Søk

Sammendrag

Meldinga om statsrekneskapen for 2022 omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2021 til 2022 og overført løyving frå 2022 til 2023. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2022. Budsjettutviklinga gjennom 2022 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 33 S (2022–2023) Ny saldering av statsbudsjettet 2022.

Året 2022 har som 2021 vore eit utfordrande år med store konsekvensar for norsk økonomi, personar og verksemder. Økonomiske tiltak er fremma og vedtekne gjennom året knytte til pandemien, ekstraordinære høge straumprisar og krigen i Ukraina. Samla vart det i saldert budsjett 2022 og gjennom året budsjettert med eit oljekorrigert underskot som ligg noko under 2021-nivået. Til tross for eit framleis stort oljekorrigert underskot, dekt med overføring frå Statens pensjonsfond utland (SPU), syner fondet eit overskot i 2022 slik det vert presentert saman med statsbudsjettet. Det kjem mellom anna av ein auke i rente- og utbyteinntekter i fondet og ein kraftig auke i netto kontantstraum frå petroleum som følgje av eit historisk høgt prisnivå på gass sidan sommaren 2021, som har halde fram gjennom 2022. Rekneskapen til Statens pensjonsfond utland syner monaleg store realiserte og urealiserte tap, medan valutakurseffekten på investeringar i utanlandske verdipapir har vore positiv i 2022. Netto auke i kapitalen i Statens pensjonsfond utland, inkludert finanstransaksjonar til fondet, vart 58,3 mrd. kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) minka med 14,7 mrd. kroner. Samla sett auka dermed kapitalen i Statens pensjonsfond med 43,6 mrd. kroner.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31. desember 2022, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4 i meldinga.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalte. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.