Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1
Auke i talet på barn med behov for tiltak i
barnevernsinstitusjon og større behov hos barna enn tidlegare gir
etaten meirutgifter til kjøp av private institusjonsplassar. Utgiftsauken
kjem i form av fleire einskilde kjøp, fordi tilbodet og kapasiteten
i dei statlege institusjonane og institusjonane Bufetat har rammeavtaler med,
ikkje dekkjer behovet. Fleire einskilde kjøp fører, saman med større
behov hos barna og færre tilbydarar i marknaden, òg til at prisane
på tiltaka aukar samanlikna med vedtatt budsjett. I motsett retning
trekkjer mindreutgifter på om lag 23 mill. kroner til satsinga på
å auke talet på spesialiserte fosterheimar frå revidert nasjonalbudsjett.
Det er planlagt for at løyvinga vil bli fullt ut nytta i 2024.
Samla blir det føreslått å auke løyvinga på
posten med 371 mill. kroner.