Kommunal- og distriktsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag til endringar i statsbudsjettet
for 2022.
Departementet føreslår
endringar i kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga, jf. romartal II,
og kapitla kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 525
Statsforvaltarane, kap. 530 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga,
kap. 533 Eigedomar utanfor husleigeordninga, kap. 2445 Statsbygg,
kap. 5446 Sal av eigedom, Fornebu, kap. 5447 Sal av eigedom utanfor
statens forvaltningsbedrifter, kap. 540 Digitaliseringsdirektoratet,
kap. 546 Personvernnemnda, kap. 3540 Digitaliseringsdirektoratet, kap.
571 Rammetilskot til kommunar, kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar,
kap. 575 Ressurskrevjande tenester, kap. 578 Valdirektoratet, kap.
587 Direktorat for byggkvalitet, kap. 2412 Husbanken, kap. 3587
Direktorat for byggkvalitet, kap. 5312 Husbanken, kap. 5615 Husbanken,
kap. 595 Statens kartverk, kap. 3595 Statens kartverk, kap. 5635
Electronic Chart Centre AS (Ny).
I tillegg blir det
i proposisjonen fremma forslag om overdraging av eigedomen Gråbrødreveien
10F i Ekely burettslag til Stiftelsen Edvard Munchs Atelier og sal
av Sinsenveien 76 til Oslo Universitetssjukehus HF, jf. romartal
III og IV.
Det blir vist til
omtale i proposisjonen av dei nemnde forslaga.
I tillegg blir det
i proposisjonen føreslege endringar i kapitla 505, 507, 3505, 3506,
3507 og 5607 som blir handsama i arbeids- og sosialkomiteen, og
i kap. 541, jf. romartal V, og kapitla 542 og 543 som blir handsama
i transport- og kommunikasjonskomiteen.