Søk

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa gå gjennom rundskrivet «H-4/21 Etablering av ladepunkter og ladestasjoner for elektrisk drevne kjøretøy (elbiler) og fartøy med batterielektrisk fremdrift – forholdet til plan- og bygningsloven mv.» der formålet er å liste opp kva tiltak som er fritekne frå søknadsplikt, slik at dette blir klarare for kommunane. Ladeanlegg til fartøy og køyretøy må nemnast direkte som eit tiltak unnateke søknadsplikt i byggjesakforskrifta (SAK 10), slik at ein sikrar lik tolking og bruk av loven i alle kommunar.

  2. Stortinget ber regjeringa utarbeide retningslinjer for kommunane som klargjer handlingsrommet kommunane har til å inngå leigeavtalar der kommunen er grunneigar. Ladeoperatørar inngår typisk leigeavtale, der grunneigar blir kompensert økonomisk med fast leige eller som del av omsetning.

  3. Stortinget ber regjeringa syte for at det blir stilt krav om at nye bustad- og næringsprosjekt som blir etablerte i strandsona, skal leggje til rette for lading av elbåtar til liks med elbilar.

  4. Stortinget ber regjeringa greie ut høve til å stille krav til eksisterande og nye marinaer over ein viss storleik, om elektrisk ladeinfrastruktur som kan dekke eit visst minimum av el-fritidsbåtar.

  5. Stortinget ber regjeringa sette i gang eit arbeid der ein vurderer korleis og på kva måte infrastruktur på land for etablerte elektriske ferjer eller andre maritime fartøy kan gjerast tilgjengeleg for anna sjø- og landtransport, gjerne gjennom kommersielle lade- og landstraumaktørar.

  6. Stortinget ber regjeringa sikre at det for komande offentlege anbod for kommersielle ferjer og hurtigbåtar blir vurdert korleis el-infrastrukturen kan tilgjengeleggjerast for andre brukarar, og sette krav til dette i dei komande anboda.

  7. Stortinget ber regjeringa intensivere arbeidet med å få bygd ut landstraum og annan infrastruktur som er naudsynt for å nå målet om nullutslepp frå offshoreflåten innan 2030.

  8. Stortinget ber regjeringa intensivere arbeidet med å byggje ut landstraum og ladestraum i relevante fiskerihamner og hamner som ofte blir nytta av fiskeflåten. Utbygginga av landstraum må der det er mogeleg, vareta også andre brukarar, som t.d. andre fartøy, elbilar m.m.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.