Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Rune Støstad, Siri Gåsemyr Staalesen, Terje Sørvik og lederen Lene Vågslid,
fra Høyre, Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad og Mari Holm
Lønseth, fra Senterpartiet, Heidi Greni, Kathrine Kleveland og Kari
Mette Prestrud, fra Fremskrittspartiet, Helge André Njåstad og Erlend
Wiborg, fra Sosialistisk Venstreparti, Birgit Oline Kjerstad, og
fra Rødt, Tobias Drevland Lund, viser til representantforslag
fra stortingsrepresentantene Sofie Marhaug, Ola Elvestuen, Kristoffer
Robin Haug, Birgit Oline Kjerstad og Kjell Ingolf Ropstad om å bryte
båndene mellom utbygger og utreder i konsekvensutredninger om natur og
klima, der det fremmes forslag om å be regjeringen utrede hvordan
ordningen med konsekvensutredninger av planer og tiltak kan utføres
på en uavhengig måte, slik at båndet mellom utbygger og utreder
brytes, samtidig som det ikke skal føre til økte kostnader for staten
eller kommunene. Komiteen har
mottatt skriftlige høringsinnspill.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet og Fremskrittspartiet,
viser for øvrig til svarbrev fra statsråden av 20. april 2023, der
det fremgår at det for planer etter plan- og bygningsloven er kommunene som
er ansvarlig myndighet, mens det for planer og tiltak etter annet
lovverk er sektormyndighetene som er ansvarlig myndighet. Ansvarlig
myndighet skal ved behandlingen av saker etter forskriften opptre
objektivt og ha tilstrekkelig fagkunnskap. Forskriftens regler om høring
og offentlig ettersyn av forslag til plan- eller utredningsprogram
og av konsekvensutredninger legger til rette for en åpen prosess,
hvor berørte offentlige myndigheter og andre blir hørt og kan gi
innspill i en tidlig fase. Dette gjør at berørte private og offentlige myndigheter
deltar i utformingen av konsekvensutredningen, og slik sett gir
andre vinklinger enn utbyggerens samt gir anledning til å kritisere
utredningen. Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet
arbeider løpende med å oppdatere veiledningen til konsekvensutredningsforskriften. Flertallet viser
til at departementene også løpende vurderer behovet for endringer
i forskriften, og regjeringen er nå i startfasen av et arbeid med
å vurdere slike endringer. Utredere må kunne jobbe uavhengig av
påvirkning fra forslagsstiller/utbygger når de utreder konsekvensene av
en plan eller et prosjekt. Det er derfor grunn til å se nærmere
på problemstillingen. Flertallet viser
til at departementet i det kommende arbeidet med revisjon av KU-forskriften
vil utrede hvordan en best mulig kan ivareta kravet om objektive
konsekvensutredninger, herunder hvordan en best kan sikre at utredningene ikke
påvirkes av forslagsstiller i vurderingene av konsekvenser for miljø.
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet forutsetter at de som utfører konsekvensutredninger,
har høy faglig kompetanse på sitt fagområde. Disse medlemmer viser til at
det allerede i dag eksisterer formalkrav til kompetanse hos de som
gjennomfører denne typen kartlegging. Disse medlemmer er enige med
forslagsstillerne i at utredere må kunne jobbe uavhengig av påvirkning
fra utbygger når de utreder konsekvensene av en plan eller et prosjekt. Disse medlemmer viser
i den sammenheng til at regjeringen er i startfasen av en gjennomgang av
konsekvensutredningsforskriften, hvor den vil se på denne problemstillingen,
og disse medlemmer forventer at dette
tas med inn i det arbeidet.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt viser til Høgre og
Framstegspartiet sin merknad og vil peike på at det er ikkje godt
nok å føresetje at konsekvensutgreiingar er leverte med god kvalitet,
når det er så mange døme på det motsette. Desse medlemene viser til at
det allereie i Riksrevisjonen sin rapport Dokument nr. 3:11 (2006–2007)
vart konkludert med at:
«Samlet viser undersøkelsen
at arealstatusen og arealutviklingen i Norge på flere områder ikke
ivaretar verdier og prinsipper som Stortinget har vektlagt for å
sikre en bærekraftig arealdisponering.»
Desse medlemene viser til Riksrevisjonen
sin kontroll fem år etter, jf. Dokument 3:1 (2011–2012), som seier
at det er gjort fleire grep for å sikre berekraft, men:
«Etter Riksrevisjonens
vurdering er det foreløpig ikke dokumentert vesentlige effekter
av tiltakene som er satt inn etter at plan- og bygningsloven og
naturmangfoldloven trådte i kraft i 1. juli 2009.»
Desse medlemene meiner dette
syner at skiftande regjeringar etter 2007, også regjeringa Solberg, visste
om problemet utan å ta skikkeleg tak i det. Desse medlemene meiner difor
det er heilt nødvendig at Stortinget presiserer overfor regjeringa
at arbeidet med å gjere konsekvensutgreiingane meir uavhengige av
utbyggjarane både trengst og må prioriterast høgt, som eitt av fleire
tiltak om ein skal stanse naturtap og nå måla i Naturavtalen som
Noreg skreiv under i Montreal 19. desember 2022.
Desse medlemene meiner at lova
sine krav om utgreiingsplikt og informasjonsplikt, slik det er nedfelt
i miljøparagrafen § 112 i Grunnlova og § 17 i forvaltningslova,
er svært viktige for tilliten mellom styresmakter og folk, og for
at naturen ikkje alltid skal tape i utbyggingssaker. Lova seier
tydeleg at ei sak skal vere tilstrekkeleg utgreidd før det skal
gjerast vedtak. Konsekvensutgreiingsforskrifta set formelle krav
til kva som skal utgreiast i ulike typar saker. Er kunnskapsgrunnlaget
feil, vert vedtaka gjorde på feil grunnlag.
Desse medlemene viser til dei
skriftlege høyringsinnspela, som viser til ei rekke saker i media
der det har vorte avslørt at konsekvensutgreiingar som vert lagde
til grunn for vedtak, ikkje held mål, og der saker har fått eit
anna utfall etter at friviljuge organisasjonar har spleisa på alternative
utgreiingar. Ei av dei mest kjende sakene er saka knytt til vindkraftverket
på Stad, der den første utgreiinga som var utarbeidd av høgt kompetente fagfolk,
vart erstatta av ei ny utgreiing som kom til heilt andre konklusjonar,
men som synte seg å ikkje ha same faglege tyngde (NRK «Natur i maskineriet»
21. januar 2021). Slik dette vert oppfatta av folk som engasjerer
seg i desse sakene, fekk utbyggjarane det slik dei ville ved enkelt
å kjøpe seg ei ny utgreiing som passa deira ynske om utbygging.
I denne saka står ein tidlegare tilsett i eit utgreiingsselskap
fram med si historie. Han vart pressa av arbeidsgivaren til å underrapportere
naturverdiar for å tekkast tiltakshavaren. Desse medlemene meiner at dette
er djupt problematisk. Ei anna sak er konsekvensutgreiinga for havvindkraftverket
Havsul I, som det vart søkt konsesjon for på Mørekysten i 2006,
der det ikkje var gjort noko som helst for å undersøke konsekvensar
for norsk vårgytande sild, sjølv om anlegget var plassert midt i
kjende gyte- og oppvekstområde for sild. Trass i det dårlege kunnskapsgrunnlaget
gav NVE konsesjon til Havsul I. Svært mange stilte spørsmål om korleis
direktoratet kunne gjere vedtak på eit så dårleg kunnskapsgrunnlag.
Vindkraftkonsesjonen vart ikkje realisert, og er no trekt tilbake. Desse medlemene meiner denne og fleire
andre saker syner at det trengst meir formelle krav til kva konsekvensutgreiingane
skal innehalde for å kunne godkjennast, samt tydlegare krav om å
syne korleis dei ulike faktorane er vekta i sluttkonklusjonane.
Den flengande kritikken
av gamle konsekvensutgreiingar i mellom anna vindkraftsaker i 2019
førte til at Miljødirektoratet fekk utarbeidd ein rapport av Multiconsult,
«Evaluering av konsekvensutredninger etter kapittel 5 i forskrift
om konsekvensutredninger», dokumentkode: 10220344-TVF- RAP- 01,
om kvaliteten i 35 utvalde konsekvensutgreiingar frå ulike typar
prosjekt. Rapporten konkluderte med at 57 pst. av sakene hadde manglande
eller utilstrekkeleg vurdering av samla belastning etter naturmangfaldlova
§ 10, noko som er eit brot med KU-forskrifta. 71 pst. av sakene
hadde manglande vurdering av uvisse, noko som også er i strid med KU-forskrifta.
Ingen av utgreiingane hadde vurdert konsekvensar for økosystemtenester
som karbonlagring i jord og vern mot flaum og erosjon. I denne rapporten kom
Multiconsult med framlegg om 11 tiltak for å betre kvaliteten på
konsekvensutgreiingar.
Desse medlemene viser til rapporten
«Bærekraftig arealbruk innenfor rammen av lokalt selvstyre», skriven
av NINA, Holth og Winge og NIBR OsloMet for KS i 2022, som kjem
med klare råd om at bestillaransvaret for konsekvensutgreiingar
for miljø og klima må ligge hjå det ansvarlege forvaltningsorganet,
ikkje hjå utbyggaren og tiltakshavaren som kan ha store økonomiske
interesser i at miljøverdiar vert dårleg undersøkte eller underkommuniserte
i sluttkonklusjonane. Desse medlemene meiner
at rapportane og det store engasjementet hjå miljøorganisasjonar
og folk flest viser at om det skal vere tillit til utgreiingane
og forvaltningsprosessane, må det stillast klarare kvalitetskrav
i tråd med internasjonal standard til utgreiingane, og kompetansekrav
til den som utfører oppdraget, og utgreiingsprogrammet må involvere
miljøstyresmaktene i tillegg til dei som har ansvar etter sektorlovene.
Desse medlemene registrerer
at det no er strid om dei nye utgreiingane som Olje- og energidepartementet
skal gjere som ei oppfylging av høgsterettsdommen i Fosen-saka.
Olje- og energidepartementet har også fått kraftig fagleg kritikk
av kvaliteten på konsekvensutgreiinga lagd fram i samband med opningsprosessen
for utvinning av havbotnmineral, frå tunge faginstansar i høyringssvara
som kom inn til saka. Desse medlemene meiner
dette syner at kvalitet på utgreiingar også kan vere eit problem
når det offentlege er oppdragsgivar, at ein bør ha tydelegare kvalitetskriterium,
og at miljøstyresmakter og andre fagdirektorat med kompetanse på
natur og miljø bør få ei rolle med å godkjenne utgreiingsprogram
og kunnskapsgrunnlag før dei kan gå til handsaming. Forvaltningsvedtaka
må syne korleis natur og miljø er vekta i avgjerdene, og desse må vere
i tråd med overordna mål om varetaking av natur og miljø. Når nesten
ingen av dei førre FN-måla for å stanse tap av biologisk mangfald,
AICHI-måla, vart nådde i Noreg, må det gjerast endringar i forvaltninga
om vi skal nå måla i den nye naturavtalen om 100 pst. berekraftig
forvaltning og bruk av natur.
Desse medlemene legg til grunn
at tilliten mellom folk og styresmakter er det mest verdfulle som
er i det norske samfunnet. Denne tilliten vert undergraven av dårlege
prosessar. Systemet der sivilsamfunnet kan klage og kome med innspel
til handsaminga av saker, er ikkje godt nok for å sikre kvaliteten
på kunnskapsgrunnlaget, særleg ikkje når det er snakk om saker i
sjø der det er krevjande å skaffe fram kunnskap dersom denne manglar.
Det er avgjerande at konsekvensutgreiingane byggjer på oppdatert
kunnskap, og at denne held ein god fagleg kvalitet, slik at ikkje
fagrapportar og konsekvensutgreiingar vert reine partsinnlegg i
staden for eit reelt kunnskapsgrunnlag. Desse medlemene meiner det
no må takast grep for å sikre kvaliteten på konsekvensutgreiingar
som ligg til grunn for forvaltningsvedtak om natur i Noreg, og desse medlemene fremjar
difor dette forslaget:
«Stortinget
ber regjeringa greie ut korleis ordninga med konsekvensutgreiingar
av planar og tiltak kan utførast på ein uavhengig måte, slik at
banda mellom utbyggar og utgreiar vert brotne, samtidig som det
ikkje skal føre til auka kostnadar for staten eller kommunane.»