Regjeringa legg i proposisjonen fram følgjande saker
under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege
tariffområdet og kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar:
I punkt 2 i proposisjonen vert lønsregulering
for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå
1. mai 2023 m.m. omtalt med følgjande tema:
-
Lønsforhandlingane
m.m. per 1. mai 2023 omtalt med omtale av forhandlingane og om den
økonomiske ramma.
-
Nærare omtale av avtalane med Akademikerne
og Unio og avtalane med LO Stat og YS Stat – med omtale av økonomisk
profil i avtalane og om anna.
-
Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn
og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.
I punkt 3 i proposisjonen vert endringar
på statsbudsjettet for 2023 på følgjande kapittel og postar omtalte:
-
Kap. 2315 (Nytt)
Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet,
post 1 (Ny) Driftsutgifter
-
Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar m.m.,
post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde
-
Kap. 2309 Tilfeldige utgifter, post 1 Driftsutgifter.