Nærings- og fiskeridepartementet
legg i denne lovproposisjonen fram forslag til endringar i lov 6. juni 2008
nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova),
lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst
(deltakarlova) og lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for
fiskere (fiskarpensjonslova).
Endringane gjeld
administrativ inndraging etter havressurslova § 54 og tilgang på
opplysningar frå Folkeregisteret. Sistnemnde er ei teknisk oppfølging
av folkeregisterlova, lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering.
I tillegg gjeld endringa ei oppheving av fiskarpensjonslova § 4
fjerde ledd.
Dei foreslåtte endringane
som gjeld administrativ inndraging, inneber at det vert teke inn
ein heimel i havressurslova § 54 for departementet til å fastsetje
i forskrift nærmare føresegner om lovbrot som fører til administrativ
inndraging av fangst etter § 54 første ledd første punktum. Lovforslaget
opnar for at departementet kan tydeleggjere i forskrift kva lovbrot
som fører til administrativ inndraging etter havressurslova § 54
første ledd første punktum. I tillegg opnar lovforslaget for at departementet
kan fastsetje i forskrift at enkelte lovbrot som i dag fører til
administrativ inndraging etter § 54 første ledd første punktum,
ikkje lenger skal gjere det.
Lovforslaget som
gjeld havressurslova § 54, har to hovudformål. For det første skal
det gjera situasjonen meir føreseieleg for aktørane, ved at ein
i forskrift kan tydeleggjere kva for lovbrot som medfører administrativ
inndraging. For det andre vil lovforslaget gje forvaltninga større
fleksibilitet i val av reaksjonsform, ved at det blir mogleg å fastsetje
nærmare føresegner i forskrift om når ein skal la vere å bruke administrativ
inndraging i sakstypar der slik inndraging framstår som unødvendig
tyngande.
I tillegg vert havressurslova
og deltakarlova foreslått endra slik at Fiskeridirektoratet får
heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret
utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver
etter lovene, jf. folkeregisterlova 2016 § 10-2. Dei foreslåtte
lovendringane inneber ei vidareføring av rettstilstanden etter lov
16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering.
Fiskeri- og havministeren
har i brev 9. februar 2023 til Stortingets presidentskap oversendt
tilleggsinformasjon om bakgrunnen for den delen av lovforslaget
som gjeld endringar i fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd, ut over
det som står i proposisjonen. Forslag om endringar i fiskarpensjonslova
§ 4 fjerde ledd går verken fram av proposisjonens kap. 7 Merknadar
til dei enkelte føresegnene, eller sjølve lovforslaget på side 14
i proposisjonen. Statsrådens brev er lagd ved innstillinga. Ein
viser til komiteens merknadar og forslag om å oppheve fiskarpensjonslova
§ 4 fjerde ledd nedanfor, og til sjølve lovforslaget i denne innstillinga.
Gjeldande rett er
omtala i kapittel 3 i proposisjonen.