Merknad
4. Forslag fra mindretall
Opplæringslova § 10-6 andre ledd skal lyde:
Elevane kan bli pålagde å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
Opplæringslova § 2-4 skal lyde:
§ 2-4 Utsett og tidleg skolestart
Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og gode grunnar talar for det.
Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller fem år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og særlege grunnar talar for det.
I vurderinga etter første og andre ledd skal kommunen leggje særleg vekt på kva føresetnader barnet har for læring og for utvikling av sosial samkjensle.
Opplæringslova § 10-6 andre ledd skal lyde:
Skolen kan påleggje elevane å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
Opplæringslova § 11-4 skal lyde:
§ 11-4 Intensiv opplæring i vidaregåande opplæring
I den vidaregåande opplæringa skal fylkeskommunen sørgje for at elevar som står i fare for ikkje å bestå fag, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
Opplæringslova §§ 11-4 til 11-14 i lovforslaget i denne innstillinga blir §§ 11-5 til 11-15.
Opplæringslova § 17-2 tredje ledd skal lyde:
Kommunen og fylkeskommunen skal leggje til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande utdanning i pedagogisk leiing innan tre år etter tilsetjinga, dersom dei ikkje har slik utdanning frå før.
Opplæringslova § 17-4 andre ledd skal lyde:
Krava om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje for dei som er mellombels tilsette. Fram til 1. august 2025 har den som har fullført allmennlærarutdanninga, og den som før 1. januar 2014 oppfylte krava for tilsetjing i lærarstilling, dispensasjon frå krava om relevant kompetanse i undervisningsfag.
Opplæringslova § 17-12 fjerde ledd skal lyde:
Kommunestyret og fylkestinget skal minst éin gong i året få informasjon om, og drøfte, læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa.
I privatskolelova skal ny § 3-4 e lyde:
§ 3-4 e Intensiv opplæring i vidaregåande opplæring
I den vidaregåande opplæringa skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for ikkje å bestå fag, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
Privatskolelova § 4-1 nytt tredje ledd skal lyde:
Skolen skal leggje til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande utdanning i pedagogisk leiing innan tre år etter tilsetjinga, dersom dei ikkje har slik utdanning frå før.
Stortinget ber regjeringen i arbeidet med den varslede stortingsmeldingen om 5. til 10. trinn vurdere om det bør innføres en plikt til intensivopplæring i grunnleggende ferdigheter på ungdomsskolen.
Opplæringslova § 14-7 skal lyde:
§ 14-7 Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk
Kristendom, religion, livssyn og etikk skal vere eit fag. Faget skal vere samlande og gi elevane kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv, og kjennskap til etiske og filosofiske emne.
Opplæringa i emna kristendom, religion, livssyn og etikk skal medverke til auka forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulikt syn på trudoms- og livssynsspørsmål. Emna skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte.
Opplæringslova § 1-5 andre ledd skal lyde:
Sametinget gir forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane og samiske parallelle likeverdige læreplanane i fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk. Sametinget skal òg gi forskrifter om læreplanar for særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskriftene skal haldast innanfor dei rammene som departementet har fastsett.
Opplæringslova § 3-2 første til fjerde ledd skal lyde:
Samiske elevar har rett til opplæring i to av dei samiske språka nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.
Alle elevar som bur i forvaltningsområdet for samisk språk etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring i og på samisk. Kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk kan gi forskrift om at elevane skal ha opplæring i samisk som første- eller andrespråk.
Dersom minst seks elevar i ein kommune utanfor forvaltningsområdet for samisk språk krev opplæring i og på samisk, har dei rett til det. Retten står ved lag så lenge det er minst tre elevar att som vil ha slik opplæring. Samiske elevar skal i tillegg til samiskopplæring, også ha rett til opplæring på samisk i to andre fag.
Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i samisk og om dei skal ha opplæring i og på samisk.
Opplæringslova § 3-2 sjette ledd skal lyde:
Elevane har rett til å få ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø.
Opplæringslova § 3-6 første ledd skal lyde:
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk eller samisk godt nok til å følgje opplæringa på skolen. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og samisk, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.
Opplæringslova § 5-9 skal lyde:
§ 5-9 Rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve
Dei som ikkje har opphaldsløyve i Noreg, har rett til vidaregåande opplæring ut det skoleåret som tar til det kalenderåret dei fyller 18 år. Dei som oppheld seg ulovleg i landet utan å ha søkt om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til vidaregåande opplæring.
Opplæringslova § 6-2 skal lyde:
§ 6-2 Opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa
Samiske elevar har rett til opplæring i to av dei samiske språka nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.
Alle elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskolen, har rett til opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om at visse skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa innanfor visse kurs eller for visse grupper. Fylkeskommunen kan også elles tilby slik opplæring.
Elevar har rett til å få ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø.
Opplæringslova § 11-5 første ledd skal lyde:
Elevar har rett til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho. Elevane har òg rett til nødvendig opplæring i bruk av slike tekniske hjelpemiddel og skal ha tilgang på teknisk støtte. Digitale læremiddel må vere universelt utforma og vere kompatible med elevane sine tekniske hjelpemiddel.
Opplæringslova § 12-7 skal lyde:
§ 12-7 Det fysiske miljøet
Kommunen og fylkeskommunen skal i planlegginga, bygginga, tilrettelegginga og drifta av skolane ta omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.
Det fysiske miljøet på skolen skal vere i samsvar med dei gjeldande faglege normene. Ved avvik frå normene må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel er tilfredsstillande med omsyn til tryggleik, helse, trivsel og læring.
Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane som har nedsett funksjonsevne.
Dersom ein elev, ein forelder eller eit av råda eller utvala på skolen der desse er representerte, ber om tiltak for å bøte på manglar ved det fysiske miljøet, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje har teke stilling til saka innan rimeleg tid, kan det klagast som om det var gjort enkeltvedtak.
Opplæringslova § 15-2 skal lyde:
§ 15-2 Hovudmål på kvar skole
Kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, anten bokmål, nynorsk eller samisk. Skolen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra.
I samband med skifte av hovudmål på ein grunnskole eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre i kommunen krev det, skal det haldast rådgivande røysting. Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast før det har gått fem år. Røysterett har alle som bur i det området som soknar til skolen, jf. § 2-6, og som har røysterett etter valgloven § 2-2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre til elevane på 1. til 7. trinn ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrift om røysterett, ansvar for røystinga og organisering av røystinga.
Opplæringslova § 15-3 tredje ledd skal lyde:
Skolen skal bruke læremiddel, og læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa, som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Kravet gjeld ikkje
-
a. læremiddel i faget norsk
-
b. læremiddel og læringsressursar i fag med årskull med 300 eller færre elevar
-
c. læremiddel og læringsressursar der den norske teksten utgjer ein mindre del.
Opplæringslova § 18-10 skal lyde:
§ 18-10 Rett til opplæring for vaksne som ikkje har opphaldsløyve
Dei som ikkje har opphaldsløyve i Noreg, har rett til førebuande opplæring for vaksne ut det skoleåret som tar til det kalenderåret dei fyller 18 år. Dei som oppheld seg ulovleg i landet utan å ha søkt om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til førebuande opplæring for vaksne.
Dei som oppheld seg ulovleg i landet eller ventar på å få avgjort ein søknad om opphaldsløyve, har ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne.
Stortinget ber regjeringen avskaffe fraværsgrensa i videregående opplæring.
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag til hvordan man sikrer individuell rett til kvensk opplæring, etter modell fra samisk opplæring i opplæringslova.
Stortinget ber regjeringen i konsultasjon med Sametinget fremlegge for Stortinget et forslag til endring av opplæringslova om lovfestet rett til samiske læremidler.
Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å tydeliggjøre FNs barnekonvensjons prosessuelle regler i opplæringslova.
Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med forslag til endring av opplæringslova som lovfester elevenes rett til gode, grønne uteareal, samt i forskrift eller veileder innta større arealnormer for skolegårder.
Opplæringslova § 1-3 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Opplæringa skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen. Opplæringa skal bidra til å styrkje norsk språk, fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og styrkje samiske språk, kvensk og norsk teiknspråk.
Opplæringa skal gi innsikt i språkleg og kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.
Opplæringslova § 1-6 andre ledd skal lyde:
Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag kan flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.
Opplæringslova § 4-6 skal lyde:
§ 4-6 Leirskoleopphald
Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald med minst fire overnattingar i samanheng.
Opplæringslova § 5-8 første ledd skal lyde:
Den vidaregåande opplæringa skal vere gratis.
Opplæringslova § 10-4 andre ledd skal lyde:
Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane og foreldra i arbeidet med skoledemokratiet.
Opplæringslova § 10-5 andre ledd skal lyde:
Elevane og foreldra skal vere representerte i fleirtal i minst eitt organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i fleirtal i minst eitt organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.
Opplæringslova § 11-3 skal lyde:
§ 11-3 Forsterka innsats
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar som har faglege utfordringar, raskt får forsterka innsats. Om det er til det beste for eleven, kan den forsterka innsatsen i ein kort periode givast som eineundervisning.
Opplæringslova § 15-3 første ledd skal lyde:
Med læremiddel er her meint kvalitetssikra trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget. Departementet kan gi forskrift om kvalitetskriterium for læremiddel.
Opplæringslova § 15-5 skal lyde:
§ 15-5 Skolebibliotek
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane har tilgang til eit skolebibliotek, eller at skolen har avtalefesta samarbeid med eit anna bibliotek. Eit skolebibliotek skal tilby aktuelle medium og vere tilgjengeleg for elevar og lærarar i skoletida.
Eit skolebibliotek har som formål å fremje elevane sin lese-, medie- og informasjonskompetanse og skal vere ein integrert del av skolen sitt pedagogiske virke.
Opplæringslova § 17-1 skal lyde:
§ 17-1 Krav om kompetanse i skolen
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for rett og nødvendig kompetanse i skolen, inkludert syns- og audiopedagogisk kompetanse når skolen har elevar som er synshemma eller høyrselshemma.
Opplæringslova § 26-2 skal lyde:
§ 26-2 Formålet med kulturskolen
Kulturskolen skal leggje til rette for at barn og unge får opplæring samt moglegheit til å delta i ulike aktivitetar der dei kan oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.
Departementet kan gi nærmare forskrift om rammeplan for kulturskolen.
Opplæringslova § 26-3 skal lyde:
§ 26-3 Krav til kulturskolens leiing og kompetanse for å bli tilsett i kulturskolen
Kulturskolen skal ha ein rektor som har ansvaret for kulturskolens verksemd. Rektor skal ha pedagogisk og kulturfagleg høgare utdanning i eit eller fleire av kulturskolens fag. Kommunen kan i særlege tilfelle gi midlertidig dispensasjon frå kompetansekravet. Det kan knytast vilkår til dispensasjonen.
Det pedagogiske personalet skal som hovudregel ha fagleg relevant høgare utdanning. Kommunen kan fråvike dette kravet dersom arbeidstakaren har tilsvarande realkompetanse.
Privatskolelova § 2-3 nytt tredje ledd første punktum skal lyde:
I grunnskolen og vidaregåande skolar kan opp til ti prosent av timane i kvart fag flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.
I privatskolelova skal ny § 3-4 d lyde:
§ 3-4 d Forsterka innsats
Skolen skal sørgje for at elevar som har faglege utfordringar, raskt får forsterka innsats. Om det er til det beste for eleven, kan den forsterka innsatsen i ein kort periode givast som eineundervisning.
Privatskolelova ny § 5A-4 andre ledd skal lyde:
Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane og foreldra i arbeidet med skoledemokratiet.
Privatskolelova ny § 5A-5 andre ledd skal lyde:
Elevane og foreldra skal vere representerte i fleirtal i minst eitt organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i fleirtal i minst eitt organ ved vidaregåande skolar.
Stortinget ber regjeringen, sammen med partene i skolen, utarbeide et nytt og mer fleksibelt oppfølgingsreglement uten stryksanksjon knyttet til bestemte prosentgrenser, som inkluderer en oppfølgingsgaranti for elever som har bekymringsverdig mye fravær, samt adgang til egenmelding og foreldremelding ved sykdom.
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med konkrete forslag til hvordan lærertettheten i førsteklasse i grunnskolen kan økes.
Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med forslag om å lovfeste Statped som et nasjonalt spesialpedagogisk støttesystem.
Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå en veiledende norm for bemanning og kompetanse i PP-tjenesten og dimensjonering av denne.
Stortinget ber regjeringen i arbeidet med kvalifikasjonskrav til lærere komme tilbake til Stortinget med egen lovsak for å følge opp arbeidet, inkludere partene i skolen i arbeidet samt fremme forslag til endring av opplæringslova som slår fast krav om at skoleeierne må ansatte lærere med godkjent lærerutdanning i undervisningsstilling, samt hjemmel til forskrift som konkretiserer dette nærmere, inkludert at det kan gis dispensasjon for dette dersom det ikke er kvalifiserte søkere med godkjent lærerutdanning, og en betingelse om at den som ansettes, gjennomfører et kvalifiseringsløp.
Stortinget ber regjeringen fremme et forslag til endring i opplæringslova hvor det fremsettes krav til andre yrkesgrupper og kompetanse i skolen, slik som helse- og sosialfaglig kompetanse.
Stortinget ber regjeringen fremme forslag om lovfesting av at bare læreren kan ha det faglige ansvaret for opplæringen. Det skal presiseres at det faglige ansvaret innebærer å forberede og følge opp opplæringen og som hovedregel å være til stede sammen med eleven i opplæringa. Annet personale kan hjelpe til med opplæringa.
Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av opplæringslova, hvor skolefritidsordningen (SFO) får et eget kapittel i loven.
Elementer i dette kapittelet skal være at
-
elever i 1.–4. trinn har en lovfestet rett til SFO,
-
SFO må ha ansatte som har kompetanse til å drive et forsvarlig tilbud i tråd med målene i rammeplanen, og som har praktisk-pedagogisk kompetanse om forhold som gjelder elevene, arbeidet med det sosiale miljøet og skadeforebygging,
-
leder av SFO skal ikke skal regnes med i grunnbemanningen av SFO, og ressursene som følger barn med vedtak om særskilt tilrettelegging i skoletiden, skal følge barnet over i SFO.
Stortinget ber regjeringen legge frem et forslag om endring av opplæringslova, og hvor yrkesfagselever sikres en reell rett til læreplass, hvor fylkeskommunen er pliktig til å starte opp et løp for å få elevene ut i lære fra starten av tredje skoleår dersom eleven ikke allerede har fått en læreplass.
Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at elever som deltar i voksenopplæring, skal ha kontaktlærer.
Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at voksenopplæringen skal ha rektor med pedagogisk kompetanse, på lik linje med grunnskolen.
Stortinget ber regjeringen gjennomføre et prøveprosjekt med SMS-varsling til foreldre ved fravær på skolen.
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre valgfritt sidemål i skolen.
Stortinget ber regjeringen sørge for at morsmålsundervisning ikke lenger er en offentlig oppgave å finansiere eller organisere.
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å gjøre mobbeombudene om til mobbetilsyn, overføre dagens tilsynsoppgaver fra statsforvalteren til mobbetilsynet, foreslå flere sanksjonsmuligheter og virkemidler for mobbetilsynet og å gjøre hele denne endringen provenynøytral for det offentlige ved at ressursene følger med oppgaveflyttingen.
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å innføre et objektivt ansvar for elevenes skolemiljø for skolene.
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om at kommunen skal ha plikt til å konsultere mobbetilsynsorganet, og at det skal avgis en uttalelse fra tilsynsorganet, i de tilfeller der kommunene ser grunn til å melde familien til et barn til barnevernet der skolen/kommunen har fått meldt inn en mobbesak fra barnet eller dets familie.
Stortinget ber regjeringen om å i løpet av høsten 2023 legge frem en handlingsplan mot vold og trusler i skolen. Handlingsplanen skal inkludere både forebyggingstiltak og reaksjoner mot de som begår alvorlige handlinger, og relevante aktører bes involveres i arbeidet.
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak hvor anledningen til å markere norske tradisjoner, deriblant avholdelse av skolegudstjenester, forankres i opplæringslova.
Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et nytt lovforslag vedrørende retten til å fullføre videregående, som hindrer en mulig utilsiktet konsekvens hvor flere velger å ta pauser i den videregående opplæringen istedenfor å fullføre innen normert tid, samt hindrer at flere faller fra.
Opplæringslova § 12-5 første ledd andre punktum skal lyde:
Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen.
Opplæringslova § 12-6 fjerde ledd skal lyde:
Kjem statsforvaltaren til at skolen ikkje har oppfylt plikta etter § 12-4 eller § 12-5, kan statsforvaltaren påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet eller vedta kva skolen skal gjere for at eleven skal få eit trygt og godt skolemiljø. Det skal setjast ein frist for gjennomføringa av vedtaket, og statsforvaltaren skal følgje opp saka. Statsforvaltaren kan vedta reaksjonar etter skolereglane, jf. § 10-7, eller vedta at ein elev skal byte skole, jf. § 13-2.
Opplæringslova § 15-5 skal lyde:
§ 15-5 Skolebibliotek
Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Skolebiblioteket skal vere ein integrert del av skolen sitt pedagogiske virke.
Departementet gir forskrift om skolebiblioteket sitt føremål, bruk og innhald.
Opplæringslova § 26-2 skal lyde:
§ 26-2 Formålet med kulturskolen
Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får eit opplæringtilbod samt moglegheit til å delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.