10.1 Sammendrag
Det tidlegare særfrådraget for einslege forsørgjarar
i skattesystemet vart avvikla med verknad frå 1. mars 2023, samstundes
som den utvida barnetrygda etter lov 8. mars 2002 nr. 2 om barnetrygd
(barnetrygdloven) auka med eit beløp tilsvarande maksimal skatteverdi
av særfrådraget i 2022. Bakgrunnen for omlegginga var å forenkle
støtta til einslege forsørgjarar ved å flytte støtta frå skattesystemet
til trygdesystemet, sjå Prop. 1 LS (2022–2023), punkt 3.2. Departementet
la til grunn for endringa at ingen mottakarar av utvida barnetrygd
ville kome dårlegare ut som følgje av omlegginga samanlikna med
i 2022, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet,
Programkategori 11.10 Familie og oppvekst.
Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2023
òg å gje ein ekstra auke i utvida barnetrygd på 5 000 kroner i året og
å prisjustere alle barnetrygdsatsane. Denne ekstra auken skulle
styrkje den økonomiske situasjonen for einslege forsørgjarar i ei
tid med høg prisstiging og kostnadsvekst.
Satsen for utvida barnetrygd auka frå 1 054
kroner i månaden til 2 489 kroner i månaden, gjeldande frå mars 2023,
som følgje av desse tre endringane.
I samband med at saker med utbetaling av bidragsforskot
etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven),
vart revurderte i Arbeids- og velferdsetaten (Nav) i mars 2023,
vart det klart at ein del mottakarar av den behovsprøvde ytinga
bidragsforskot mista retten til forskotet eller fekk forskotet redusert, fordi
den samla auken i utvida barnetrygd gjorde at inntekta auka. Utvida
barnetrygd er ein del av inntektsgrunnlaget ved behovsprøvinga av
forskot, og auken i utvida barnetrygd påverka behovsprøvinga av
om, og med kva sats, forskotet skulle utbetalast. I tillegg har
verdien av særfrådraget ved ein inkurie over tid ikkje vore teken
omsyn til ved behovsprøvinga, noko som òg har gjeve utslag når denne
støtta no inngår i den auka utvida barnetrygda. Førebelse tal frå
Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at auken i den utvida barnetrygda
har vore utslagsgjevande i 1 490 saker som råkar 1 810 barn. Av desse
1 490 sakene har 957 barn mista forskotet, og for 843 barn er forskotet
redusert.
Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen endringar i
forskotteringsloven slik at einslege forsørgjarar ikkje mistar eller
får forskotet redusert som følgje av auken i utvida barnetrygd i
2023. Framlegget har ikkje vore på offentleg høyring. Endringane
vil tre i kraft frå 1. juli 2023.
Gjeldande rett, Barne- og familiedepartementet
si vurdering og framlegg, konsekvensar av forslaget, overgangsreglar
og ikraftsetjing og merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget
er omtalte i proposisjonen.