Presidentskapet registrerer
en tilbakevendende debatt om moderasjon i forbindelse med den årlige
justeringen av stortingsgodtgjørelsen. I lys av dette mener presidentskapet det vil det være nyttig at
et moderasjonsalternativ synliggjøres og er en del av vurderingen
fra godtgjøringsutvalget. Presidentskapet viser
til at et kronetillegg i tråd med økningen i gjennomsnittslønnen
i landet har vært løftet som et slikt alternativ.
Presidentskapets
flertall, stortingspresident Masud Gharahkhani, første visepresident
Svein Harberg, andre visepresident Nils T. Bjørke, tredje visepresident
Morten Wold og fjerde visepresident Kari Henriksen, viser
til at Stortingets godtgjøringsutvalg har avgitt sin innstilling
på bakgrunn av de ordinære lønnsoppgjørene, i tråd med presidentskapets
anmodning og i samsvar med det mandatet Stortinget har gitt. I samsvar
med presidentskapets retningslinjer har godtgjøringsutvalget redegjort
for den generelle lønnsutviklingen i samfunnet og vurdert særskilte
samfunnsmessige forhold. På bakgrunn av dette har godtgjøringsutvalget
begrunnet og lagt frem sitt forslag til regulering av godtgjørelse for
stortingsrepresentanter, statsministeren og regjeringens medlemmer.
Flertallet viser
videre til representantforslaget i Dokument 8:179 S (2022–2023).
Stortinget har nylig behandlet og tatt stilling til hvilke prinsipper
som skal ligge til grunn for regulering av godtgjørelsen, jf. Innst.
371 S (2020–2021) og Dokument 20 (2020–2021). Ytterligere generelle
føringer for reguleringen ble gitt av Stortinget ved behandlingen
av Innst. 123 S (2021–2022). På bakgrunn av dette, sammenholdt med
presidentskapets merknader til godtgjøringsutvalgets innstilling
ovenfor, støtter flertallet ikke forslagene
i representantforslaget.
For presidentskapets
stortingspresident Masud Gharahkhani og fjerde visepresident Kari
Henriksen har det vært viktig å fryse godtgjørelsene i to
år, gitt at forskjellene i lønnsutvikling bare har økt. Disse medlemmer ser at det mandatet som
er gitt godgjøringsutvalget, i for liten grad tar hensyn til den
moderasjonen man ønsker å oppnå. Disse medlemmer mener
det er behov for å finne en ordning som ivaretar lønnsmoderasjon
og bidrar til å minske forskjellene. Disse
medlemmer mener en alternativ regulering med gjennomsnittlig
kronebeløp vil bidra til det.
Femte visepresident
Ingrid Fiskaa viser til at godtgjeringa til stortingsrepresentantane
har hatt stor vekst, og at representantane rykker frå vanlege folk i
lønn. Med årets forslag frå godtgjeringsutvalet vil representantane
si godtgjering passera 1,1 mill. kroner i året. For å bremsa den
kraftige veksten i godtgjeringa, fremmer denne
medlemen fleire forslag som innfører eit heilt nytt system
for godtgjeringar. Føremålet er klare reglar, lågare godtgjeringar
og meir rettferdige «lønnsoppgjer».
Denne medlemen viser
til at moderasjonssystemet Sosialistisk Venstreparti føreslår, har
fleire element som saman skal sikra eit meir fornuftig system for
godtgjeringar. Denne medlemen føreslår
at stortingsgodtgjeringa vert sett ned slik at stortingsrepresentantane ikkje
lenger er mellom landets ti prosent høgast lønna.
Første steg i eit slikt nytt system er å lovfesta
ei maksimal godtgjering, med ei grense mot å ta steget opp mellom
landets ti prosent høgast lønna, og å fjerna konstruksjonen med
Stortingets godgjeringsutval.
For å få til ei slik endring fremmer denne medlemen desse forslaga:
«Stortingets godtgjeringsutval vert
avvikla, slik at årleg justering av stortingsrepresentantane, regjeringsmedlemmene
og statsministeren sine godtgjeringar vert gjort av presidentskapet
direkte.»
«Stortinget ber presidentskapet fremma
forslag om å endra stortingsgodtgjeringslova slik at det vert sett
ei absolutt grense for godtgjeringa for stortingsrepresentantane
til under 91-prosentpersentilen.»
Denne medlemen viser
vidare til at når godtgjeringa aukar i prosent, så fører det til
at dei folkevalde rykker frå resten av innbyggarane i lønnsvekst.
For å hindra dette vert det føreslått ei grense for kor stort kronetillegg
stortingsgodtgjeringa kan aukast med:
«Stortinget ber presidentskapet fremma
forslag om at det vert sett ei grense som sikrar at den maksimale
årlege auken i godtgjeringa til stortingsrepresentantane er eit
kronetillegg som svarer til det ein arbeidstakar med gjennomsnittslønn
fekk året før.»
Det er akseptabelt at statsrådar
og statsministeren har noko høgare godtgjering enn stortingsrepresentantane,
men det må settast klare grenser også for dette. Derfor vil denne medlemen regelfesta forholdet mellom
stortingsgodtgjeringa og desse godtgjeringane gjennom dette forslaget:
«Stortinget ber presidentskapet fremma
forslag om at regjeringsmedlemmer og statsminister får eit tak på godtgjeringa
på høvesvis 1,4 og 1,75 gonger stortingsgodtgjeringa.»
Med utgangspunkt i forslaget om å
senka stortingsgodtgjeringa til under lønnsnivået til landets ti
prosent høgast lønna, og eit nytt system for lønn til statsrådar
og statsminister, fremmer denne medlemen dette
forslaget til årets godtgjeringsoppgjer:
«Stortinget samtykker i at desse
godtgjeringane vert fastsette med verknad frå 1. mai 2023:
-
Stortingsrepresentantar
kr 937 320 per år
-
Regjeringsmedlemmer kr 1 312 248 per år
-
Statsminister kr 1 640 310 per år»
Denne medlemen er
samtidig open for at det kan vera andre måtar å sikra at stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemmer
og statsminister ikkje rykker ifrå vanlege folk i lønn, men at forskjellane
heller vert reduserte. For å invitera til ein slik diskusjon, fremmer denne medlemen subsidiært dette forslaget:
«Stortinget ber presidentskapet utarbeida
forslag til retningslinjer som sikrar at det blir mindre forskjellar mellom
det generelle lønnsnivået i Noreg og godtgjeringane for stortingsrepresentantar,
regjeringsmedlemmer og statsminister.»