Kommunal- og distriktsdepartementet
gjer i proposisjonen framlegg om endringar i Finnmarksloven. Finnmarksloven
gjeld forvalting av grunn og naturressursar i Finnmark og inneber
ei eiga ordning som skil seg frå forvaltinga i dei andre fylka i
landet.
Som følgje av Stortingets
vedtak av 14. juni 2022 (Prop. 113 LS (2021–2022) S-delen, jf. Innst.
452 S (2021–2022)), skal Troms og Finnmark fylke delast frå 1. januar 2024.
Finnmark vert igjen eit eige fylke.
Det går fram av proposisjonen
at i samband med samanslåinga av fylka Troms og Finnmark vedtok
Stortinget lov 20. desember 2019 nr. 108 om endringer i finnmarksloven
(endringer som følge av sammenslåingen av Troms og Finnmark fylker).
Dette var reglar om det geografiske verkeområdet for lova, val av
styremedlemmer til styret til Finnmarkseigedommen og reglar for
utdeling av overskot. Desse endringane var påkravde fordi nemninga
«Finnmark» fekk endra tyding i lova.
Det vert i proposisjonen
vist til at når Finnmark no igjen vert eit eige fylke, må det igjen
gjerast endringar i lova.
Det går fram av proposisjonen
at Sametinget ikkje har ønskt å konsultere om desse endringane,
men at dei viser til standpunktet dei hadde i konsultasjonane om endringane
i Finnmarksloven da fylka vart slegne saman (Prop. 134 L (2018–2019)).
Sametinget ønskjer
sjølv å avgjere måten styre- og varamedlemmer til Finnmarkseigedommen
vert valde på. Derfor ønskjer Sametinget ei endring av Finnmarksloven
§§ 7 og 8. Sametinget meiner at denne løysinga vil vere i samsvar
med sjølvråderetten til samane og den sjølvstendige stillinga til
Sametinget. Sametinget ber om at departementet vurderer ein eigen
prosess for å endre desse føresegnene i Finnmarksloven. Sametinget
meiner det er viktig at departementet følgjer opp denne problemstillinga
i framtida.
Troms og Finnmark
fylkeskommune fekk høve til å komme med innspel til forslaget. Dei
meinte det ikkje var behov for det.
Det vert i proposisjonen
vist til at lovforslaget ikkje har vore på offentleg høyring, jf.
utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd.
Det går fram av proposisjonen
at endringane ikkje vil innebere økonomiske eller administrative
konsekvensar av betydning.
Det vert vist til
proposisjonen for nærare omtale av lovforslaget.