Noregs Banks representantskap skal minst éin
gong i året leggje fram for Stortinget ei fråsegn om tilsynet med
Noregs Bank.
Representantskapet har for 2022 fått all informasjon
det har bedt om. Det er ikkje avdekt forhold som gir grunnlag for
særskilde merknader i tilsynet.
Alle protokollar frå hovudstyret og komiteen
for pengepolitikk og finansiell stabilitet er lagde fram for representantskapet
i samsvar med sentralbanklova. Protokollane frå komiteen for pengepolitikk
og finansiell stabilitet er tekne til orientering.
Basert på tilsynsarbeidet til representantskapet
er vurderinga at styring av og kontroll med Noregs Banks administrasjon
og verksemd er utøvd i samsvar med krav i sentralbanklova, instruks
om risikostyring og internkontroll i Noregs Bank og dessutan mandat
for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland. Det er etablert formålstenlege
rutinar som sørgjer for at verksemda blir utøvd i samsvar med lover,
avtalar, vedtak og rammeverk elles.