til rette for innkjøp frå lokale leverandørar. Regjeringa vil vurdere styrking av FoU-miljø som er særskilt viktige for næringsutvikling, mellom anna i Aust-Finnmark. Det skal òg gjennomførast ei felles satsing på landbruket i Nord-Noreg.

Kapittel 6: Vi vil styrkje desentraliserte og fleksible utdanningstilbod og sikre tilgang på relevant utdanning og arbeidskraft

Det blir i meldinga vist til at arbeidskraft med rett kompetanse er ein føresetnad for utvikling og verdiskaping i alle lokalsamfunn. Eit desentralisert og fleksibelt utdanningstilbod er viktig for å halde oppe busetnaden i distrikta. Tilpassa utdanning der folk bur, tilgang på læreplassar, betre kopling mellom tilbod og etterspurnad av kompetanse, og eit inkluderande arbeidsliv, er også viktig for å utvikle velfungerande arbeidsmarknader.

Regjeringa vil leggje til rette for fleksibel utdanning i heile landet, slik at utdanning og opplæring skal vere tilgjengeleg for alle. Regjeringa meiner det er viktig med ein større heilskap i kompetanse- og utdanningspolitikken. Målet er eit utdanningssystem som er endå betre tilpassa etterspurnaden etter kompetanse, både frå arbeidslivet og frå dei som søkjer utdanning. Regjeringa vil gjennom dimensjoneringa av utdanningssystemet prioritere kompetanse som er naudsynt for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for å kunne tilby gode velferdstenester i heile landet og for å gjennomføre det grøne skiftet. Regjeringa vil fylgje opp helsefagutdanninga og vurdere tilrådingane frå Helsepersonellkommisjonen i arbeidet med stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane, som blir lagd fram våren 2024.

Regjeringa endrar og forenklar finansieringssystemet for universiteta og høgskulane, slik at dei betre kan gjennomføre det breie samfunnsoppdraget og dei samla prioriteringane frå regjeringa, og for effektivt å leggje til rette for høg kvalitet i sektoren.

Regjeringa vil møte lærarmangelen med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og halde på kvalifiserte lærarar. Regjeringa la våren 2023 fram ei stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv. For 2023 har regjeringa gjeve lovnad om tilskot til Sametinget på 6,6 mill. kroner for å styrkje kompetansen i samiske barnehagetilbod, og auka tilskotet til opplæring i samisk språk i grunnopplæringa med 17,5 mill. kroner.

Regjeringa har løyvd om lag 460 mill. kroner til arbeidet med kvalifisering og formidling til læreplass. Gjennom samfunnskontrakt for fleire læreplassar vert det utvikla eit systematisk samarbeid mellom partane i arbeidslivet, fylkeskommunane og nasjonale styresmakter med mål om å rekruttere fleire læreverksemder og styrkje det lokale arbeidet for læreplassar.

Regjeringa vil auke satsinga på å få fleire i arbeid. For å motverke at ungdom og unge vaksne fell utanfor skule og arbeidsliv, vil regjeringa leggje til rette for betre samordning av helsetenester, arbeidsretta tenester og utdanningssystemet. Regjeringa vil også sørgje for eit meir fleksibelt utdanningssystem for vaksne som treng vidaregåande opplæring, noko som vil gjere det mogleg for fleire Nav-brukarar å kvalifisere seg.

Regjeringa vil vidareføre måla og den geografiske avgrensinga for tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms og prioritere tiltak retta mot barnefamiliar og unge vaksne. Regjeringa har innført gratis barnehage i sona, og i 2023 er ordninga med gjeldslette av utdanningslån i tiltakssona styrkt. Dette skal medverke til auka rekruttering og tilflytting av unge vaksne og barnefamiliar.

Regjeringa vil vurdere korleis ein betre kan dimensjonere og leggje til rette for utdannings- og kompetansetilbod innanfor yrkesgrupper der etterspurnaden etter kompetent arbeidskraft er særleg kritisk, mellom anna i Aust-Finnmark. Regjeringa vil vurdere tiltak for å auke talet på praksisplassar for helse- og sosialfagstudentar i distriktskommunar og tiltak for å auke rekrutteringa til lærarutdanningane, særleg i nord. Regjeringa vil vurdere om det er behov for særskilde tiltak for at fleire elevar skal fullføre vidaregåande skule, og om det er tilstrekkeleg fleksibilitet i regelverket for vidaregåande opplæring til å sikre ulike regionale behov, til dømes i område der det er få ungdomar og store avstandar.

Kapittel 7: Vi vil ha ein nærverande stat

Det blir i meldinga vist til at ein forsterka statleg lokaliseringspolitikk er ein del av innsatsen til regjeringa for ei meir balansert utvikling i landet. Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidde geografisk og kome heile landet til gode. Regjeringa vil derfor styrkje innsatsen for lokalisering av statlege arbeidsplassar utanfor dei største byane og lokalisere meir av staten til distriktskommunar der arbeidsplassane kan styrkje lokale fagmiljø. Regjeringa ynskjer derfor at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane. Regjeringa har revidert og styrkt retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.

Regjeringa vil leggje betre til rette for desentralisert arbeid i statlege verksemder. Det kan styrkje lokale kompetansemiljø og auke tilgangen på kompetansearbeidsplassar i distrikta. Regjeringa har som ambisjon å auke bruk av stillingar i staten som vert lyste ut med høve til desentralisert arbeid. Målet er å styrkje lokale fagmiljø for å gje distriktspolitisk vinst. Det vil seie at statlege arbeidsplassar som i dag er lokaliserte i dei største byane eller dei mest sentrale områda av landet, i større grad kan gjerast tilgjengelege for arbeidstakarar i distriktskommunar ulike stader i landet.

1.2 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir i meldinga vist til at nye tiltak i meldinga vert dekte innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene. Utvikling og gjennomføring av konkrete tiltak må vurderast i lys av budsjettsituasjonen. Gjennomføringa av tiltak som på sikt har konsekvensar for løyvingar, set som vilkår at det økonomiske handlingsrommet tillèt det.

Nokre av tiltaka i meldinga har økonomiske konsekvensar. Felles for desse tiltaka er at dei allereie er avklarte i budsjettprosessar eller stadfestar gjeldande politikk.

Der tiltak eventuelt inneber omprioritering av ressursar innanfor andre sektorar, er det ein føresetnad at dette er omtalt av ansvarleg fagdepartement i tilhøyrande dokument.

På mange område vil distriktsmeldinga derfor vise til meir konkret oppfølging frå andre departement, og til andre dokument som blir lagde fram for Stortinget, både parallelt med denne meldinga og seinare i perioden.