Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Innhold
Stortinget ber regjeringa om ein uavhengig heilskapleg gjennomgang av regelverket for kontroll av våpeneksport.
Stortinget ber regjeringa gjera greie for korleis norske eksportstyresmakter gjennomfører framtidsretta risikovurderingar av at norsk forsvarsmateriell ikkje vert brukt i strid med internasjonal humanitærrett og internasjonale menneskerettar i tråd med Den internasjonale våpenhandelsavtalen artikkel 7 og OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap.
Stortinget ber regjeringa om at krav om sluttbrukardokumentasjon vert praksis ved all eksport av forsvarsmateriell, også til NATO-land og nære allierte.