Under programområde
02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å auke løyvingane
med 150 mill. kroner. Auken har i hovudsak samanheng med høgare utgifter
under EØS-finansieringsordningane (kap. 117) i år.
Gebyrinntektene for
Schengen-visum, jf. kap. 3100, aukar i år etter at mange land har
letta på innreiserestriksjonane.
Under programområde
03 Internasjonal bistand blir det gjort framlegg om endringar mellom
anna knytt til justeringar i kontingentane for Noregs pliktige bidrag til
internasjonale organisasjonar. Det blir òg gjort framlegg om å omdisponere
midlar til FNs system med nye, uavhengige stadlege koordinatorar
for å fremje betre samordning av FN på landnivå. Vidare blir det
gjort framlegg om å gje eit mindre tilskot til Verdsbankens fond
for pandemiberedskap og -respons. Flyktningutgiftene i Noreg som
kan godkjennast som internasjonal bistand (ODA), blir foreslått
reduserte med 1 702,9 mill. kroner.