Søk

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i statsbudsjettet 2023 under Samferdselsdepartementet for tilskot til godstogselskap etter ekstremvêret «Hans».

Ekstremvêret «Hans» førte til store avbrot i transporten mellom fleire landsdelar. Særleg togtrafikken er hardt ramma som følgje av kollapsen av Randklev bru på Dovrebana. Dette vil ha langvarige konsekvensar for gods- og persontrafikken på bana. Trafikken på Dovrebana skal rettast opp så raskt som mogleg. Det er Jernbanedirektoratet og Bane NOR sin høgaste prioritet. Det er usikkert kor lang tid det vil ta å få på plass ei permanent bru, og om det er mellombelse løysingar som kan bli sette i verk. Nødvendige endringar og støtte til persontogselskapa blir handtert gjennom dei eksisterande avtalane mellom togselskapa og Jernbanedirektoratet om drift av persontogtilbodet. Samferdselsdepartementet viser i proposisjonen til at dei vil kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av tiltak for persontogselskapa i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2023.

Situasjonen er kritisk for fleire selskap som fraktar gods på Dovrebana. Regjeringa ynskjer å frakte meir gods på bane, og foreslår mellombels støtte til dei råka godsselskapa for å minimere faren for langvarig reduksjon i godstransport på bane og for å bevare nødvendig transport så lenge det ikkje er mogleg å frakte gods på Dovrebana.

Samferdselsdepartementet foreslår i proposisjonen endringar i statsbudsjettet for 2023 gjennom å løyve 120 mill. kroner på kap. 1352, ny post 77 Tilskot til godstogselskap etter ekstremvêret «Hans». Det er foreslått at løyvinga kan overførast.

Ordninga vil dekke tap frå dagen då brua kollapsa, 14. august 2023, og skal dekke 95 pst. av tapa mottakarane av tilskot har hatt som følgje av brukollapsen. Målgruppa for ordninga er godsoperatørar som på tidspunktet for brukollapsen var tildelt ruteleiar for å frakte gods på Dovrebana, og som har direkte tap som følgje av kollapsen.

Jernbanedirektoratet vil få ansvaret for forvaltninga av den mellombelse tilskotsordninga. Jernbanedirektoratets ansvar omfattar mellom anna handsaming av søknader om støtte, vedtak, utbetaling og tilbakebetaling av tilskot, oppfølging og kontroll.

Kongen i statsråd samtykte 15. september 2023 til å utgiftsføre utan løyve inntil 75 mill. kroner i statsrekneskapen for 2023 på posten, jf. løyvingsreglementet § 11 andre avsnitt andre og tredje punktum. Pådratte utgifter innanfor dette samtykket er omfatta av den foreslåtte løyvinga på posten.