Det blir i meldinga vist til at Datatilsynet
og Personvernnemnda er uavhengige forvaltningsorgan som ikkje kan
instruerast om behandlinga av einskildsaker eller den faglege verksemda
elles. Kvart år sender dei sin årsrapport til departementet, som
legg rapportane fram for Stortinget. Rapportane er vedlagde meldinga.
I punkt 1 i meldinga går merknader frå Kommunal- og
distriktsdepartementet til Datatilsynets årsrapport for 2022 fram.
I meldinga blir det vist til at Datatilsynet i meldingsåret særleg
har prioritert arbeidet med saksbehandling og kontroll (punkt 3.1),
regulatorisk sandkasse (punkt 1.1), internasjonalt arbeid (punkt
1.3) og personverntematikk knytt til skule, born og unge (punkt
1.2). I tillegg har Datatilsynet hatt andre vesentlege aktivitetar i
2022, som arbeid med personvernproblemstillingar i arbeidslivet
(punkt 1.4) og i justissektoren (punkt 1.5). Det går òg fram at
dei har prioritert personverntematikk som har oppstått som følgje
av krigen i Ukraina.
Det blir i meldinga vist til at prioriteringane
er baserte på desse tre delmåla i hovudstrategien til tilsynet:
-
Å arbeide for ein
meir rettferdig maktbalanse mellom individet og kommersielle/offentlege
aktørar.
-
Å fremje personvernvenleg digitalisering,
innovasjon og utvikling.
-
Å vere eit kompetent, fleksibelt og framtidsretta
tilsyn.
Departementet gir sine vurderingar
undervegs i kapittelet.
I punkt 2 i meldinga går merknader frå Kommunal- og
distriktsdepartementet til Personvernnemndas årsrapport for 2022
fram. I kapittelet er blant anna følgjande tema omtalte: talet på
saker, vedtak og møte, overgangen til personvernforordninga, saksbehandlingstid,
vedtak som rettleiing, tema for sakene (m.a. kameraovervaking, sletting
av søkjetreff i søkjemotoren Google, arbeidsgjevar sin rett til
innsyn i e-postkasse og om rettsleg grunnlag for kredittvurdering),
framtidsutsikter (digitalisering, datainnbrot, auka medvit om personvernregelverket
og meir kompleksitet) og vurderinga til departementet om arbeidet
i nemnda.
I punkt 3 i meldinga er det eit kapittel om
administrasjon og ressursar. I punkt 3.1 blir det gitt ein omtale
av budsjettet og rammevilkåra til Datatilsynet. Her blir det mellom
anna gitt ein omtale av budsjett og bruken av tildelte budsjettmidlar,
om leiinga og organiseringa av tilsynet (ny direktør, Line Coll,
tiltredde 1. august 2022), om saksmengda og om tema for sakene (bl.a.
personvern i kundeforhold, bruk av helseopplysningar, personvern
på arbeidsplassen, ulovleg behandling av personopplysningar ved
hjelp av digitale system eller tenester). Det går vidare fram at
i tillegg til auke i saker blir dei òg stadig meir komplekse og
tidkrevjande. Det blir gitt ein omtale av talet på og tema for avviksmeldingar, talet
på vedtak og om avgjerder om gebyr og om markant auke i krav om
innsyn etter offentleglova og framtidsutsiktene knytte til dette.
I punkt 3.2 blir budsjettet og rammevilkåra til Personvernnemnda
omhandla. Det blir gitt ein omtale av organiseringa og leiinga av
organet, av sekretariatet og om budsjettet og bruken av budsjettmidlane.
I begge desse kapitla vurderer departementet
korleis løyvinga er brukt og oppgåvene gjennomførte i 2022.