Komiteens tilråding fremmes av medlemmene i
komiteen fra Høyre, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Venstre.
Komiteen har
for øvrig ingen merknader, viser til representantforslaget og rår
Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I
Stortinget ber regjeringa sette i gang eit arbeid der
ein vurderer korleis og på kva måte infrastruktur på land for etablerte
elektriske ferjer eller andre maritime fartøy kan gjerast tilgjengeleg
for annan sjø- og landtransport, gjerne gjennom kommersielle lade-
og landstraumaktørar.
II
Stortinget ber regjeringa sikre at det for komande offentlege
anbod for kommersielle ferjer og hurtigbåtar blir vurdert korleis
el-infrastrukturen kan tilgjengeleggjerast for andre brukarar, og
stille krav om dette i dei komande anboda.