Søk

Sammendrag

Justis- og beredskapsdepartementet legg i Prop. 20 S (2022–2023) fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2022. Utanriks- og forsvarskomiteen behandlar i denne innstillinga kap. 480 (Svalbardbudsjettet) og kap. 481 (Samfunnet Jan Mayen) og romertall II.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga på kap. 480 post 50 med 36,9 mill. kroner. Når det gjeld sjølve svalbardbudsjettet, foreslår regjeringa å auke løyvinga på kap. 5 post 1 med 4 mill. kroner og å redusere løyvinga på kap. 7 post 1 med 25 mill. kroner. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga på kap. 18 post 1 med 900 000 kroner.

Prognosen frå Skatteetaten syner ein forventa auke i skatteinntektene på 15 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett. Tilskotet til svalbardbudsjettet (kap. 3030 Skattar og avgifter, post 30) foreslår regjeringa å redusere tilsvarande, som ei parallelljustering.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga på kap. 481 Samfunnet Jan Mayen med 2,1 mill. kroner.