Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra
Arbeiderpartiet, Rune Støstad, Siri Gåsemyr Staalesen, Terje Sørvik
og lederen Lene Vågslid, fra Høyre, Mudassar Kapur, Anne Kristine
Linnestad og Mari Holm Lønseth, fra Senterpartiet, Heidi Greni,
Kathrine Kleveland og Kari Mette Prestrud, fra Fremskrittspartiet,
Helge André Njåstad og Erlend Wiborg, fra Sosialistisk Venstreparti,
Birgit Oline Kjerstad, og fra Rødt, Tobias Drevland Lund,
viser til Representantforslag 220 S (2022–2023), der stortingsrepresentantene Birgit
Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa fremmer forslag om å
be regjeringen sette fart på arbeidet med å lage marine grunnkart
for alle norske fjorder og kystområder innenfor grunnlinja. Komiteen har
mottatt skriftlige høringsinnspill. Komiteen viser til
svarbrev fra statsråden av 28. april 2023, der han skriver at marine
grunnkart er et godt verktøy for både miljøovervåking og som en
fremtidsrettet næring langs kysten. Et pilotprosjekt ble gjennomført
i 2020–2022 med spennende resultat, med nøyaktige og sammenstilte
data for Stavanger, Ålesund/Giske og Skjervøy/Kvænangen. Synergieffektene
mellom tre ulike etater er av særlig interesse. Statsråden skriver
videre at han følger effektene av pilotprosjektet nøye og har dialog med
andre relevante departementer for å se hva som er rett vei videre.
Komiteen viser til
at regjeringen Solberg satte i gang et pilotprosjekt for kartlegging
av marine grunnkart for kystområdene i Stavanger, Ålesund/Giske
og Skjervøy/Kvænangen i 2019, og det ble gjennomført i perioden
2020–2022. Pilotprosjektet ble finansiert på tvers av flere departementer,
kommuner og fylkeskommuner. Komiteen mener
det er viktig med gode marine grunnkart, og at dette har stor betydning
for kystnære havområder og havneinfrastruktur. Komiteen viser
videre til at marine grunnkart vil kunne være avgjørende for fiskeriene
langs hele norskekysten og i alle kystområder for fremtidig miljøovervåking
og for effektivt og bærekraftig fiskeri.
Komiteen viser til
at arbeidet med å kartlegge kystområdene bør gjøres gjennom en prioritert
liste over hva som skal kartlegges når, i tett samarbeid mellom
de berørte kommuner, fylkeskommuner, fagmiljøer og departementer.
Medlemene i
komiteen frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt legg
til grunn omtalen av pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona
i Prop. 1 S (2022–2023) s. 196, der departementet seier at den samla
økonomiske ramma for pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona
er rekna for å vere langt lågare enn dei samfunnsøkonomiske gevinstane.
Når departementet er så tydeleg på at marine grunnkart i kystona
vil løne seg å gjennomføre, meiner desse medlemene at
ein ikkje bør vente, men nytte den kompetansen som er bygd opp i
prosjektperioden til å sette i gang vidare arbeid.
Medlemene i
komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt legg til grunn
at Noreg har skrive under Naturavtalen i Montreal, der det er sett mål
om 100 pst. berekraftig bruk og forvalting av natur, både i havet
og på land. Naturpanelet til FN slår fast at den viktigaste årsaka
til tap av biologisk mangfald er arealbruksendring, samtidig er
samfunnet avhengig av å bruke hav og kyst til ulike typar næringsverksemd. Havforskningsinstituttet
og Fiskeridirektoratet har mykje kunnskap om dei kommersielt utnytta
fiskebestandane, men mykje av naturen i kystfarvatna som er med og
dannar grunnlaget for dei store fiskebestandane, er ikkje godt nok
kartlagt og forstått. Noregs geologiske undersøking har kartlagt
grunnen somme stader, og Miljødirektoratet har samla kunnskap om
naturtypar og forureining. Det som må skje, er at dette arbeidet
vert videreutvikla samtidig som kunnskapen må gjerast tilgjengeleg
i form av gode kart som kan vere gode verktøy for dei som har bruk
for dei, anten det er forvaltinga eller næringsaktørar. Noreg har
djupnedata for om lag 37 pst. av sjøareala, medan berre 10 pst.
av geologien, og 5 pst. av biologien i kystfarvatna er kartlagt.
Desse medlemene vil
peike på at det i dag vert utarbeidd sektorovergripande rettsleg
bindande marine arealplanar i norske kommunar, utan at kommunane
har tilgang til tilstrekkeleg detaljert kunnskap om geologi, oceanografi,
naturtypar og biologiske verdiar i kystsona. Det tverrfaglege pilotprosjektet
«Marine grunnkart i kystsona», leia av Kartverket, har avdekt at ein
del av det som i dag finst av informasjon i eksisterande kart, ikkje
stemmer godt nok med realitetane. Gytefelt kan vere lokaliserte
andre stader enn der det er avmerkt i karta, eller dei kan ha ei
anna utbreiing enn ein trudde. Viktige naturtypar som korallrev,
tareskog og ålegrasenger er ikkje godt nok kartlagte og avmerkte
i dagens kart. Desse medlemene viser
til at det er døme på at saker hamnar i retten fordi det vert gjort vedtak
om å trekke ein oppdrettskonsesjon etter at han er gitt, fordi ein
har oppdaga store korallførekomstar nær lokaliteten i etterkant.
Dette syner at dårleg kunnskapsgrunnlag er eit problem både i forvaltninga
og for næringsaktørar. Eit godt felles kunnskapsgrunnlag i forkant
av avgjerder, slik forvaltningslova § 17 krev, er viktig for effektiv
forvaltning og føreseielege rammer for næringsaktørar. Eit betre
kunnskapsgrunnlag er nødvendig for å vareta viktige naturtypar og
økosystem i tråd med naturavtalen, og eit kunnskapgrunnlag det er felles
semje om, vil vere med og dempe konfliktar i vanskelege planprosessar
der bruk og vern står opp mot kvarandre.
Medlemene i
komiteen frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt legg
til grunn at det vellukka pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsona»
syner at det no er mogleg å få på plass eit heilt anna kunnskapsgrunnlag
enn før. Sidan det også er arbeidd mykje med brukargrensesnittet
for alle som har bruk for kartgrunnlaget, vil marine grunnkart kunne
gi raskare og betre avklaringsprosessar i forvaltninga av kystsona.
Meir og betre formidla kunnskap om terreng, miljø og oceanografi
vil opne for betre planlegging og spare samfunnet for store ressursar.
Marine grunnkart vil gi betre avgjerdsstøtte for alle typar planlegging,
alt frå kabellegging, fiskeri og havbruk til forvaltning av verneområde.
Desse medlemene legg
til grunn at både statsråden og alle dei skriftlege innspela i saka
støttar at det er viktig å få på plass marine grunnkart i kystsona.
Desse medlemene viser
til høyringssvaret frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som skriv
at interkommunale prosessar har avdekt eit prekært behov for betre
kunnskapsgrunnlag i sjø, og at det er nødvendig med eit spleiselag
der staten tek sin del av ansvaret for å få på plass betre kunnskapsgrunnlag
enn ein har i dag. Desse medlemene meiner
at både høyringsuttalane og det generelle behovet for kunnskapsbasert
forvaltning syner at det hastar å få på plass marine grunnkart som
ein nødvendig grunnmur for framtidig berekraftig kystsoneforvaltning. Desse medlemene viser til at det er eit
sektorovergripande behov for å få på plass marine grunnkart, og
at det difor er naturleg at staten tek det overordna ansvaret og
kjem med forslag om korleis dette skal finansierast, gjennomførast
og korleis data kan delast. Desse medlemene syner
til høyringsforslaga som foreslår å bruke noko av inntektene frå
havbruksfondet til kartleggingsarbeidet, slik at ein gir tilbake
verdi til kystsona og brukarane av denne, i form av betre kunnskapsgrunnlag
og avgjerdsstøtte i arealforvaltninga. Heile det norske samfunnet
har nytt godt av dei store verdiane som havet gir, og no er det
på tide å bruke litt av desse midlane til å sørge for at kunnskapsgrunnlaget
for kystsoneforvaltning vert løfta opp på eit nytt nivå.
Desse medlemene fremjar
difor dette forslaget:
«Stortinget ber regjeringa leggje
fram ein plan for gjennomføring og modell for finansiering av marine grunnkart
i kystsona i samband med statsbudsjettet for 2024.»
Komiteen fremmer
dette forslaget:
«Stortinget ber regjeringa setje
fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar
og kystområde innafor grunnlinja.»