-
Stortinget ber regjeringa
gå gjennom rundskrivet «H-4/21 Etablering av ladepunkter og ladestasjoner
for elektrisk drevne kjøretøy (elbiler) og fartøy med batterielektrisk
fremdrift – forholdet til plan- og bygningsloven mv.» der formålet
er å liste opp kva tiltak som er fritekne frå søknadsplikt, slik
at dette blir klarare for kommunane. Ladeanlegg til fartøy og køyretøy
må nemnast direkte som eit tiltak unnateke søknadsplikt i byggjesakforskrifta
(SAK 10), slik at ein sikrar lik tolking og bruk av loven i alle
kommunar.
-
Stortinget ber regjeringa utarbeide retningslinjer for
kommunane som klargjer handlingsrommet kommunane har til å inngå
leigeavtalar der kommunen er grunneigar. Ladeoperatørar inngår typisk leigeavtale,
der grunneigar blir kompensert økonomisk med fast leige eller som
del av omsetning.
-
Stortinget ber regjeringa syte for at det
blir stilt krav om at nye bustad- og næringsprosjekt som blir etablerte
i strandsona, skal leggje til rette for lading av elbåtar til liks
med elbilar.
-
Stortinget ber regjeringa greie ut høve
til å stille krav til eksisterande og nye marinaer over ein viss storleik,
om elektrisk ladeinfrastruktur som kan dekke eit visst minimum av
el-fritidsbåtar.
-
Stortinget ber regjeringa sette i gang
eit arbeid der ein vurderer korleis og på kva måte infrastruktur
på land for etablerte elektriske ferjer eller andre maritime fartøy
kan gjerast tilgjengeleg for anna sjø- og landtransport, gjerne
gjennom kommersielle lade- og landstraumaktørar.
-
Stortinget ber regjeringa sikre at det
for komande offentlege anbod for kommersielle ferjer og hurtigbåtar
blir vurdert korleis el-infrastrukturen kan tilgjengeleggjerast
for andre brukarar, og sette krav til dette i dei komande anboda.
-
Stortinget ber regjeringa intensivere arbeidet
med å få bygd ut landstraum og annan infrastruktur som er naudsynt
for å nå målet om nullutslepp frå offshoreflåten innan 2030.
-
Stortinget ber regjeringa intensivere arbeidet
med å byggje ut landstraum og ladestraum i relevante fiskerihamner
og hamner som ofte blir nytta av fiskeflåten. Utbygginga av landstraum
må der det er mogeleg, vareta også andre brukarar, som t.d. andre fartøy,
elbilar m.m.»
Det vises til dokumentet for nærmere
redegjørelse for forslagene.