Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om representantforslag om internasjonal gjeldsslette for å nå berekraftsmåla

Dette dokument

Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert ein ny internasjonal gjeldshandteringsmekanisme.

  2. Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert bindande retningslinjer for ansvarleg utlån for statar, internasjonale finansinstitusjonar og private kreditorar.

  3. Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert eit offentleg register for statleg gjeld.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug, Eva Kristin Hansen og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schou, Erna Solberg og lederen Ine Eriksen Søreide, fra Senterpartiet, Marit Arnstad og Bengt Fasteraune, fra Fremskrittspartiet, Sylvi Listhaug og Christian Tybring-Gjedde, fra Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa, fra Rødt, Bjørnar Moxnes, fra Venstre, Guri Melby, og fra Kristelig Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, deler bekymringen for gjeldssituasjonen i mange utviklingsland. Gjeldsproblemene skyldes mange faktorer, deriblant svak økonomisk styring, men pandemien og Russlands krig mot Ukraina har forverret situasjonen for mange.

Komiteen viser til at det tidligere er gjennomført flere runder med massiv gjeldsslette for en rekk utviklingsland. Det vises i den forbindelse bl.a. til HIPC- og MDRI-initiativene i 1996/1999 og 2006. Likevel er mange av disse landene fortsatt tynget av stor gjeld. Ifølge FNs utviklingsprogram, UNDP, har 54 land alvorlige gjeldsproblemer. Disse problemene går i mange tilfeller ut over grunnleggende tjenester og rettigheter for borgerne. 28 av landene med alvorlige gjeldsproblemer er også på listen over de 50 mest klimasårbare nasjonene i verden. Disse er ekstra utsatt ved at de i tillegg til gjeldsbyrden må betale ekstra store beløp for klimatilpasning og gjenoppbygging. For disse landene er lånevilkårene også ofte dårligere på grunn av høyere risiko.

Komiteen viser til at gjeldssituasjonen i dag er mer kompleks enn tidligere, og at flere kreditorer og nye typer gjeld er kommet til. Å samle alle relevante offentlige og private kreditorer rundt et omforent etablert fellesskap har derfor vist seg utfordrende. For at gjeldssletten skal gi ønsket effekt, er det også sentralt at store utlånere, som Kina, viser større vilje til gjeldsslette. Kina er alene kreditor på 65 prosent av den bilaterale/offentlige utenlandsgjelden fra utviklingsland og har med dette avgjørende betydning i denne sammenheng.

Komiteen viser til at Norge gjennom en rekke initiativ har vært aktivt involvert for å lette utviklingslands gjeldsbyrde, og at Norge siden 1999 har slettet bilateral gjeld for i alt 6,5 mrd. kroner for 21 land uten å belaste bistandsbudsjettet. Det har vært et viktig prinsipp at sletting av stat-til-stat-gjeld ikke skal gå på bekostning av annen bistand. I nyere tid har Norge bl.a. bidratt instrumentelt til å kvalifisere Somalia for gjeldslette, da Norge i mars 2020 ga et kortsiktig overgangslån («bridge loan») på om lag USD 366 mill.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti viser til at me ikkje er i nærleiken av å nå berekraftsmåla innan 2030 slik Noreg og resten av verda har forplikta seg til. Delen av verdas befolkning som lever i fattigdom (mindre enn 1,90 dollar dagen) har gått markant ned dei siste tiåra, men covid-19 pandemien med økonomisk nedstenging sette utviklinga tilbake. Frå 2019 til 2020 auka delen fattige frå 8,3 til 9,2 prosent. Desse medlemene viser til at talet på sveltande menneske har auka jamt og trutt sidan verdas land vart einige om berekraftsmåla, og i dag lir kvart tiande menneske i mangel på mat. Konflikt, ekstremvêr som følgje av klimaendringar og aukande ulikskap er blant årsakene til den negative utviklinga. Krigen i Ukraina med påfølgjande høge internasjonale matvareprisar har ikkje gjort situasjonen betre, men svolten steig lenge før Russland brutalt angreip nabolandet sitt. Desse medlemene merkar seg at verdssamfunnet heller ikkje er i nærleiken av å nå helsemåla innan 2030. Dødsraten blant gravide og fødande kvinner er framleis altfor høg i store delar av Afrika, pandemien sette tilbake ein del vaksinasjonsprogram, og i 2020 auka talet på mennenske som døydde av tuberkulose. Årsakene til at me ligg så dårleg an til å nå berekraftsmåla, er med andre ord mange, men FN er tydeleg på at ei av hovudårsakene er den djupe og omfattande gjeldskrisa fleirtalet av utviklingsland er i.

Desse medlemene viser til at mange utviklingsland brukar langt meir pengar på å betala tilbake gjeld enn på sosiale investeringar for å nå berekraftsmåla. Ifølgje Debt Relief International og Kirkens Nødhjelp (2022) brukar den store gruppa utviklingsland ni gonger meir på å betala gjeld enn på helseutgifter. Ei mindre gruppe utviklingsland rapporterer om gjeldsutgifter som er 32 gonger så høge som klimainvesteringar. UNDP stadfestar at det er umogleg for eit land å nå klimamåla og berekraftsmåla så lenge 20 prosent av inntektene vert brukte på å betalea tilbake gjeld og landet tek opp lån med 15 prosents renter. Desse medlemene merkar seg at FNs utviklingsprogram rapporterer at 52 av verdas land har alvorlege gjeldsproblem.

Desse medlemene meiner at det er naudsynt med ein ny internasjonal gjeldshandteringsmekanisme for å nå berekraftsmåla innan 2030.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Kristeleg Folkeparti meiner at illegitim gjeld og gjeld gitt utan tilstrekkelege berekraftsanalysar må slettast, renter senkast og nye nedbetalingsplanar lagast uavhengig av om det er statar, internasjonale finansinstitusjonar eller private fond som er lånegjevarar.

Desse medlemene viser til statsråden sitt svarbrev datert 21.april 2023, der ho slår fast at mange av dagens gjeldstyngde land fekk massiv gjeldsslette under HIPC- og MDRI-initiativa i 1996/1999 og 2006, og at desse «fortsatt nyter godt av denne gjennom løpende bidrag fra giverlandene for å kompensere Versbanken og Afrikabanken for ettergivelse av gjeld». Desse medlemene vil påpeika at det i stor grad er ei anna gruppe land enn dei som vart omfatta av HIPC-initiativet, som i dag er i ei gjeldskrise. I dag er det i stor grad mellominntektsland som etter finanskrisa i 2008 nærast fekk kasta lån etter seg og deretter vart sterkt oppfordra av verdssamfunnet til å ta opp lån for å gjere naudsynte investeringar for å nå berekraftsmåla.

Desse medlemene viser til at statsråden i svarbrevet understrekar at det «er vanskelig, for ikke å si umulig, å se for seg et internasjonalt politisk akseptabelt system som ikke inkluderer G20, Parisklubben, Verdensbanken og IMF i førersetet». Desse medlemene deler statsråden sitt syn på kor viktig det er å bygga på eksisterande prosessar for gjeldshandtering og retningslinjer på kort sikt, men meiner samstundes at det er avgjerande for legitimiteten til ein slik prosess å sikra ei breiare deltaking frå ei større gruppe av statar. Desse medlemene meiner det er høgst problematisk at kreditorar som sjølv har økonomiske interesser i utfallet av saker, skal vera vertskap for slike forhandlingar. Vertskapet for restrukturering av gjeld må på lengre sikt leggast til ein uavhengig tredjepart utan økonomisk eigeninteresser.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti meiner at Noreg bør ta til orde for at UNDP, eller andre FN-organ, vert involvert som forhandlingspartnar i G20’s Global Debt Roundtable., og vidare at sivilsamfunn vert konsulterte meir aktivt undervegs i prosessen. På lang sikt bør Noreg arbeide for ein FN-leia gjeldshandteringsprosess.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Kristeleg Folkeparti meiner også at Noreg bør ta initiativ til at gjeld blir eit sentralt tema på Finance for Development-konferansen.

Desse medlemene viser til statsråden sitt svarbrev, der ho understrekar at dei multilaterale utviklingsbankane ikkje bør delta i gjeldsrestruktureringar, då dette vil kunne ramme utviklingsland si kredittrating og slik gje landa dårlegare og dyrare vilkår. Desse medlemene merkar seg at dette ikkje vart utfallet sist gong vestlege land ved å ta over gjeldsforpliktingane til fattige land sørga for gjeldsslette i dei internasjonale finansinstitusjonane.

Desse medlemene meiner det er naudsynt å få på plass bindande retningslinjer for ansvarleg lånegjeving for statar, internasjonale finansinstitusjonar og private kreditorar. Slike retningslinjer må halda utlånar ansvarleg ved å halda renter på eit lågt nivå, og lånetakar ansvarleg ved å stilla krav til kva låna kan brukast til. Retningslinjer for ansvarleg lånegjeving må også inkludera krav om berekraftsanalysar som tek høgde for inflasjon, eksterne økonomiske sjokk og statar si evne til å sikra menneskerettar og oppfylle klimamåla. Slike retningslinjer har vore diskuterte i ulike forum etter siste gjeldskrise, men så langt har det ikkje kome i hamn bindande retningslinjer for alle aktørar. Prinsippa kan takast i bruk ved å inkludera uansvarleg utlån og låneopptak i FNs konvensjon mot korrupsjon (UNCAC).

Desse medlemene viser til at sivilsamfunnsorganisasjonar og uavhengige medium har ei viktig vaktbikkjerolle å spele overfor dei respektive styresmaktene sine opptak av nye lån. Men med manglande informasjon og openheit er det vanskeleg å utøva denne kontrollfunksjonen. Det er derfor viktig å etablera eit offentleg gjeldsregister der lånegjevar, storleik på lån, vilkår og nedbetalingsplan vert tilgjengeleg for alle. Desse medlemene merkar seg at statsråden i svarbrevet peikar på at Noreg i ulike forum har tatt eit slikt initiativ.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti viser til statsråden sitt svarbrev der det vert understreka at «Norge har vært et foregangsland i internasjonal gjeldspolitikk», og ber regjeringa sjå til at Noreg også framover vert eit føregangsland for å løysa den djupe gjeldskrisa mange utviklingsland no står i.

På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene desse forslaga:

«Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert ein ny internasjonal gjeldshandteringsmekanisme.»

«Stortinget ber regjeringa ta initiativ til at UNDP vert inkludert som forhandlingspartnar ved det G20-initierte Global Debt Roundtable.»

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Kristeleg Folkeparti fremjar desse forslaga:

«Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert bindande retningslinjer for ansvarleg utlån for statar, internasjonale finansinstitusjonar og private kreditorar.»

«Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert eit offentleg register for statleg gjeld.»

Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert ein ny internasjonal gjeldshandteringsmekanisme.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa ta initiativ til at UNDP vert inkludert som forhandlingspartnar ved det G20-initierte Global Debt Roundtable.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Kristelig Folkeparti:
Forslag 3

Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert bindande retningslinjer for ansvarleg utlån for statar, internasjonale finansinstitusjonar og private kreditorar.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert eit offentleg register for statleg gjeld.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av medlemmene i komiteen fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet og Fremskrittspartiet.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Dokument 8:221 S (2022–2023) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa og Kari Elisabeth Kaski om internasjonal gjeldsslette for å nå berekraftsmåla – vedtas ikke.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 23. mai 2023

Ine Eriksen Søreide

Dag-Inge Ulstein

leder

ordfører