Søk

Sammendrag

Proposisjonen inneheld forslag til nye reglar om tilsynsråd for kriminalomsorga. Departementet foreslår å vidareføre eksternt tilsyn med kriminalomsorga og legg fram forslag til nye reglar for uavhengigheit, oppnemning, mynde og organisering av tilsynsrådet saman med prosessuelle reglar og enkelte materielle rettar og plikter knytte til gjennomføring av tilsyn. Departementet foreslår eit landsomfattande tilsyn med ei blanding av lokalt oppnemnde medlemar og ei leiing. Departementet varslar videre at det vil opprette eit sekretariat for tilsynsrådet. Forskriftsheimel for mellom anna sekretariatet og andre administrative høve er foreslått.

Dei nye reglane er foreslått som eit nytt kapittel 2 A i lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff (straffegjennomføringsloven).

Departementet anslår at den nye tilsynsordninga totalt gir utgifter på om lag 11 mill. kroner per år, som er ein auke på om lag 10 mill. kroner samanlikna med dagens ordning. Det vil også bli utgifter til etablering av sekretariatet på 1,5–2 mill. kroner.

Økonomiske konsekvensar som følgje av dei foreslåtte endringane blir dekte innafor gjeldande budsjettrammer for Justis- og beredskapsdepartementet.