Grunnlovsframlegg 30 (2019–2020)
frå Trygve Slagsvold Vedum, Sigbjørn Gjelsvik og Nils T. Bjørke
gjeld endring i Grunnlova § 75 eller § 120 a om grunnlovfesting
av Noregs Banks representantskap.
Forslagsstillarane
viser til at Noregs Bank vart skipa i 1816 og er ein av dei eldste
sentralbankane i verda. Alt i novembergrunnlova frå 1814 slo § 110
fast at «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen».
Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig pengestell
i personalunionen med Sverige. Ordlyden låg fast heilt fram til
1911. Då vart paragrafen nytta til grunnlovfesting av Statens Reservefond
(fondet vart avvikla i 1925).
Etter initiativ frå
dåverande statssekretær i Finansdepartementet, Morten Søberg, skreiv
professor Eivind Smith hausten 2011 ei grundig statsrettsleg utgreiing
om grunnlovfesting av Noregs Bank. Utgreiinga vart levert til Finansdepartementet
22. desember og seinare vedlagd Dokument 12:29 (2011–2012) om ny
§ 33 i Grunnlova (grunnlovfesting av Noregs Bank). Framlegget om
å grunnlovfesta Noregs Bank i Grunnlova på nytt vart vedteke med
158 mot 8 røyster 24. mai 2016. I 2020 vart paragrafen om Noregs
Bank flytta til § 120 a.
Noregs Bank har heilt
sidan 1816 hatt eit representantskap med 15 medlemer, som er valde
av Stortinget. Unntaket er okkupasjonstida 1940–1945. Skipnaden har
lege fast medan rolla til organet har endra seg i samhøve med endringar
i lov om Noregs Bank.
Ei ny sentralbanklov
vart samrøystes vedteken 12. juni 2019 og tok til å gjelda 1. januar
2020. Noregs Bank skulle framleis ha eit stortingsvalt representantskap.
Lovproposisjonen understreka «[R]epresentantskapets plikt til å
rapportere til Stortinget om tilsynet med banken» (Prop. 97 L (2018–2019)
kap. 1). Representantskapet er såleis både eit organ i Noregs Bank
og ein del av den samla tilsynsfunksjonen til Stortinget.
Paragraf 75 c i Grunnlova
slår fast at «[d]et høyrer Stortinget til å føre oppsyn med pengestellet
i riket». Føresegna har vore den same sidan 1814, medan penge-stellet
har endra seg i samsvar med tida og tilhøva. No utgjer setel og
mynt utferda og prega av Noregs Bank ein stadig mindre del av pengemengda.
Dei fleste pengar er no elektroniske pengar på innskotskonti i bankar
og sparebankar. Sentralbanklova slår fast at Noregs Bank pliktar
å «opprettholde en stabil pengeverdi», same kva type norske pengar
det er tale om.
Eit anna viktig trekk
i utviklinga av verksemda i Norges Bank er den aukande rolla forvaltninga
av Statens pensjonsfond utland har fått etter at det fyrste innskotet
vart gjort i 1996. Fondet vert forvalta under leiing av Kongen og
departementet. Etter vedtak i Stortinget vert underskot på statsbudsjettet
dekte med overføringar frå fondet i samsvar med lov om Statens pensjonsfond.
Forslagsstillarane
meiner at det stortingsvalde representantskapet er ein viktig del
av det samla tilsynet med pengestellet i riket og med verksemda
i Noregs Bank. Vidareføringa av institusjonen sitt representantskap
i den nye sentralbanklova har no gjort det høgst aktuelt å få vedteke
ein grunnlovsparagraf som er dekkjande for dette tilsynet i dag.
Ei grunnlovfesting
vil dessutan stengja for seinare lovendringar eller praksisar som
hindrar at representantskapet kan føra effektivt tilsyn med Noregs
Bank. Dette er særskilt viktig med tanke på at det under førebuingane
til den noverande sentralbanklova vart sett spørjeteikn ved heile
framtida for representantskapet.
Sidan representantskapet
er valt av og fører kontroll på vegner av Stortinget, har representantskapet mykje
sams med dei eksterne kontrollorgana til Stortinget. Av desse kontrollorgana
er det berre Riksrevisjonen som har eksistert like lenge som representantskapet. Riksrevisjonen
og Sivilombodet er grunnlovfesta i § 75 bokstav k og l.
Så langt tilsynsfunksjonen
til representantskapet gjeld forvaltninga av Statens pensjonsfond
utland, inngår tilsynet i Stortingets rådvelde over statseigedomane etter
§ 19 i Grunnlova.
Forslagsstillarane
føreslår at grunnlovfestinga av det stortingsvalde representantskapet
anten skjer i form av eit tillegg til § 75 c om Stortingets kontroll
med pengestellet eller som eit nytt andre ledd i § 120 a om Noregs
Bank.
Forslagsstillarane
legg fram to alternativ til ein oppdatert § 75 c (alternativ 1 og
2) og to alternative forslag til eit nytt andre ledd i § 120 a (alternativ
3 og 4). Innhaldet er det same, spørsmålet er berre kvar det høver
best å synleggjera representantskapet og dei tilsynsfunksjonane
som høyrer med.
Plassering i § 75
c framhevar tilknytinga til Stortingets tilsyn med pengestellet.
Både historisk og aktuelt er dette kjernen i sentralbanken sine
oppgåver.
Plassering i § 120
a framhevar tilknytinga til institusjonen Noregs Bank. Tilsynet
på vegner av Stortinget bør omfatta alle viktige funksjonar som
til kvar tid ligg til banken, utan omsyn til om dei i teknisk forstand
kan reknast inn under omgrepet pengestellet slik det vert forstått
etter § 75 c. I dag er tilsynet med banken si forvaltning av Statens
pensjonsfond utland særskilt viktig.
Begge alternativa
får fram det sentrale, som er at representantskapet skal veljast
av Stortinget for å føra tilsyn med sentralbanken.
Alternativ 1 i framlegget
til oppdatering av § 75 c er henta frå professor Eivind Smiths utgreiing,
datert 22. desember 2011. Det går fram av utgreiinga at framlegget
ikkje inneber noka endring i fullmaktene, rolla eller funksjonen
til Noregs Banks representantskap. Dette er og skal vera regulert
i lov om Noregs Bank.
Forslagsstillarane
fremmer følgjande forslag:
«Alternativ 1:
§ 75 bokstav c
skal lyda:
–
Alternativ 2:
§ 75 bokstav c
skal lyda:
–
Alternativ 3:
§ 120 a nytt andre
ledd skal lyda:
Stortinget velger
et representantskap som skal føre oppsyn med driften av sentralbanken.
–
Stortinget vel eit
representantskap som skal føre oppsyn med drifta av sentralbanken.
Alternativ 4:
§ 120 a nytt andre
ledd skal lyda:
Norges Bank skal
ha et representantskap som er valgt av Stortinget. Representantskapet
fører oppsyn med driften av sentralbanken.
–
Noregs Bank skal
ha eit representantskap som er valt av Stortinget. Representantskapet
fører oppsyn med drifta av sentralbanken.»