II
§ 1 Bruksområde for
vedtaket
Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på
formue og inntekt for inntektsåret 2024 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.
Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt
for inntektsåret 2024, jf. lov om skatt til
Svalbard § 5-1.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
a) Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget
har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt
til staten og kommunane (maksimumssats).
b) Selskap og samanslutningar som nemnde i skattelova
§ 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kap.
2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget
har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt
til staten.
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
-
Inntekt som blir skattlagd
ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-1:
Låg sats: 8 pst.
Høg sats: 22 pst.
-
22 pst. av den delen
av selskapsoverskot som er høgare enn 15 mill. kroner, og som overstig
summen av
-
10 gonger kostnadene
til lønn som blir skattlagd ved lønnstrekk
-
0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg,
fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen
av inntektsåret
-
Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i
alminneleg inntekt som er omfatta av bokstav c, på 20 000 kroner.
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt rundast
nedover til nærmaste heile krone.
§ 5 Normalrentesatsen
for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12
fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den
same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 Aksjonær i utlandet
Skatt på utbytte m.m. etter skattelova § 10-13,
jf. svalbardskattelova § 3-2, er fastsett til 20 pst.
§ 7 Inntekt etter svalbardskattelova
§ 6-3
For inntekt som blir skattlagd etter svalbardskattelova
§ 6-3, skal satsen vere 8 pst.
V
For budsjetterminen 2024 skal det svarast avgift til
statskassa av kol som blir utført frå Svalbard, etter dei følgjande
satsane:
1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna
0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna
0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna
0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna
0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna
0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna
0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna
0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna
0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna
0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000
tonna